Lyn

Har nokon sett eit olja lyn?

Lyn er eit naturfenomen vi mest kjenner frå sommarmånadene. Ordet blir ofte brukt i samanlikningar med som på grunn av den utruleg store farten eit lyn har: som eit lyn, som lynet, også som eit olja lyn. No er det ikkje fysisk mogleg å olje eller smørje eit lyn, så olja lyn finst nok berre i fantasien.

Lyn viser seg som kjent som eit kraftig lysglimt eller ei sikksakkforma eldlinje på himmelen. I fysikken blir det forklart at det kjem av ei elektrisk utlading mellom to skyer eller mellom skyer og jordoverflata.

Eit ord som tidlegare var mykje brukt for lyn, er lyneld (bokmål lynild), og eit anna ord i dialektane er elding. I islandsk har dei faktisk forma elding. Dansk har òg lyn, mens i svensk er blixt det vanlege ordet.

Lyn utløyser toreskrell, og lyn og tore (bokmål: lyn og torden) høyrer tett saman både i naturen og i språkbruken. Dersom lynet er langt borte frå oss, høyrer vi tora berre svakt eller ikkje i det heile. Då registrerer vi berre lysglimt, kanskje med litt buldring i det fjerne. Dette fenomenet heiter kornmo, med andre ord verblink, verglimt og verbrest.

Lyn har ordhistorisk ein fjern samanheng med lys og loge (Harald Bjorvand og Fredrik Otto Lindeman: Våre arveord. Etymologisk ordbok).

 

Publisert 10. juni 2013

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:10.07.2013 | Oppdatert:04.08.2021