Grammatisk kjønn og variasjon i norsk

No image

Det er ikkje så reint få substantiv som kan ha meir enn eitt grammatisk kjønn ifølgje dei offisielle rettskrivingsnormene for nynorsk og bokmål. På nynorsk kan ein såleis skrive ein lås eller eit lås, ein smil eller eit smil og faktisk velje fritt mellom ein, ei og eit greip. Språkrådet fekk i 2016 gjennomført ei undersøking av bruken av ein del slike ord med valfritt kjønn i autentiske tekstar.

AV STURLA BERG-OLSEN

Formålet med undersøkinga var å sjå om det er grunnlag for å stramme inn normene på dette punktet. Konklusjonen er at det er gode grunnar til innstramming for ein del ord.

Kva er grammatisk kjønn?

Grammatisk kjønn heiter genus i språkvitskapleg terminologi. Genus er ein kategori som kan kome til uttrykk på ulike måtar i språket. Ikkje alle språk har genus. Dei samiske språka og finsk er blant dei som klarer seg utan, men i norsk og dei fleste andre indoeuropeiske språk er genus ein viktig kategori. Eit stykke på veg heng grammatisk kjønn saman med biologisk kjønn: Jente og dronning er hokjønnsord, gut og konge er hankjønnsord, og eple og hus er inkjekjønnsord. Men stort lenger kan vi ikkje trekkje desse parallellane. Kva genus eit substantiv har, er berre delvis føreseieleg, og folk som lærer seg norsk, har ofte vanskar med å velje rett.

For norske substantiv er genus innebygd. Andre ord som er underordna substantivet, rettar seg etter det innebygde genuset substantivet har. Det gjeld til dømes dei ubundne artiklane: På nynorsk må vi bruke ein ved hankjønnsord, ei ved hokjønnsord og eit ved inkjekjønnsord. Vi tenkjer ofte at også bøyingsendingar viser kva genus eit substantiv har, men det er ikkje alltid tilfelle. Om eit substantiv endar på -a i bunden form (jenta, boka), veit vi rett nok med ein gong at det er eit hokjønnsord. Men ei ending som -er i fleirtal finn vi hos substantiv både av hokjønn (bok), hankjønn (ven) og inkjekjønn (tidsskrift).

Nynorsk har tre genus, og det er det same systemet som vi finn i norrønt, islandsk og tysk og i fjernare slektningar som latin, gresk og russisk. I bokmål har språkbrukarane valet mellom dette tredelte systemet og eit system med to genus – inkjekjønn og felleskjønn. I praksis vil det seie at alle hokjønnsord i bokmål alternativt kan vere hankjønnsord. Togenussystemet finn vi til dømes i bergensdialekten, og elles i standardsvensk og ‑dansk.

Ord med meir enn eitt kjønn

For mange substantiv er det mogleg å velje mellom fleire genus, også når ein held seg til ei av dei to skriftspråksnormene vi har. Ei viktig årsak til valfridomen i normene er at det er nokså stor variasjon mellom talemåla rundt om i landet når det gjeld genus.

Kor mange ord er normerte med fleire genus? Eit svar på det spørsmålet finn vi i tabellen nedanfor. Tala er henta frå ein forskingsrapport skriven av Philipp Conzett, som i 2016 på oppdrag frå Språkrådet undersøkte genusvariasjon innanfor nynorsk- og bokmålsnormene. Han brukte materiale frå Norsk ordbank. Norsk ordbank er to databasar – ein for nynorsk og ein for bokmål – som inneheld svært mange ord med informasjon om normert skrivemåte og bøying. Ordbanken ligg mellom anna til grunn for skrivemåtar og bøyingsinformasjon i Nynorskordboka og Bokmålsordboka. Tala i kolonnen for nynorsk i tabellen omfattar usamansette ord i dei ulike gruppene i Norsk ordbank, medan tala for bokmål omfattar både samansette og usamansette ord i ordbanken.

 nynorskbokmål
hankjønn og inkjekjønn (m/n) 442 1 166
hokjønn og hankjønn (f/m) 262 30 847
hokjønn og inkjekjønn (f/n) 62  
hokjønn, hankjønn og inkjekjønn (f/m/n) 7 118

Forkortingane m, f og n er her brukte for høvesvis hankjønn (maskulinum), hokjønn (femininum) og inkjekjønn (nøytrum). Det høge talet i gruppa f/m i bokmål speglar det at alle hokjønnsord i den målforma også kan vere hankjønnsord.

Conzett måtte avgrense undersøkinga si. Han valde å sjå nærare på gruppa m/n, det vil seie dei substantiva som er normerte med både hankjønn og inkjekjønn, i begge målformer. Oppdraget han hadde fått, var å undersøkje i kva grad valfridomen i norma faktisk blir utnytta i skriftspråket. Om det er slik at faktisk bruk følgjer andre mønster enn dei vedtatte normene, kan det vere grunn til å justere normene.

Tendensar og framlegg til endringar

For dei som har til oppgåve å observere og normere språket, er det i dag mykje enklare å skaffe sikker kunnskap om korleis språket blir brukt, enn det var for nokre tiår sidan. Det finst store tekstkorpus – elektroniske basar med autentiske tekstar – som er lagde til rette for søk av ulike slag. Philipp Conzett valde å bruke to korpus i genusundersøkinga si: Norsk Ordboks nynorskkorpus og Leksikografisk bokmålskorpus. Begge desse korpusa er utvikla ved Universitetet i Oslo, og begge inneheld om lag 100 millionar ordformer, og dei er sette saman av tekstar frå ulike sjangrar. Nynorskkorpuset spenner over perioden frå 1870-åra til i dag, medan bokmålskorpuset berre går tilbake til 1985. Nynorskkorpuset er dermed betre eigna til å vise utviklingstendensar over tid, men begge korpusa bør kunne gje eit godt bilete av språkbruken slik han er i dag.

Når vi ser bort frå substantiv med få eller ingen førekomstar i korpusa, står vi att med to hovudgrupper: a) substantiv der eitt genus dominerer – anten hankjønn eller inkjekjønn – og b) substantiv der fordelinga mellom dei to genusa er nokså jamn. Der fordelinga er nokolunde jamn (slik som i gruppe b), er det i utgangspunktet liten grunn til å vurdere endring i norma. Men der eitt genus dominerer klart i faktisk bruk (slik som i gruppe a), tilrår Conzett at Språkrådet vurderer å fjerne eit av dei to normerte genusa frå norma. Blant orda i denne gruppa finn vi mellom anna ein god del substantiv som er avleidde frå verb, men som ikkje har noko suffiks. Dette er substantiv som glefs, glis, hulk, smil, sprik og sukk. Mange av desse er oppførte med både hankjønn og inkjekjønn i standardordbøkene, men i moderne norsk er det ein klar tendens til at inkjekjønn blir brukt på avleiingar av denne typen. Av og til ser vi at det har skjedd ei differensiering, slik at dei to genusa fordeler seg på ulike tydingar eller ulike bruksmåtar. Eit døme på det er prat:Når vi seier praten, meiner vi typisk ein samtale, medan pratet tyder ‘laust snakk’. Kvart ord må rimelegvis vurderast for seg – ein kan ikkje skjere heile gruppa over éin kam.

Ei anna gruppe substantiv der tendensen er klar, er nemningar på stoff som endar på -in, t.d. gelatin, morfin og nikotin. Alle desse er normerte med hankjønn og inkjekjønn, men korpusa viser klar dominans for hankjønn.

Resultata frå Philipp Conzetts undersøking vil tene som grunnlag for utgreiing av konkrete normeringssaker i tida framover.

Språkrådet ønskjer meir kunnskap om andre grupper av substantiv enn dei som Conzett har sett på. Til dømes veit vi at mange språkbrukarar oppfattar kjevle som eit hokjønns- eller hankjønnsord, trass i at ordet er normert som inkjekjønn. Å undersøkje variasjon som går utanfor dei fastsette normene, krev andre metodar enn ei undersøking av korleis norma blir brukt, men dette er ikkje ei uoverkomeleg oppgåve.

I og med at Språkrådet har ansvar for normeringa av dei to skriftspråka våre, har det òg ei plikt til å følgje med på korleis normene blir brukte, og korleis språkbruken endrar seg. Sjølv om normene i det store og heile skal liggje fast, er det viktig å gjere justeringar der dei er klart i utakt med faktisk språkbruk – også når det gjeld genus.

Philipp Conzetts rapport Genusvariasjon i norsk skriftspråk er tilgjengeleg her.

 

-- Sturla Berg-Olsen er seniorrådgjevar i Språkrådet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter