Politiske dyr

Mennesket er eit politisk dyr (zoon politikon), sa Aristoteles, og med det meinte han at mennesket av natur er eit samfunnsvesen. På norsk har dette uttrykket dei siste tiåra òg fått ei anna tyding, noko slikt som ’ei(n) som lever og andar for politikk’.

Om ein får slike trekk alt i unge år, har ein sidan 80-åra måtta tola å bli kalla ein (politisk) broiler, altså ei(n) som har kome raskt til store oppgåver. (Broilerkyllingen sjølv meiner nok denne samanlikninga ikkje er heilt rettferdig, sidan hans liv jamt tek ei brå vending.)

Vi veit ikkje heilt kva tid politikarane begynte å svelgja kamelar i tydinga ’godta noko som ein eigentleg er imot’, men av norske avisarkiv kan det sjå ut til at dette tok til å stå på menyen alt i 60-åra. Uttrykket er likevel mykje eldre enn det; vi har det frå ein ironisk Jesus som i sine verop over farisearar og skriftlærde seier det slik i evangeliet etter Matteus (kapittel 23, vers 24): «Blinde rettleiarar! De siler av myggen, men svelgjer kamelen.» Poenget til Jesus er altså at farisearane og dei skriftlærde er så opptekne av småting at dei overser større farar. Dette uttrykket blei òg lenge bruka med nett den same ironiske tydinga i norsk politisk retorikk og i media, men på eit tidspunkt (truleg etter andre verdskrigen) har ironien forsvunne. No er uttrykket heller ei overdriving for noko ubehageleg; det må unekteleg vera plagsamt å svelgja eit digert dyr med både klauver og puklar.

Sidan kamelen tok vegen ned halsen, har plassen blitt ledig for andre eksotiske dyr som kan vera bilde på noko stort ein ikkje bør oversjå. Og inn kom sjølvaste elefanten! Elefanten i rommet har frå rundt tusenårsskiftet av blitt bruka om ei stor sak, helst eit problem, som alle kan sjå, men ingen vil snakka om. Uttrykket har kome til norsk frå engelsk.

Med både kamelar og elefantar i den politiske manesjen har det kanskje blitt mindre plass til meir heimlege dyr, men det er framleis rom for politiske hestehandlar. Og kva seier den politiske ringreven?

 

Publisert 27. september 2013

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:27.09.2013 | Oppdatert:04.08.2021