– Den største ulykka som har skjedd nynorsken

– Samnorsken var eit stort mistak og har svekt det nynorske kollektivet, meiner formann i Ivar Aasen-sambandet, Sergej Alexander Munkvold.

AV ASTRID MARIE GROV

Ivar Aasen-sambandet er ein utbrytarorganisasjon frå Noregs Mållag. Sambandet vart oppretta i 1965 som ein reaksjon på at samnorskpolitikken hadde ført nynorsken nærare bokmål. Føremålet til sambandet er å fremje ei form for nynorsk upåverka av tilnærmingspolitikken, omtrent slik Aasen skapte han.

– Sa at nynorsken var gammaldags

Sergej Alexander Munkvold er fast overtydd om at samnorsken har prega nynorsken negativt.

Sergej Alexander Munkvold | Foto: Språkrådet– Byrjinga av 1900-talet var ei blømingstid for nynorsken med framvokster både i litteraturen og i skulekrinsane. Ein skulle tru at framtida var sikra, men i staden kom samnorsken og sa at nynorsken var gammaldags.

Nynorsken har tapt langt meir på samnorskprosjektet enn bokmålet har, meiner Munkvold.

– Då samnorsken kom, vart den unge nynorsken til eit språk som vart bygd ned i staden for bygd ut. Bokmålet på si side var allereie godt etablert. Det bidrog til at bokmålet vart det naturgjevne, medan nynorsken vart ein endelaus freistnad på å tilpasse bygdemålet etter den malen. Mange nynorskfolk såg at botnen i landsmålsprosjektet då ramla ut, og det bidrog til fråfall og motsetnader internt i målrørsla.

Målrørsla har svekt kollektivet

Etter Munkvolds syn har tanken om at rettskrivinga skal reflektere eige talemål i eitt og alt, vore øydeleggjande og splittande for nynorsken.

– At eit språk gjev rom for å skrive dialektnært, er eit argument for somme, ikkje for den store hopen. Skal eit språk overleve og ha prestisje, må det ha eit sterkt kollektiv. Målrørsla har bygd for lite opp under det nynorske kollektivet. Dialekt har alltid vore godt nok, og ein har heller ikkje utvikla noko nynorsk normaltalemål. Det har ført til at alle som skriv bokmål i dag, har noko som er større enn dei sjølve, og det har ikkje nynorskbrukarar i same grad.

Munkvold meiner Oddmund Løkensgard Hoel tek feil når han seier at samnorskpolitikken har hatt liten påverknad på oppslutnaden om nynorsk.

– Den indre normeringa av nynorsk er ein svært viktig faktor for korleis nynorsken hevdar seg, noko anna meiner eg blir absurd. Politikk påverkar samfunnstilhøva, særleg politikk som har vore ført over eit halvt hundreår. Samnorskpolitikken er ikkje noko unnatak, og han har svekt det nynorske kollektivet på fleire måtar. Den klassiske nynorsken, med utgangspunkt i arbeidet til Aasen, har berre éin måte å skrive ord på og markerer avstand til bokmål. Samnorskpolitikken har ført med seg ei rettskriving med mykje valfridom. Det gjer språket vanskelegare å lære, samtidig som immunforsvaret til nynorsk har blitt svekt ved at ein heile tida må gje etter for det mykje større og meir etablerte bokmålet når ein skal fastsetje rettskrivinga. Det kan til slutt føre til at folk spør seg kva som er vitsen.

Ivar Aasen-sambandet ser at kampen for at den klassiske nynorsken – såkalla høgnorsk – skal bli eit massespråk, er vanskeleg, og at det no er eit språk for dei spesielt interesserte. Munkvold er klar på kvifor han skriv høgnorsk i staden for dagens nynorsk.

– For oss er ikkje høgnorsk eit prosjekt, det er språket me faktisk brukar i kvardagen og når me sender SMS-ar i fylla. Eg synest det er veldig greitt å bruke eit språk der eg slepp å tenkje på kva form som stilistisk er rett, og der det ikkje er fleire former å velje mellom.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:28.11.2017 | Oppdatert:27.01.2021