Språkleg førstehjelp

Skal det vere store eller små bokstavar? Enn bindestrek? Desse spørsmåla er blant dei statsskribentar oftast lurer på. Her er nokre generelle reglar illustrerte med døme frå helsesektoren.

Store eller små bokstavar?

Namn på sjukdommar og virus blir gjennomgåande behandla som samnamn og skal til vanleg skrivast med liten forbokstav: kusma, influensa, ebolavirus, zikavirus.

Vitskaplege slektsnamn på t.d. bakteriar og bakterieslekter er gjerne frå nylatin og blir i utgangspunktet skrivne med stor forbokstav: Salmonella, Legionella og Listeria. Men når slike namn er vanlege i norsk allmennspråk, skriv vi dei som andre norske ord, det vil seie med liten forbokstav, t.d. «bli smitta av salmonella».

Namn avleidde av personnamn

Dei fleste namn med personnamn som forledd (såkalla eponym) kan skrivast på ein av desse tre måtane:

  1. stor forbokstav og bindestrek
    To døme er Aschoff-knutar og Mantoux-prøve. Legg merke til at ein oftast knyter saman to personnamn med bindestrek: Epstein-Barr-virus.
  2. liten forbokstav i godt innarbeidde namn
    Dette gjeld eponym som er blitt vanlege: røntgenbilde, pirquetprøve, mantouxprøve.
  3. genitiv
    Står første ordet i genitiv, skal det ha stor forbokstav: Alzheimers sjukdom, Tourettes syndrom.
    Etter namn som sluttar på -s, -x, eller -z, markerer vi genitiven med apostrof, anten siste bokstaven føre apostrofen blir uttalt s eller ikkje: Dubowitz’ syndrom, Mantoux’ prøve, Bence Jones' protein.
    Kortformer som alzheimer(s) og tourette(s) er å rekne som vanlege ord, så vi skriv dei med liten forbokstav.

Initialord

Somme initialord (forbokstavord) blir skrivne med berre store bokstavar. Dette er ord der ein uttaler kvar bokstav for seg, til dømes CT, MR.

Dersom initialordet blir uttalt som eit vanleg ord, kan det valfritt skrivast med berre stor forbokstav eller med berre store bokstavar: Helfo/HELFO, Difi/DIFI. Somme statsorgan har valt det eine eller det andre i interne språkprofilar. Helseøkonomiforvaltinga har valt HELFO, medan Direktoratet for forvaltning og IKT har valt Difi.

Forkortingar og initialord gir ofte namn til sjukdommar og virus. HIV for det menneskelege immunsviktviruset vart først skrive med store bokstavar i norsk. Då forkortinga var blitt vanleg, vart skrivemåten endra til hiv med små bokstavar. Denne overgangen markerer at forkortinga kan reknast som eit ordinært ord i norsk. Same tankegangen gjeld ei rekkje andre sjukdomsnemningar, både norske og fornorska. Språkrådet tilrår difor skrivemåten mers, sars og kols.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:13.06.2016 | Oppdatert:22.03.2022