Språket og dei mangfaldige brukarane

I dette nummeret av Språknytt – eit temanummer om talemål – kan du lese om to personar frå Setesdal som har gått ulike språklege vegar. Sigurd Brokke snakkar den tradisjonelle setesdalsdialekten og ser på det som ein viktig del av identiteten. Anne Hasla snakkar ikkje setesdalsmål og meiner dialekten står i vegen for ein effektiv kommunikasjon.

Direktør i Språkrådet Åse WetåsBegge desse synspunkta ber langt lenger enn Setesdal. Ein del av oss er stolte av dialekten me har med oss heimanfrå, og brukar han gladeleg, medan han for andre ikkje er viktig i det heile tatt. For språk i minoritetsposisjon er dette ei evig aktuell problemstilling, anten det gjeld valet mellom norsk og engelsk, nynorsk og bokmål, teiknspråk og norsk eller nasjonale minoritetsspråk og norsk.

Språk i minoritetsposisjon er heilt avhengige av eldsjeler som setesdalsdialekten har i Sigurd Brokke. Dersom me sluttar å meine at norsk, nynorsk, teiknspråk og dei nasjonale minoritetsspråka våre har ein særleg verdi, overlever ingen av dei på sikt. Men for at dei skal overleve, er det òg viktig at me jobbar for at bruksvilkåra er så gode som råd for slike som Anne Hasla, som i det daglege berre ser på språket som eit kommunikasjonsmiddel. Språkpolitikken vår skal romma begge desse omsyna og styrka språket både som identitet og kommunikasjonsmiddel.

Den språklege kulturarven vår har til alle tider blitt boren vidare ikkje berre av eldsjelene, men også av språkbrukarar som har eit instrumentelt språksyn og berre ønskjer å bruka språket for å kommunisera enklast mogleg. Slik kjem det framleis til å vere.


Signatur
Åse Wetås
direktør i Språkrådet

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:20.05.2016 | Oppdatert:27.01.2021