Abdikasjon

I 2013 har to framståande personar i vår verdsdel abdisert, dronning Beatrix av Nederland og pave Benedikt 16. Tradisjonelt er det fyrstar som abdiserer.

Abdisere kjem av det latinske verbet abdicare av ab ‘frå’ og dicare ‘gjere kjent, tileigne, (inn)vie’. Den som abdiserer, seier frå seg krona, regjeringsmakta e.l. Ordet abdisere har vore brukt om kongar, regjerande dronningar, keisarar o.a. Det er brukt også om det at paven no har kunngjort at han går av. Den katolske kyrkja i Noreg har brukt nettopp ordet abdisere i tilknyting til kunngjeringa frå pave Benedikt.

Men ordet har òg fått ein vidare bruk, om å ‘gå av frå andre posisjonar eller verv’: I seinare år har både popkongar og idrettskongar og mange andre òg abdisert. Ordet har dessutan fått ein nyanse som å ‘la vere å ta ansvar’, som når parti eller statsrådar abdiserer i politiske spørsmål, eller blir skulda for å gjere det.

 

Publisert 18. februar 2013

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:18.02.2013 | Oppdatert:04.08.2021