Fuck

Fuck stod det nyleg over heile framsida på A-magasinet. Det handla om den usømelege språkbruken til norske politikarar i dag.

No er ikkje bannskap noko nytt i Noreg, men banninga endrar seg. Hinmannen er litt ute for tida, medan fucking er på full fart inn frå USA, som elles i verda. Med dette omgrepet blir sex og skade gjort til to sider av same sak.

Dei aggressive overtonane er nye hjå oss, men sjølve ordet fuck har vi på sett og vis frå før av. Det kan jamvel henda at nordbuar ein gong i tida har eksportert det til dei britiske øyane, vonleg i ein fredeleg periode. Verbet står i Ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet, den rikaste trykte kjelda til fortrengde ord i norsk. Ein politikar slepp nok lettare unna med fuck enn med mange av dei nøytrale orda der.

Å fukka (gjerne uttalt med o) har vore nytta i store delar av det søre Sør-Noreg (Sunnhordland, Hardanger og Telemark, Rogaland, Vest-Agder og Vestfold). Beltet strekkjer seg inn i svenske målføre og i vest til Færøyane og Shetland. Det viser fyrst og fremst til paringsrørsler hjå hanndyret, slik fubba og jukka gjer. I Sunnhordland har det jamvel gjeve opphav til ei anatomisk nemning: fukkeleden (hofteleddet). Ordet har òg vore nytta om kinning, om sjølve stampinga med tverelen i kinna – ein god, gamal pornografisk parallell til paringsrørslene.

Noko direkte negativt ligg ikkje i dette ordet. Tvert om: På Voss har dei hatt vendinga no skal du sjå det fukkar seg! Det vil seia ’ordnar seg, lagar seg, går seg til’. Men å fukka i seg mat (Agder) er sjølvsagt ikkje heilt bra.

 

Publisert 21. mai 2013

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:21.05.2013 | Oppdatert:04.08.2021