Samnorsk – språket som aldri vart

– Det hadde vore ein fordel med berre éin måte å skrive norsk på, seier Arne Torp i Landslaget for språklig samling. Han meiner samnorsken fekk ein pangstart med 1917-reforma, men vart knekt av eit nasjonalt stemningsskifte etter krigen.

AV ASTRID MARIE GROV

Rettskrivingsreforma i 1917 sette for alvor i gang prosjektet som kom til å prege den norske språkpolitikken i store delar av 1900-talet: tilnærminga mellom dei to norske målformene, som på sikt skulle gjere dei til eitt språk.

– Eit godt kompromiss

Arne Torp er pensjonert professor i nordisk språkvitskap og nestleiar i Landslaget for språklig samling. Gjennom heile karrieren har han vore tiltrekt av samnorsktanken.

Arne Torp | Foto: Alf Øksdal / UiO

– Det kunne nok spart oss for ein del unødvendig krangel å ha berre éin måte å skrive norsk på. Slik sett meiner eg samnorsk, basert på talemålet til folk, er ein god idé.

Og ei tid låg mykje til rette for eit fellesnorsk skriftspråk her i landet. Torp peikar ut Knud Knudsen som den som fyrst formulerte samnorsktanken i skrift, alt i 1850. I ei tid der mange var samde om at Noreg trong eit eige skriftspråk, var det ulike meiningar om korleis det norske og det danske skulle balanserast. Mange tenkte at det var ein god idé å møtast på midten, og Torp meiner tilnærminga som kom med 1917-reforma, hadde lege i korta ei stund.

– Pussig nok var det mange i riksmålsrørsla som var positive til samnorsk, og generelt var det stemning for å ta opp fornorska former i riksmålet. No fanst det også dei som var svært kritiske, blant dei Knut Hamsun, men dei fekk ikkje så mykje støtte.

Østlandsk reisning

Organisasjonen Østlandsk reisning var ein viktig pådrivar for 1917-reforma.Målet deira var å gje talemåla på Austlandet større plass i rettskrivinga, og Torp meiner det kan kallast ein samnorskorganisasjon.

– Organisasjonen hadde stor oppslutning frå fleire kantar, mellom anna frå Fridtjof Nansen. Han viste interesse for ei folkeleggjering av riksmålet gjennom nemningar som «Polhøgda», som han kalla heimen sin, og polarskuta «Fram».

– Ei vellukka reform

Arne Torp nøler ikkje med å kalle 1917-reforma for ein suksess.

– Eg meiner det var ei veldig vellukka rettskrivingsreform, særleg for forandringane som vart gjort obligatoriske. Dei har sigra og lever den dag i dag, både på riksmåls- og landsmålssida. Døme er fjell for fjeld i riksmål og brei for breid på landsmål. Men dei mest radikale forandringane vart gjorde valfrie, og for dei er saka ei anna. Eit døme er bru for bro på riksmålssida. Dei fekk ein ikkje med seg store delar av folket på. Då ein i 1938 skulle ta samnorskprosjektet eit steg lenger ved å gjere mange av dei valfrie forandringane obligatoriske, gjekk ikkje det så bra.

– Etter krigen var riksmålet norsk nok

Torp meiner det hovudsakleg var mobilisering på riksmålssida og manglande støtte frå arbeidarrørsla som knekte samnorsken. «Foreldreaksjonen mot samnorsk», starta i 1951, gjekk til kamp mot tilnærmingspolitikken og samla inn nesten 400 000 underskrifter.

– Det var ei mobilisering me knapt har sett maken til her i landet. Forfattaren Arnulf Øverland, som var ein av dei som kjempa i front, var ein framifrå demagog og gjorde mykje for å latterleggjere samnorskprosjektet. Han uttala mellom anna at «Bokmål er ikke noget sprog, men en chikane».

Torp meiner også at aksjonane oppstod i ei tid då fornorskingsklimaet stod svakt.

– Den nasjonale argumentasjonen missa krafta si etter krigen. Dei storpolitiske hendingane overskygga språkstriden totalt, og motstandsheltane frå krigen hadde jamt over brukt riksmål. Slik vart argumentet om at riksmålet ikkje var norsk nok, ikkje gyldig lenger. Det bidrog til at Arbeidarpartiet, som frå mellomkrigstida hadde rekna kampen for samnorsk som ein klassekamp, frå 1960-talet ikkje støtta prosjektet meir. Då var samnorskprosjektet i realiteten avslutta.

Kjempar for endringar i bokmålet

Landslaget for språklig samling har òg gjeve opp tanken om eit fellesnorsk skriftspråk. No er målsetjinga helst å få fleire folkelege former i vanleg bruk i bokmålet.

– Me vil fyrst og fremst erstatte ein del av dei tradisjonelle riksmålsformene med former som står sterkt i store delar av norsk talemål. Då tenkjer eg særleg på såkalla a-former, ikkje minst i svake verb, som er fullt lovlege i bokmålet, men altfor lite brukte. Kvart år deler me mellom anna ut ein pris til forfattarar som brukar radikalt bokmål for å fremje den saka. Men for samnorsken er nok slaget tapt, det må me innsjå.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter