Onn

No image

Mange stader i landet har det vore skurdonn, altså kornskjering og kornberging. Arbeidet med kornskurden blir i våre dagar gjerne gjort av éin person og ein maskin (ein skurdtreskjar), men ordet for arbeidet er det same som før.

Skurdonn og skuronn er valfrie skrivemåtar. D-en er stum, nett som i t.d. fjord (bortsett frå i austnorske målføre, der rd blir uttalt som tjukk l). Det er òg vanleg å kalla skurdonna skur(d)en, slik ein mange stader kallar slåttonna slåtten.

Norsk Ordbok (2009) forklarer onn som

  1. a hast, skunding, annsemd b arbeidsvilje, iver; uthaldsevne, trott
  2. (ekstra travel tidbolk med) stort årvisst målretta arbeid for fleire personar og med faste  rutinar, tradisjonar

I det gamle bondesamfunnet var året prega av onner, særleg sommarhalvåret. Mange arbeidsfolk var sysselsette med våronn, slåttonn, høyonn, plogonn, osv. Men òg vinteren hadde sine onner. Juleførebuinga, til dømes, var ei onn i vid tyding – men ikkje i namnet.

Onn kan opphavleg vera eit ord for haust og innhausting, som det tyske Ernte. På russisk er osen (oсень) ordet for årstida ’haust’. Ein annan og litt fjernare slektning av ordet onn er engelsk to earn ‘tene’. Onn har elles vore sett i samband med ord som ann, annsam og annsemd (travelheit), men kva slags kopling det er mellom orda, er uvisst.

Synonymt med onn (men merkeleg nok ikkje i slekt med det) er substantivet vinne, som vi finn att i til dømes vårvinne og høyvinne (= våronn og høyonn). Skiljet mellom subsantiva onn og vinne er i stor grad dialektalt. Verbet vinna har særs mange tydingar, for det har vore nesten synonymt med å gjera. Men tydinga ‘å arbeida’ (nummer 4 i ordboka her) har kome i bakgrunnen med tida. På Island er arbeidstydinga framleis den vanlege. Vi finn eit anna spor etter denne tydinga i substantivet jernvinne.

 

Sist endra 20. september 2019

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:14.09.2012 | Oppdatert:04.08.2021