Ordsamlingar med politisk sprengkraft

No image

«Eit språk er ein dialekt med ein hær og ein flåte», skal lingvisten Max Weinreich ha sagt. Og det er ikkje heilt usant, for knapt noko har bidrege til å trekkje opp geografiske og språklege grenser som ordbøker.

AV ASTRID MARIE GROV

I dag tenkjer me gjerne på ordbøker som praktiske verktøy som skal hjelpe folk å skrive rett, men ordbøker kan ha ein langt meir politisk funksjon enn som så. Det har særleg historia vist oss.

Dei nasjonsbyggjande ordbøkene

Den store glansperioden for dei politiske ordbøkene i Europa var under den nasjonalromantiske bølgja på 1700- og 1800-talet, då det vart starta opp ei rekkje ordbokprosjekt. Hovudføremålet var enkelt: Ordbøkene skulle stø oppunder oppgåva om å (gjen)skape ein felles nasjonal kultur og i neste omgang bidra til å skape landegrenser.

Sturla Berg-Olsen er seniorrådgjevar i Språkrådet og har lang erfaring med ordbokarbeid. Han meiner den symbolske verdien til dei store ordbøkene er større enn den reint funksjonelle.

– Særleg på 1800-talet oppstod det mange rørsler som skulle konstruere nasjonale identitetar, og då stod eit felles språk sentralt. Ordboka vart eit viktig instrument i danninga av nye nasjonalstatar. Eit ordbokverk har gjerne vore del av ein pakke i nasjonsbygginga, saman med ein grammatikk og eit leksikon. Føremålet med utgjevingane har vore å signalisere felles identitet og dermed auke prestisjen til eit språk og ein kultur.

– Ordbokprosjekt har i stor grad handla om å byggje ein identitet ved å studere fortida, seier Sturla Berg-Olsen i Språkrådet.

To av dei mest kjende ordbokforfattarane frå nasjonalromantikken er dei tyske brørne Jacob og Wilhelm Grimm, som gjorde mykje meir enn å samle inn eventyr. Dei byrja arbeidet med Deutsches Wörterbuch i 1838, og eit viktig mål med ordboka var nettopp å bruke språket til å vise at det fanst ein fellestysk kultur. Ordboka vart ikkje ferdig i deira tid. Ho har blitt fullført seinare og består av imponerande 32 band. Den dag i dag har ho ein så sentral posisjon innanfor tysk språkvitskap at ho ofte berre blir kalla der Grimm.

Aasen og ordbøker

Ikkje mange år etter at Grimm-brørne byrja arbeidet med ordboka si, gav vår eigen Ivar Aasen ut Ordbog over det norske Folkesprog (1850). Aasen kjende godt til dei nasjonale straumane i Europa, og han arbeidde for å utvikle ei oppfatning om ein særnorsk kultur. Dette føremålet med utgjevinga kjem til uttrykk i forordet til boka: «Det er […] at haabe, at Erkjendelsen af Sprogets rette Værd vil efterhaanden blive mere og mere almindelig, og at selve Almuen vil derved ledes til at fatte mere Agtelse for Fædrenesproget og søge at holde samme vedlige.»

Aasen trekte det nasjonale prosjektet lenger enn dei hadde gjort i mange andre land, heilt til utviklinga av eit eige skriftspråk med utgangspunkt i folkemålet. Aasen var slett ikkje den fyrste nordmannen som samla inn ord og gav ut ordbøker (les om den fyrste norske ordboka på side 23), men ingen hadde arbeidd så systematisk med ordinnsamling som han. Aasen la eit viktig vitskapleg grunnlag for det seinare arbeidet med den nyleg avslutta Norsk Ordbok, fortel Sturla Berg-Olsen.

– Norsk Ordbok byggjer rett og slett vidare på det leksikografiske arbeidet til Aasen, og alle oppslagsord i ordbøkene hans er med. Metodikken og tankesettet bak ordboka er òg det same som hjå Aasen.

Frå normativ til deskriptiv

Norsk Ordbok – ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet vart avslutta i fjor, og med det var det mest omfattande ordbokprosjektet i norsk historie fullført. Ordboka finst på papir i 12 band og delvis elektronisk. Norsk Ordbok har som ambisiøs målsetnad å gje eit fullstendig oversyn over orda i norske dialektar og nynorsk skriftspråk. Ho er såleis eit godt døme på eit ordbokverk som har hatt som funksjon å stø opp under nasjonsbygginga og forsterke oppfatninga av kva som inngår i nasjonen Noreg.

Som Deutsches Wörterbuch har Norsk Ordbok blitt fullført mange tiår etter at arbeidet vart byrja. Det har påverka innhaldet.

– Synet på både ordtilfanget og språket har endra seg, og det nasjonsbyggjande fokuset har nok blitt mindre. I dei fyrste banda var det til dømes ei forkorting ved somme oppslagsord som heitte «lbr», som stod for «lite brukande». Det var nærast ein beskjed til lesaren om at ordet er i bruk, men ikkje burde ha vore det. Den forkortinga finst ikkje lenger, og no blir alle oppslag i større grad rekna som like gode. Ordboka har i det heile blitt meir deskriptiv og mindre normativ. Innanfor rammene av nasjonsbygginga var det eit poeng å trekkje opp grensene for kva som representerte det nasjonale, og dermed «oppdra» folk litt. I tillegg var jo nynorsk eit ungt språk som ordbøkene skulle bidra til å skape, og det innebar å avgrense ordtilfanget.

Fordi me har to skrifttradisjonar her i landet, har det blitt utvikla to ulike ordbokverk. Det Norske Akademis Store Ordbok er ei oppdatering av den eksisterande Norsk Riksmålsordbok. Ho tek for seg ordtilfanget i bokmål/riksmål og er framleis under arbeid. Utgjevinga er elektronisk og skal etter planen vere ferdig i 2017.

Dialekt eller ikkje?

I motsetning til dei ordbøkene me brukar i det daglege, gjev store ordbokverk ei brei oversikt over ordtilfanget i eit språk. Likevel må ein avgrense kva ord som får vere med, og det kan fortelje oss mykje om føremålet med ordboka.

Naboane i Sverige er no i sluttfasen av arbeidet med Svenska Akademiens ordbok, som tek for seg ord frå Gustav Vasas tid (1500-talet) og fram til i dag. Men ordboka til svenskane skil seg frå Norsk Ordbok på eit svært viktig punkt: Ho inneheld få dialektord.

– Ordtilfanget i Svenska Akademiens ordbok er i all hovudsak skriftspråket, og dialektord er berre med dersom dei òg har hatt ein plass i skrift. Det kan ha historiske forklaringar. Sverige har vore ei stormakt, og då blir det gjerne mindre viktig å trekkje fram dialektane enn det er i små land som Noreg. Eit sterkt fokus på dialekt er nok eit fellestrekk for ordbokprosjekt i mange unge statar med unge skriftspråk. Ordbokprosjekt har då i stor grad handla om å byggje ein identitet ved å studere fortida og med det markere avstand til andre nasjonar. Det ser me til dømes i det store ordbokverket for litauisk språk, der notidsdialektformer med heimfestingar er tekne med. Som nynorsken særleg i dei fyrste åra skulle distansere seg frå ord med dansk og tysk opphav, var det for litauisk eit mål å kvitte seg med ord frå tysk og slavisk. Det har ordboka absolutt bidrege til.

Berg-Olsen fortel at det likevel er langt vanlegare å gje dialektane liten plass, slik me ser i Sverige.

– Oxford English Dictionary er eit framståande døme på ei ordbok som har eit endå snevrare ordtilfang enn Svenska Akademiens ordbok. Der er britisk-engelsk nesten einerådande, og svært mykje variasjon blir sett bort frå, noko ordboka har blitt kritisert for. Likevel har ho høg status.

Snevre rammer for det korrekte

Oxford English Dictionary er langt frå aleine om å trekkje opp smale rammer for det korrekte. Rolf Theil, professor i lingvistikk ved Universitetet i Oslo, fortel at ordbøker kan vere eit viktig politisk middel for å fortelje borgarane kva som er innanfor og utanfor.

– Kina er eit godt døme på det. Der handlar alt offisielt ordbokarbeid om mandarin. Målet er å innprente det som offisielt språk og utdefinere alle andre kinesiske språk. Eit meir heimleg døme på ein liknande språkpolitikk finn me i Frankrike, der Det franske akademiet har styrt språket med jernhand og hatt full kontroll over den språklege standardiseringa sidan 1600-talet. Alt som minner om slang og dialekt, fell utanfor dei offisielle ordbøkene, og grensene for kva som blir rekna for å vere korrekt fransk, er veldig snevre.

– Ordbøker kan vere eit viktig politisk middel for å fortelje borgarane kva som er innanfor og utanfor, seier professor Rolf Theil.

Theil fortel at ei manglande førestilling om nasjon somme stader kan hindre framveksten av dei politiske ordbøkene.

– I Europa ser me at det er dei eldste ordbøkene som har hatt den mest politiske funksjonen, frå den gongen synet på nasjon stod veldig sterkt her. I til dømes store delar av Afrika finst ikkje det same ideologiske synet på nasjonen, og dermed er det heller ikkje grobotn for omfattande ordbokverk med politisk funksjon, med nokre få unnatak. Afrika har svært mange dårleg dokumenterte språk, men språk blir stort sett brukte over landegrenser. Posisjonen til særleg engelsk og fransk som offisielle språk er dessutan så sterk at ordbøker over andre språk for det meste er einmannsprosjekt med eit deskriptivt føremål.

Uvurderleg for prestisjen

Theil fortel at det jamt over er lita interesse for å samle seg om felles standardar, slik ordbokverk krev.

– Skriftspråket spelar ei langt mindre rolle i liva til folk i Afrika enn i Europa, og dei godtek i liten grad skriftformer som ikkje er i samsvar med deira eige talemål. Eit døme finn me i fulfulde, som blir snakka i ei rekkje land i Vest-Afrika. Språket er relativt einsarta, men likevel finst det så mange som åtte–ni ulike omsetjingar av Bibelen for å tilfredsstille talarar av ulike variantar.

Det er liten tvil om at mangel på omfattande ordbokverk svekkjer statusen til eit språk, meiner Theil.

– Det har vore ein klar fordel for europeiske språk å ha store ordbokverk. Ordbøkene har spela ei viktig rolle i utviklinga av standardiserte skriftspråk, som i neste omgang er nærast uvurderleg for prestisjen til eit talespråk.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:29.11.2016 | Oppdatert:27.01.2021