Han, ho eller hen

No image

Kan vi bruka hen på norsk i staden for han/ho? Kan vi bruka hen om dei som ikkje vil bli kalla han eller ho? Og kjem hen inn i ordbøkene? Kort sagt: nja, ja og tja.

AV DANIEL GUSFRE IMS

«Ta imot dommeren og ønske han/henne velkommen» er ei av oppgåvene ein kampvert på ein fotballkamp har i retningslinjene frå Norges Fotballforbund. Formuleringa er kjønnsnøytral; dommaren kan vera ho, og dommaren kan vera han.

Burde det heller ha stått «ta imot dommeren og ønske hen velkommen»? Somme har teke til orde for nett det, og i Sverige har dette vore eit av dei største språklege stridsemna dei siste åra. I 2015 kom hen med i den reviderte utgåva av Svenska Akademiens ordlista.

Ulik bruk

I dømet ovanfor er det meininga at hen skal brukast i staden for andre kjønnsnøytrale uttrykk som ho/han eller vedkomande, altså når kjønnet er ukjent eller uvesentleg eller skal utydeleggjerast. Men mange vil òg at hen skal brukast kjønnsoverskridande og visa til personar som ikkje kjenner seg heilt som ein han eller ei ho.

Denne andre tydinga ser ut til å ha fått mest gjennomslag i norsk, men det er den første tydinga som har skapa dei store overskriftene både i Noreg og Sverige.

Det er ikkje duka for eit heilt knirkefritt samliv mellom den kjønnsnøytrale og den kjønnsoverskridande tydinga. Språkrådet meiner den kjønnsoverskridande er lettast å stø, men vi ser at bruken av den kjønnsnøytrale tydinga har fått eit visst omfang i svensk.

Hen i skrift og tale

I svensk blei hen lansert alt i 1960-åra, då han/hon var på veg inn som alternativ til han. Det var eit lån frå finsk hän; finsk har ikkje hankjønns- og hokjønnspronomen. Det same gjeld kvensk (òg hän) og samisk (nordsamisk son).

I skrift vil hen som pronomen vera ledig på norsk, og det vil skilja seg tydeleg nok frå han og ho (bokmål hun). Ei eventuell genitivsform hens vil òg kunna gå, og vi greier oss utan ei særskild objektsform. Det er òg kortare enn alternativa han/ho og vedkomande; for somme er det eit poeng i seg sjølv.

Munnleg er ikkje hen like lytelaust. For det første er det fleire dialektar som har he(i)nn eller hæ(i)nn som trykktungt hankjønnspronomen. For det andre er det trykklette hankjønnspronomenet i enda fleire dialektar ‘en eller ‘n: «Jæ møtte-n i går.» Hens som genitivsform vil i tale liggja tett på forma hennes.

Kjønnsnøytralt

Språkrådet har lenge rådd til å bruka kjønnsnøytrale nemningar når det er mogleg (sjå rettleiinga «Kjønnsbalansert språk»). I generell omtale av personar rår vi ifrå å bruka berre han – eller berre ho, som har hatt ein viss bruk dei siste tiåra. Rådet er å bruka nett han eller ho, eller andre alternativ som vedkomande og omskriving til fleirtal: «studenten har rett til … når han/ho … > «studentane har rett til … når dei …».

«Han eller ho» eller omvendt er heilt vanleg i skrift og tale. Det har ikkje fleire stavingar enn det meir upersonlege vedkomande, og om ein skriv han/ho, er det kortare i skrift.

Hen er teke meir inn i varmen i svensk enn i norsk, men innarbeidd er det ikkje. Motstanden er ikkje berre ideologisk, men òg grammatisk. Det er ikkje berre eit nytt ord, men noko som gjer krav på plass i pronomensystemet til mottakaren. Pronomena blir kalla ein lukka ordklasse; det vil seia at vi til vanleg ikkje får nye ord i denne klassen. Det skjer likevel både at pronomen oppstår, og at dei forsvinn, men endringar i dette systemet er seig materie.

Vi meiner behovet for ein nyskapning ikkje veg tungt nok til å utfordra sjølve grammatikken til folk flest. Det er viktigare å stø opp om dei innarbeidde måtane å uttrykkja seg kjønnsnøytralt på.

Kjønnsoverskridande

I Språknytt nr. 3/2013 skreiv Kristin Fridtun om moglegheita for å nytta alskens «om transseksuelle, transpersonar og andre med ‘uvanleg’ kjønnsidentitet», som «ei open, ufarleg og råkande nemning for dei som ikkje opplever seg som eitt kjønn». Det tradisjonelle pronomensystemet har ikkje hatt noko ord som refererer til desse identitetane, og behovet for eit nytt ord som fungerer som pronomen, er forståeleg.

Nokre av problema med ordet råkar òg denne bruken av hen, men det blir vege opp av at vi har ei gruppe som både ønskjer og manglar eit særskilt pronomen for seg. Språkrådet stør denne bruken.

Hen i ordbøkene

Språkrådet vil ikkje rå folk frå å bruka ordet i den vidare tydinga privat. I denne sfæren er det språkbrukarane som bestemmer. Vinn denne bruken av ordet fram, vil hen med tida koma i norske ordbøker òg, for ordbøkene speglar grovt sett den vanlege bruken av ordtilfanget. Førebels meiner Språkrådet likevel det er for tidleg å ta ordet inn i rettskrivingsordbøkene. Eit nytt pronomen bør vera skikkeleg innarbeidd først.

I motsetnad til mange andre nyord blir dei personlege pronomena dessutan normerte gjennom særskilde rettskrivingsvedtak. Til dømes gjekk objektforma honom ut av den offisielle nynorskrettskrivinga i 2012. I dialektane finst mykje pronomenbruk som ikkje er med i den vedtekne rettskrivinga. Terskelen for pronomenformer i rettskrivinga er høg.

Den svenske lingvisten Östen Dahl hevdar på bloggen sin at det svenske hen heller bør kallast eit kvasipronomen enn eit grammatikalisert pronomen. Kvasipronomen blir bruka på same måte som ekte pronomen, men dei er ikkje grammatikaliserte. Norske døme kan vera vedkomande og Dykkar Majestet for høvesvis han eller ho og du.

Dersom målet er å få hen i ordbøkene så snart som råd, kunne det løna seg å leggja til grunn at det er eit kvasipronomen. Men skal det vinna fram i bruk, er det viktigare kva det er, enn kva ein kallar det.

Språkbruken avgjer

Språkrådet har altså desse råda:

Nja til kjønnsnøytralt hen. Bruk helst etablerte kjønnsnøytrale alternativ i generell omtale av personar når du skriv for det offentlege eller på vegner av folk du ikkje har rådspurt.

Ja til kjønnsoverskridande hen. Strekk deg generelt eit stykke for å koma andre grupper i møte dersom dei vil bli omtala på ein viss måte – eller vil sleppa å bli det.

Tja til oppføring i ordbøkene. Det vil seia at vi ventar, men følgjer med på utviklinga i språksamfunnet.

 

-- Daniel Gusfre Ims er seksjonssjef i Språkrådet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter