1917-rettskrivinga – forsøk på å krysse ei språksosial grense

No image

I desse dagar er det 100 år sidan vi fekk den første rettskrivingsreforma som regulerte begge dei norske skriftmåla samtidig, og som tok sikte på å gjere skilnadene mellom dei mindre. 

AV KNUT E. KARLSEN

1917-reforma er den første samnorskreforma. Rett nok hadde ein teke omsyn til det andre målet i standardiseringa av landsmålet i 1901 og dansk-norsken i 1907, men 1917-reforma var den første som gjaldt begge skriftmåla, som no blei kalla landsmål og riksmål.

Tidlege spirer til samling

Etter 1907-reforma var det stor glede over at språket endeleg hadde brote med dansk skriftspråk. Samstundes blei det meir merksemd om at vi no hadde to ulike norske skriftspråk i landet, og dét blei i aukande grad oppfatta som eit problem. Det kom til dømes til syne i samband med bokinnkjøp i skulen, og fram mot 1917 blei utfordringane med to skriftspråk eit tema i samfunnsdebatten. Kunne ein byggje bru mellom måla utan å øydeleggje dei? I dag ser det ut til at svaret er nei. Men for hundre år sidan var det sterke krefter som kjempa for ei samansmelting av landsmål og riksmål, og som sette sterkt preg på arbeidet med 1917-reforma.

Folkeminnegranskaren Moltke Moe er blitt kalla samnorskpolitikkens far fordi han tidleg argumenterte for ei samnorskløysing på språkstriden. I artikkelen «Nationalitet og kultur» frå 1909 skreiv han at det ikkje er «spørsmaal om et enten – eller, men om et baade – og. Det som skal til, det er blodblanding, det er sammenflyting». Men samnorsktanken var ikkje ny, for både Knud Knudsen og Arne Garborg hadde fremja han på 1800-talet. Då tilnærmingspolitikken for alvor tok form etter den første større reforma for dansk-norsk i 1907, var det lite diskusjon om at eitt skriftspråk var den beste løysinga på situasjonen.

Danna daglegtale og folkemålsformer

Danna daglegtale hadde vore ei viktig rettesnor for 1907-reforma. 1917-rettskrivinga henta former frå folkemålet og tok fleire steg mot ein tenkt framtidig samnorsk. I mandatet departementet hadde gitt rettskrivingskomiteen, stod det at han skulle arbeide for den «størst mulige tilnærmelse mellem vort lands to skriftsprog gjennem en sund, naturlig og lovmæssig utvikling av dem begge» (jf. Indstilling fra Retskrivningskomiteen, 1917). Resultatet blei at tradisjonelle former måtte ofrast i begge leirar for å nå målet om språkleg einskap. Riksmålet måtte gjerast meir nasjonalt og demokratisk ved å ta inn former frå bymåla, mens landsmålet måtte moderniserast ved hjelp av meir utbreidde former frå bygdemåla, særleg austlandsformer, som hadde fått liten plass i Aasen-normalen.

Eit anna grep komiteen tok, var å tillate parallelle former i dei tilfella tradisjonsformene stod sterkt, eller der to konkurrerande former stod like sterkt. Slik kom 1917-rettskrivinga til å bestå av to delar: eit sett endringar som blei kalla obligatoriske, og eit anna sett endringar som blei kalla valfrie (i forhold til 1907-rettskrivinga for riksmål og 1901-rettskrivinga for landsmål). Språkhistorikarar har i ettertid omtalt dei obligatoriske endringane i riksmålet som moderate, fordi dei i stor grad svarte til danna daglegtale i byane, mens dei valfrie formene har fått merkelappen radikale, fordi dei ofte var i samsvar med folkemålsformer.

Ein del av endringane var reint ortografiske. Det vil seie at dei ikkje hadde så mykje med uttalen å gjere og derfor ikkje valda så store problem. Det gjaldt til dømes skrivemåten av framandord der endinga -tion skulle skrivast -sjon (som i nasjon) i begge målformene. I riksmålet blei bruken av æ regulert etter eit språkhistorisk system som innebar tilnærming til landsmålet: dræpe > drepe, bælte > belte, djævel > djevel osv. Andre ortografiske endringar var innføringa av ll og nn for ld og nd der det var i samsvar med norrønt og landsmålsformer, kalde > kalle, mand > mann osv., og gjennomføringa av dobbel konsonant i utlyd etter kort vokal, tak > takk, top > topp, kjøn > kjønn osv.

Valfridom

Dei nye formene som var del av dei valfrie endringane i 1917-rettskrivinga, var radikale på ein heilt annan måte, for dei hadde ei demografisk og sosial side. Det kom inn former og språktrekk som dominerte i dialektane. Dei tre viktigaste døma er bunden form eintal på -a i hokjønnsord (sola, hytta), -a i preteritum og partisipp av verb som kasta, diftongar i ord som stein, laus, røik (ved sida av sten, løs, røk) og ei rad ordformer som bru, tru, dokke (ved sida av bro, tro, dukke).

Med innføringa av dei valfrie endringane i riksmålet blei søkjelyset i språkstriden flytta frå det nasjonale (med vekt på fornorsking av dansk) til det sosiale. No skulle ikkje berre danna daglegtale vere rettesnora for normeringa av skriftspråket, men også folkemålet. Skulle det bli språkleg samling på lengre sikt, var dette eit naudsynt grep, men for konservative riksmålsfolk var denne innføringa av folkemålsformer ei vulgarisering av språket. Endringane blei møtte med skarp kritikk. I eit referat frå eit protestmøte i regi av Kristiania Rigsmaalsforening 23. mars 1918 karakteriserte ein av representantane utviklinga som «en opløsning og forvirring i vort rigssprog, som repræsenterer et virkelig kulturtab».

Korleis blei språknormalen motteken av språkbrukarane elles? Dei nye formene som høyrde til dei obligatoriske endringane, blei innførte relativt raskt og var stort sett på plass i bøker og aviser rundt midten av 1920-åra. Annleis var det med formene som var del av dei valfrie endringane i riksmålet. Sett bort ifrå nokre få lærebøker fekk dei lite gjennomslag i skriftkulturen. Når det gjaldt landsmålet, var situasjonen ein annan. Her hadde dei valfrie endringane betre feste. A-formene og andre valfrie former blei tekne i bruk i skulen og skjønnlitteraturen slik at det utvikla seg to ulike straumar innanfor landsmålet, éin tradisjonell og éin reformorientert (ofte omtala som i-mål og a-mål etter bøyinga av sterke hokjønnsord, jf. soli og sola).

Frå 1917 til 2017

Tilnærmingslinja i språkpolitikken blei ikkje offisielt oppheva før i 2002, men avviklinga byrja lenge før det. Etter 1959 har det ikkje vore fellesreformer for bokmål og nynorsk, og då Norsk språkråd i 1972 avløyste Norsk språknemnd, var målet mellom anna å dempe målstriden gjennom å tone ned tilnærmingspolitikken. Bokmålsreforma i 1981, som blei førebudd over lang tid, viste tydeleg korleis siktemålet var endra. Den gjeldande normeringspolitikken i dag byggjer på overordna prinsipp om stabilitet i rettskrivinga og at bokmål og nynorsk skal normerast på sjølvstendig grunnlag utan tilnærming som mål.

Ein annan viktig skilnad mellom dagens normeringsprinsipp og 1917-reforma er den svekte posisjonen talespråket har som rettesnor for skriftmålet. Etter dei gjeldande retningslinjene for normering av skriftspråka som Språkrådet vedtok i 2015, er det berre i normeringa av nynorsk at talemålsprinsippet til ein viss grad skal takast omsyn til, men også her står dette prinsippet svakt. Dersom ein strammar inn på punkt der det er talemålsvariasjon, bør den forma som har best talemålsgrunnlag, bli ståande, heiter det i retningslinjene. Samtidig er det gjort klart at bruksprinsippet går føre talemålsprinsippet slik at unormerte former som er lite brukte i skrift, ikkje skal takast inn i norma sjølv om dei har godt talemålsgrunnlag.

 

-- Knut E. Karlsen er seniorrådgjevar i Språkrådet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter