Pris, premie og ved(er)løn

Nobels fredspris er ein av dei mest kjende prisane i verda, men det finst òg mangt anna prisverdig. For nokre veker sidan delte Språkrådet ut Språkprisen, og tidlegare i år var vi med på å dele ut Klarspråksprisen

Pris er eit gammalt lånord i norsk, som vi har fått gjennom lågtysk frå gammalfransk pris (nyfransk prix). Fransk er eit romansk språk, og opphavet til ordet finn vi i det latinske pretius, som tyder ’verde, verdi, påskjøning, løn’. På norsk brukar vi det både om ’det noko kostar’ og om ’påskjøning’. 

Pris kan dessutan tyde ’premie’, som vi òg har frå latin. Praemium kjem av prae- ‘før’ og emere som opphavleg tyder ’ta’. Dei første premiane var rett og slett ’rov, fangst, byte’. Det er ein nyanseskilnad mellom pris og premie i norsk. Premiar vankar helst etter tevlingar, mens prisane oftast er påskjøningar for godt utført arbeid. 

Det tredje ordet vi har teke  med i overskrifta, finn vi verken i norske ordbøker eller i andre. Men når vi kjem til den iberiske halvøya, finn vi galardón som synonym til premio på spansk, og liknande på katalansk, portugisisk og galisisk (og på baskisk). Mens vi har lånt pris og premie  frå romansk, har desse fire romanske språka lånt galardón frå germansk wĭthralaun (som ville ha heitt vedløn eller vederløn i moderne norsk).  

Germansk og romansk har altså gjort ein bytehandel med premie-lånord! 

PS: Somme legg prisar under leppa, men denne typen pris er frå fransk prise, som tyder ’grep, tak, klype’. 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:09.12.2009 | Oppdatert:20.12.2022