Språk på saklista i vest

No image

I fleire fylkeskommunar står språk på dagsordenen. Fylkestinget i Møre og Romsdal held på nynorsk som administrasjonsspråk og skal leggje meir vekt på språkarbeid i kjølvatnet av fylkestingsdebatten. Raudt Hordaland vil styrkje nynorsken i fylket og har god tru på å få fylkespolitikarane med på laget.

AV ASTRID MARIE GROV

Medan staten er bunden av faste reglar for fordelinga av bokmål og nynorsk, avgjer kommunar og fylkeskommunar sjølve kva språkreglar som skal gjelde for dei. Tidlegare i år gjorde ein av fylkestingspolitikarane i Møre og Romsdal framlegg om å gå over frå nynorsk administrasjonsspråk til nøytralt. Framlegget vart grunngjeve med at mange av dei tilsette i fylkeskommunen har bokmålsbakgrunn, og derfor ville arbeidet bli meir effektivt om språkvedtaket vart gjort om.

Lang tradisjon

Etter ei jamn avrøysting i fylkestinget gjekk fylkeskommunen i vår inn for å halde på nynorsk, i tråd med innstillinga frå fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik. Han seier tradisjonen vart avgjerande.

– For meg er det historiske argumentet svært viktig. Møre og Romsdal fylkeskommune har ein lang nynorsktradisjon, samtidig som målforma er viktig for mange institusjonar og menneske i fylket. Eg meiner det skal sterke grunnar til for å bryte med ein lang tradisjon, og for meg var ikkje grunnane i dette tilfellet sterke nok. Eg trur nok òg at nynorsken med tida hadde blitt svekt i fylket dersom administrasjonsspråket hadde blitt nøytralt.

Guttelvik er nøgd med debatten i fylkestinget og gjev honnør til representantane.

– Det var ein god og sakleg debatt med stort engasjement. For dei som ønskte å gå over til nøytralt administrasjonsspråk, stod fridomen til dei fylkeskommunalt tilsette sentralt. For motparten var omsynet til historia og tradisjonen som nynorskfylke ein samnemnar, altså dei same faktorane som til slutt vart avgjerande i innstillinga mi.

Fylkesrådmannen seier samtidig at han forstår argumenta til dei som ønskte eit språkskifte.

– Det er sjølvsagt rett at det inneber ein kostnad for fylkeskommunen vår å ha nynorsk som administrasjonsspråk. Mange tilsette med bokmålsbakgrunn synest det er vanskeleg å skrive nynorsk, så det krev både tid og ressursar av oss. Men etter ei totalvurdering kom eg altså til at andre argument vog tyngre. Fylkeskommunen er ein sentral kulturpolitisk aktør. Å gå inn for nynorsk var for meg å imøtekome dei innbyggjarane i Møre og Romsdal som nynorsken er viktig for. Det har kome få reaksjonar i ettertid, så eg trur folk flest har eit temmeleg avslappa forhold til resultatet.

Kva vil fylkeskommunen no gjere for å ta ønsket om ein enklare språkleg kvardag på alvor?

– Vi arrangerer allereie jamlege nynorskkurs, så eg meiner vi har eit ganske godt tilbod for å hjelpe dei tilsette med å skrive nynorsk. Som eit resultat av debatten kjem vi òg til å drive meir med generelt språkarbeid for å betre tekstane våre, og informasjonsavdelinga vår er allereie i gang med ei satsing på klarspråk.

Nynorsk vind i Hordaland

Hordaland fylkeskommune er ein av to andre fylkeskommunar som har vedteke nynorsk som administrasjonsspråk. Akkurat som i Møre og Romsdal brukar mange av innbyggjarane i fylket bokmål. Terje Kollbotn, fylkestingspolitikar for Raudt, fortel at han likevel ikkje har registrert nokon debatt om administrasjonsspråket i fylkeskommunen.

– Dette har ikkje vore noko tema hjå oss. Tvert om oppfattar eg at det er stor interesse for å styrkje stillinga til nynorsken blant fylkespolitikarane.

Kollbotn peikar på den varsla endringa av fylkesstrukturen som ein faktor som har skapt vind i nynorsksegla hjå politikarane i Hordaland.

– Dersom fylkeskommunane skulle forsvinne, slik regjeringa ønskjer, og ein eigen vestlandsregion blir etablert, må vi utnytte dei faktorane som gjer at vi skil oss ut. Og nynorsken er utvilsamt noko som særpregar Vestlandet. Samtidig er han under press på fleire område i fylket vårt, særleg som opplæringsmål i skulen. Eg oppfattar difor at politikarar frå fleire parti og med ulik språkbakgrunn ser behovet for å løfte fram nynorsken akkurat no.

Føre var

Fylkestingspolitikaren kjem til å fremje eit framlegg i fylkestinget i haust der han ber fylkesrådmannen utarbeide ein handlingsplan for å styrkje nynorsken på fleire arenaer i Hordaland. Han har god tru på å få fleirtal.

– Framlegget gjeld ikkje berre skulen, men òg næringslivet og forvaltninga. Etter mitt syn er dei utfordringane som har kome opp i Møre og Romsdal, nettopp eit argument for å styrkje posisjonen til nynorsken i fylket vårt. Dersom vi ikkje tek nokre grep no, er det ikkje utenkjeleg at den same debatten kjem opp her i Hordaland. Ved å styrkje nynorsk som målform bidreg vi jo til at framtidige tilsette i fylkeskommunen er i stand til å skrive både nynorsk og bokmål. Og dersom vi skal løfte nynorsken, er det viktig at institusjonar og organisasjonar går føre som gode eksempel, blant dei Hordaland fylkeskommune, meiner Terje Kollbotn.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.09.2016 | Oppdatert:22.03.2022