Bokmål

6. januar 2012 var det 200 år sidan språkpioneren Knud Knudsen vart fødd. Han blir rekna som far til bokmålet. Kva er eigentleg forhistoria til dette ordet?

Namnet bokmål har ei ganske lang forhistorie. Etter 1814 vart dansk skriftspråk brukt i Noreg. I starten vart det kalla Modersmaalet og noko seinare det almindelige Bogsprog. Også Bogmaal vart tidleg brukt, men først om skriftspråk, litteraturspråk generelt, altså «språk brukt i bøker». I 1885 vart landsmål (nynorsk) offisielt jamstilt med det som i stortingsvedtaket vart kalla vort almindelige Skrift- og Bogsprog. Landsskulelova av 1889 brukte nemninga det almindelige Bogmaal. Frå slutten av 1800-talet kom Riksmål i bruk. I 1929 vart nemningane på dei to offisielle målformene riksmål og landsmål endra til bokmål og nynorsk.

Knud Knudsen la fram mange forslag til norske ord i den store ordboka Unorsk og norsk eller fremmedords avløsning. Ordskifte – for debat og diskussion – er det forslaget hans som har halde seg best.

Les meir om bokmål og Knud Knudsen her:

 

Publisert 13. januar 2012

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:13.01.2012 | Oppdatert:04.08.2021