Vekta av gull

Pund og mark passar vekta, pesetas og lire likeins. Og øre og zloty er gull verd. Her får du eit ørlite glimt av det som pregar nokre av myntane våre.

AV ERLEND LØNNUM

Det finst fleire felles namnetrekk ved mynteiningane i verda, særleg viss vi samlar inn pengar frå tida før euroen erobra Europa. Tyske mark, spanske pesetas og italienske lire høyrde iallfall ferien til da eg vaks opp.

Mynteiningane pund og mark har å gjere med vekteiningar som er kjende frå norrøn tid. Pundet kjem opphavleg frå latin pondus ‘vekt’, som òg har gitt namn til pesos og kanskje pesetas (‘små pesos’). Og marken (norrønt mǫrk) har samband med ‘merkestrekar på ein vekt’.

Lire heng saman med latin libra ‘pund, vekt’, som vi finn att i symbolet £ for britiske pund, den første bokstaven i libra. På vekta kan vi også leggje greske drakmar, gresk for ‘handfull av seks obolar (sølvmyntar)’, og israelske sheklar, hebraisk for ‘vekt’.

Koplinga mellom zloty og øre er ikkje like openberr, men god som gull for det: Zloty er polsk for ‘gyllen’ og i slekt med norsk ‘gull’. Øre heitte i norrøn tid aurar (fleirtal) og er avleidd av namnet på den romerske gullmynten aureus, som er latin for ‘av gull’. Våre kroner har på si side fått namn fordi myntane tidlegare hadde bilete av ei krone.

Britiske pund | vandervelden / iStockphoto

Og valutaane er bokstavleg tala verde det dei er verde, for valuta tyder beintfram ‘vere verd’.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:22.02.2016 | Oppdatert:27.01.2021