Med halsen fri

No image

Ho kjempar for at røystene som har måtta teia, skal verta høyrde. Og ho synest du skal verta betre kjend med Vastji og Abisjag. Kari Veiteberg er ny biskop i Oslo.

TEKST: LARS IVAR NORDAL | FOTO: SIGNE FUGLESTEG LUKSENGARD

– Det er ikkje eit heilt vanleg val når ein skal finna ny biskop. Det er bispedømmerådet som set seg ned og kjem med framlegg til namn, og så ringjer dei rundt. Etter at eg tok doktorgraden i 2006, har eg vorte oppringd ved dei fleste bispevala. Og denne gongen takka eg ja til å verta kandidat. Det gjorde eg fordi eg veit at eg er kvalifisert og skikka, og fordi eg trur eg kan gjera ein god jobb. Og så vart det meg.

Kari Veiteberg snakkar til deg i augehøgd. Ho ikjøtar den nye folkekyrkja: kvinne, radikal, tilhengjar av likekjønna ekteskap. Kyrkja skal vera ein stad der folk ikkje må krypa ut att etter å ha høyrt Guds ord, som ho sjølv seier.

– Kyrkja er her for å gjera menneskelivet leveleg. Ho skal vera eit rom som tek deg imot, både i glede og sorg.

Stor takhøgd er ho van med frå arbeidet som prest i Kirkens bymisjon. I den jobben møter ho fattige tilreisande, innvandrarkvinner og prostituerte. Blant andre.

– Kvar fredag møtest dei som ønskjer det, på kroa i Tøyenkyrkja for å lesa bibeltekstar saman. Me samlast rundt eit bord og les eitt og eitt vers høgt for kvarandre, før me er stille i eitt minutt. Så prøver me å skjøna kva som står der. Ikkje «liker eg det eller ikkje», men «kva dreier dette seg om». Då oppdagar me fascinerande ting saman. Ei slik langsam lesing av Bibelen er svært verdfull for meg.

Kvifor det?

– Eg møter få som er likesæle til den boka. Veldig mange har fått henne formidla gjennom andre, nokre har fått sår frå henne, andre har høyrt ting frå henne som ikkje har sett fri. Mange veit ikkje kor mangfaldig ho er. Så me prøver å opna Bibelen på nytt og gå inn i forteljinga med eit ope sinn. Då oppdagar me ofte heilt nye ting.

Kvinnene fram i lyset

Etter kvart har Veiteberg fått mykje røynsle i å oppdaga bibeltekstane på nytt. På nittitalet bad Samlaget henne om å skriva ei bok om kvinner i Bibelen. Det opna augo hennar for historier som var ukjende for henne.

– Det eg hadde høyrt på søndagsskulen, viste seg å vera berre éin del av forteljinga. Ta til dømes Maria Magdalena. Ho vert ofte framstilt som hore, med Maria, Jesu mor, i hin enden av skalaen. Men det var ingen som hadde sagt til meg at Maria Magdalena var den Jesus bad om å gå ut og forkynna. Ho var faktisk den aller første presten. Så eg skjøna at eg berre kjende ein liten flik av historia om desse kvinnene. Andre kvinner hadde eg ikkje høyrt om i det heile, slike som Vastji. Ho er den kulaste dama i Esters bok, skjøner du! Eller kva med Abisjag? Det er jo slik at dei fleste av oss som lever i dag, ikkje vil verta sette i bås. Det gjeld også kvinnene i Bibelen. Også dei fortener å verta presenterte som fullblods menneske.

– Noko anna som har vorte teia om, er dei mange historiene om vald og overgrep i Bibelen. Heller ikkje dei høyrde eg noko særleg om i oppveksten. I arbeidet mitt som prest har eg lært at det å lata som om slike forteljingar ikkje finst, gjer vondt verre for dei som er råka av vald. Eg har møtt mange menneske som har sagt at det dei las om i Bibelen, det eit menneske i Bibelen erfarte, det har dei òg erfart. For meg er Bibelen ei slik erfaringsbok. Og når me les om vald mot kvinner der, går me inn med eit medvit om at dette finst, men at det aldri må skje igjen.

Kjønn og kristendom

Dei bibelske kvinnene fortener altså meir merksemd, ifølgje Veiteberg. Men kvifor er det eigentleg så mykje snakk om kjønn i Bibelen?

– Eg trur mannlege ord som Faderen, Sonen og Herren står sterkt fordi det er herrane som har forvalta teksten. I tillegg vart bønespråket i liturgien og mange av salmane våre skrivne då monarkiet stod sterkt i Vesten. Difor var kongemetaforikken viktig. Men etter at prestestudiet vart opna for kvinner, og etter at me oppdaga at barn har eit menneskeverd i seg sjølv, har me nok oppdaga parallelle forteljingar og bilete som ikkje har vore like godt kjende. Så det er eigentleg ikkje noko nytt når nokon seier at Gud kan vera like mykje kvinne som mann.

Men går ein i kyrkja, er det like fullt mykje prat om Faderen, Sonen og Herren.

– Ja. Men det ikkje vera slik. Somme formuleringar har me vorte samde om på tvers av dei store verdskyrkjene, så dei står fast. Men i andre gudetiltalar er det viktig for meg at me formidlar eit gudsbilete som også dei i kyrkjebenken kan kjenna seg att i. Når det er sagt, kan det vera like klamt for meg å verta samanlikna med ei mor som med ein far. Det viktige for meg er at både gutar og jenter oppdagar at dei er skapte i Guds bilete. Når kyrkja berre snakkar om herre og far, formidlar ho Gud på ein skeiv og ubalansert måte.

Når kyrkja berre snakkar om herre og far, formidlar ho Gud på ein skeiv og ubalansert måte.

Språket må følgja med

Kari Veiteberg er ikkje framand for å stilla spørsmål ved gamle vanar og stivna tradisjonar i kyrkja. Det gjeld òg for bibelspråket.

– Somme kristne seier at Bibelen må vera på det språket Jesus snakka, og med det meiner dei 1933-omsetjinga til norsk, humrar Veiteberg. – Eg meiner det er viktig at me som fagfolk heile tida held oss oppdaterte. Dei eldre bibelutgåvene var omsette frå latin. I dag held ikkje dette, ein må omsetja frå originalspråket, som er hebraisk og gresk. Dessutan har det skjedd mykje i bibelforskinga det siste hundreåret, ein har funne stadig nye skriftrullar, slik som daudehavsrullane. Det påverkar bibelomsetjingane, og særleg 2012-omsetjinga er svært godt fundamentert i forskinga.

Men nokre synest det verkar framandt når velkjende tekstar vert endra?

Det skal me ha respekt for. Når eg les for min gamle far på aldersheimen, bruker eg ikkje den nyaste bibelomsetjinga eller den siste versjonen av fadervår. For i slike situasjonar handlar det om å få i gang hjartespråket, og då må ein kjenna seg att i teksten.

– Likevel meiner eg at me skal bruka dei nyaste omsetjingane i den norske høgmessa. Det synest eg folk fortener. Og me kan godt utfordra dei som «vil ha det slik det alltid har vore». I mange språkstrider har det vore slik. Då nynorskbibelen kom, var mange nynorskfolk skeptiske. Dei meinte at ein ikkje kunne snakka til Gud på same måte som ein snakka rundt kjøkenbordet. Men kva for eit gudsbilete er det om ein ikkje kan snakka til Gud slik ein snakkar på kjøkenet? Må eg då også kle meg på ein viss måte for å snakka med Gud?

Kva for eit gudsbilete er det om ein ikkje kan snakka til Gud slik ein snakkar på kjøkenet?

Vil det seia at det seremonielle og høgtidelege kyrkjespråket er eit blindspor?

– Nei, men eg trur kunsten er å bruka vanlege ord på ein slik måte at det går frysningar nedetter ryggen på folk. Òg blant dei katolske venene mine vert språket diskutert. Somme ønskjer å gå tilbake til latin som kyrkjespråk. Men eg stør dei katolikkane som er tilhengjarar av det andre vatikankonsilet. Der vart det fastsett at ein skulle få høyra messe på morsmålet sitt, og at presten skulle vera vend mot folket under nattverden. Så kan det henda at nokon ikkje kjenner like stor høgtid når språket vert meir kvardagsleg, men då må me teologar grunngje godt kvifor språket er slik det er.

Lys og salt

Veiteberg er første kvinne i bispestolen i Oslo bispedømme. Då ho vart utnemnd, sa ho at ho skal vera hyrding for folket i byen, og at kyrkja skal vera lys og salt i lokalsamfunnet og i verda.

Kan ein skjøna slikt språk om ein ikkje har lese Bibelen?

– I ettertid skulle eg ønskt at eg hadde utdjupa akkurat det litt, men det kom no ein gong ut slik det gjorde.

Men det høyrest fint ut.

– Det gjer det. Me skal ikkje gje slepp på desse kyrkjeorda, eg synest dei er unikt fine. Men det skumle er om eg berre seier eit ord som til dømes nåde, og så går eg. Då trur eg mange under førti spør seg sjølv: «Kva er dette?» Men om eg får fortelja om desse orda til dei som lurer, forklara kva nåde er, og kvifor det er viktig, trur eg orda kan openberra seg som dei skattane dei er.

– Ta eit ord som frelse. Eg er glad i frelse. Då Bibelen skulle setjast om, hadde dei ikkje eit høveleg ord for det greske soterion. Dei gjekk til norrønt frjals, som tyder ‘fri hals’. Det handlar om å ta vekk eit reip som slaven hadde om halsen. I religion og spiritualitet er det viktig å ha eit ope sinn for slike ord og ikkje la dei stivna fast.

Kva med dei negative orda, som synd og skam. Har dei ein plass i kyrkja?

– Ja, det har dei verkeleg. Om ein ikkje skulle snakka om synd, helvete og skam, ville store delar av livserfaringa til folk falla bort. Det handlar om å ta menneskelivet på alvor. Så eg meiner at me bør snakka meir om både synd og skam. Og med tv-serien SKAM har det nok vorte lettare å snakka om skamma. Eg trur den serien har hjelpt oss til å sjå skilnaden mellom skam og skuld. Det er veldig viktig.

– Sjå berre på den milepælen det var då kyrkjemøtet for eitt år sidan vedtok vigselsliturgi for likekjønna. Somme skeive hadde opplevd å måtta be om tilgjeving for at dei er slik dei er. Men ein skal ikkje tilgje noko som er ein heilt fin ting. Om du raudnar av noko, skal du heller ikkje måtta be om tilgjeving. Tvert imot. Den som skammar seg, skal verta velsigna. 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:29.11.2017 | Oppdatert:27.01.2021