Sommar-OL

Dei 30. olympiske sommarleikane i London varer frå 27. juli til 12. august og er ei moderne tevling med gammalt namn.

Forkortinga OL står for olympiske leikar. Olympiade er i dag ei anna nemning for olympiske leikar.

I det gamle Hellas var ein olympiade eit tidsrom på fire år mellom kvar gong det var olympiske leikar. Der vart leikane haldne i området Olympia på Peloponnes.

Utover 1800-talet var det stor interesse for dei gamle tevlingane, og det vart arrangert fleire olympiadar i Europa. Namnet har vorte allemannseige etter at Den internasjonale olympiske komitéen vart skipa i 1890. OL vart ein fast tradisjon i 1896.

Vi skriv sommar-OL med liten forbokstav slik vi òg skriv europameisterskap og liknande med liten forbokstav. Om vi tek med årstalet, fortel vi at det gjeld eit bestemt OL: sommar-OL 2012. 

 

Publisert 6. august 2012 (oppdatert 11. juli 2016)

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:03.08.2012 | Oppdatert:04.08.2021