– Samnorskprosjektet har ikkje svekt nynorsken nemneverdig

– Endringane i 1917-reforma gjorde at fleire kunne kjenne seg heime i nynorsken, seier historikar og målmann Oddmund Løkensgard Hoel. Han meiner samnorskprosjektet ikkje er hovudårsaka til at nynorsk er mindre brukt enn bokmål.

AV ASTRID MARIE GROV

Oddmund Løkensgard Hoel var leiar i Noregs Mållag frå 1999 til 2002. Han er fyrsteamanuensis i historie ved Høgskulen på Vestlandet og har arbeidd mykje med norsk språkhistorie.

Andre årsaker til tilbakegang

Det er ikkje grunn til å konkludere kategorisk med at tilnærmingspolitikken har ført til mindre oppslutnad om nynorsken, meiner Hoel.

Oddmund Løkensgard Hoel | Foto: Ida Bergstrøm / På Høyden– Intern strid om samnorskpolitikken har i periodar hemma kampen for å få fleire til å skrive nynorsk og gjort målrørsla mindre slagkraftig. Men historisk er det fyrst og fremst ikkje-språklege faktorar som har ført til tilbakegang for nynorsken, som flytting frå bygd til by.

Historikaren peikar på at landsmålet gjekk fram i mange skulekrinsar i kjølvatnet av 1917- og 1938-reforma.

– I perioden før 1945 var nynorsken i framgang. Mange stader var rettskrivingsreformene eit påskot til å gå over til nynorsk. Når dei likevel skulle skifte lærebøker i krinsen, var det mange som tok steget fullt ut og bytte opplæringsmål.

Hoel meiner at tilnærmingsformene frå 1917-reforma gjorde at fleire kunne kjenne seg heime i nynorsken.

– Reforma møtte motstand i landsmålsmiljø på Vestlandet, men stor støtte på Austlandet og delvis i Trøndelag, der rettskrivingsendringane gjekk meir i favør av talemålet. Også leiande personar i «måleliten» i Oslo stødde reforma.

Stor usemje

Det er ikkje tvil om at det var strid om samnorskpolitikken i nynorskmiljøet. Alt på slutten av 1800-talet delte nynorskleiren seg i fraksjonar som meinte at nynorsken skulle sjå annleis ut enn det Ivar Aasen hadde lagt opp til. Usemja mellom desse fraksjonane kunne likevel ikkje måle seg med usemja om dei meir radikale endringane som følgde av samnorskprosjektet.

– Striden hadde heilt andre dimensjonar enn det ein hadde sett tidlegare. Særleg på 1930-talet stod frontane steilt mot kvarandre, fortel Hoel.

Ifølge Hoel var 1917-reforma ei langt meir vellukka reform for nynorsken enn 1938-reforma, som la opp til at samnorsken for alvor skulle ut til folket.

– Sjølv om det var splitting i forkant av 1917-reforma, roa det seg raskt i tida etterpå. Årsaka er at tilnærmingsformene ikkje var obligatoriske, men eit tilbod. I 1938 vart former folk var vande med å skrive, forbodne. Det førte til kjempereaksjonar både på landsmåls- og riksmålssida. Medan riksmålet gjennom samnorskperioden hadde ei privat rettskriving som alltid vart oppretthalden på sida av den offisielle, fanst det ikkje noko tilsvarande på nynorsksida. Så trass motstanden slo 1938-reforma meir igjennom i nynorsk enn i bokmål.

Naturleg med delte meiningar

Samnorskprosjektet er historie, men debatten om valfrie former og om kor nær nynorsken skal leggjast opp til bokmålet, blussar opp frå tid til anna. Medan Ivar Aasen la opp til ei stram norm utan valfridom, har mange meint at eigen dialekt bør kunne speglast att i nynorsken.

– Tanken om at nynorsk skal vere ein måte å skrive dialekt på, har vore der sidan Aasen si tid. Då samnorskpolitikken kom, var det viktigaste argumentet i nynorskmiljøet at det gav høve til å skrive meir dialektnært. Dét var viktigare enn at staten ønskte samnorsk.

Oddmund Løkensgard Hoel seier det er uråd å vite korleis situasjonen for nynorsken ville ha vore utan tilnærmingspolitikken.

– Stabilitet i skriftnorma er eit gode. Me skal likevel ikkje gløyme at det alltid har vore ei utfordring for nynorsken at grunnlaget for å lage ei rettskriving er eit så stort mangfald av dialektar. 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:28.11.2017 | Oppdatert:27.01.2021