Gittercelle

Nobelprisen går til oppdaginga av gittercella. Kvifor har cella fått dette namnet?

På onsdag vert nobelprisen i fysiologi og medisin delt ut i Stockholm. May-Britt og Edvard Moser har oppdaga ein type nervecelle i hjernen som gjev oss orienteringssansen. Desse gittercellene er ein slags indre GPS i hovudet vårt.

Moser-ekteparet har gjennom mange eksperiment registrert hjerneaktiviteten til rotter i bur. Dei oppdaga nokre nerveceller som var aktive når rotta var på bestemte punkt i buret. Dei aktiverte nervecellene danna eit heksagonalt mønster. Rottene laga altså eit mentalt kart i form av eit gitter.

Danskane nyttar også gittercelle, medan ein på svensk  kallar dei for rutnätcelle, og det gjev jo også meining. Ordet gittercelle er òg brukt frå før i fag som krystallografi.

Andre celletypar som er med på å danne navigasjonssystemet i hjernen, er stadcelle, hovudretningscelle, fartscelle og kantcelle.

Du kan lese meir om gittercella og dei andre på Store norske leksikon og på forskning.no.

 

Publisert 5. desember 2014

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:05.12.2014 | Oppdatert:04.08.2021