Medaljens innside

Er gullmedaljane i OL eigentleg verd vekta si i gull?

Nei, det er dei faktisk ikkje lenger, i alle fall ikkje i idrettsverda, for der er gullmedaljane laga av langt meir sølv enn gull. Vinnarmedaljane i OL bestod av reint gull fram til 1912. Sidan har dei blitt laga av forgylt eller gullbelagt sølv.

 Gullmedalje frå Vinter-OL 2014 i Sotsji, Russland

I Sotsji-OL blir utøvarane dermed lova gull og grøne skogar, for dei 531 gram tunge gullmedaljane inneheld ikkje meir enn seks gram reint gull. Men dei er da gode som gull for det.

Også i språket er det gullkorn å spore. Det norrøne ordet gull har samanheng med fargen gul og tyder eigentleg ’gult metall’. Medalje kan òg ha samanheng med metall, jf. latin metallum og gresk metallon.

Ei meir sannsynleg forklaring er at medalje er avleidd av klassisk latin medius, som tyder ’halv’, og mellomalderlatin medalia, som tyder ’halvt mål’. Det har vidare samanheng med fransk médaille og italiensk medaglia, som opphavleg var ein mynt verd ein halv denar.

Det er med andre ord ikkje gull alt som glimrar.

 

Publisert: 10. februar 2014

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:10.02.2014 | Oppdatert:04.08.2021