Veranda eller balkong?

No image

No er det snart tid for å hyggje seg på verandaen, balkongen, altanen og terrassen.

I daglegtale brukar vi gjerne ord utan å avgrense dei med definisjonar, slik at tydingane ofte blir flytande. Det gjeld òg dei fire orda altan, balkong, terrasse og veranda, som vi brukar mykje om kvarandre. For dei fleste er det neppe noko klårt skilje mellom typane.

Annleis blir det når vi går til dei fagterminologiske ordbøkene, for i fagspråk nyttar ein klåre definisjonar. I Byggeteknisk fagleksikon av Konrad Middelthon Viestad (Universitetsforlaget, 1980) finn ein desse forklaringane:  

  • Ein veranda er ein open eller overbygd opphaldsplass som tilbygg til eit hus. Taket kan vere understøtta av stolpar, eller verandaen kan vere lukka med store vindauge i veggfelta, såkalla glasveranda. Veranda har vi teke opp i norsk gjennom engelsk frå hindi, som truleg har det frå portugisisk ’rekkverk’, kanskje av latin vara ’stav’. 
      
  • Ein balkong er ein opphaldsplass på ein husfasade, konstruert som eit framspring med golv som framhald av golvet i rommet innafor. Ein fransk balkong er ein liten balkong som det knapt (om i det heile) er plass til å stå på. Balkong har vi gjennom fransk frå italiensk balcone, opphavleg frå gammalhøgtysk balko ’bjelke’. 
         
  • Ein altan (også kalla ein takterrasse) er ein ikkje overbygd opphaldsplass på eit tak over ein bygning eller eit tilbygg. Altanen er forsynt med rekkverk eller balustrade, eit rekkverk laga av balustrar (av gresk balaustion ’blomster av granatepletreet’), som er korte, utboga søyler i eit trappegelender. Altanen kan òg vere understøtta av søyler eller stolpar. Altan kjem frå italiensk, av latin altus ’høg’.
     
  • Ein terrasse er ein planert avsats framfor ein fasade. Frå terrassen er det vanlegvis ein inngang til stova (stoveterrasse) og ei trapp til hagen nedafor. Ein takterrasse er eit opphaldsrom på eit flatt tak. Terrasse kjem frå gammalprovençalsk terrassa, av latin terra ’jord’.

 

Publisert 11. mai 2012

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter