Spion, spionasje, spionere

Det blir skrive mykje om spionasjesaker i media for tida.

Mange assosierer nok spionar med ei nær fortid, med den kalde krigen og forholdet mellom Nato og Warszawapakta, da slike folk ofte vart skildra i bøker og på film. Men dei tre orda er mykje eldre i språket.

Spionar er som kjent folk oppdragsgjevarar nyttar til å skaffe fram opplysningar i løyndom eller under falske påskot. Det dreier seg oftast om det politiske og militære forholdet mellom statar, men òg om teknologi og industri (jamfør ordet industrispionasje).

Ordet spion er kome inn i språket frå fransk via tysk, men opphavleg er det eit italiensk lånord frå eit germansk språk og er i slekt med både speide og spå. Det er kjent i Norden sidan 1600-talet, da den politiske situasjonen sjølvsagt var ein heilt annan enn no. Og da Karl Johan  i åra etter 1814 ville styrkje makta si i Noreg, hadde han spionar ute som rapporterte om misnøye og uro direkte til han og ikkje til Stortinget.

Orda spionasje og spionere stammar òg frå fransk. Om det vitnar både endingane (-asje og -ere) og uttalen med trykk på den nest siste stavinga, som er vanleg i ord vi har fått frå fransk og andre romanske språk.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:01.10.2010 | Oppdatert:11.01.2023