Mellomnamn – for offentleg bruk?

No image

Mellomnamn har kome i dagleg bruk dei siste tiåra fordi stadig fleire av oss har fått slike namn og gjerne vil vise dei fram. Ola Borten Moe blir ikkje berre kalla Moe, men Borten Moe. Er du i tvil om kva ein person føretrekkjer: Bruk begge.

AV IVAR UTNE

I Noreg er mellomnamn eit familienamn, ikkje eit førenamn, slik mange trur. Ida Marie Dal Hansen heiter Ida Marie til førenamn, Dal til mellomnamn og Hansen til etternamn. Folk som har mellomnamn, brukar dei ikkje alltid. Det kan vere namn folk hadde som etternamn før dei gifta seg. For barn er det oftast etternamnet til den av foreldra som dei ikkje har etternamn frå. Den formelle nemninga mellomnamn kom frå 1965, før stod det sist blant førenamn.

Helst frå familien

Mellomnamn kan vi hente blant mellom- og etternamn hos tippoldeforeldre og seinare, og frå ektefelle eller sambuar. Dessutan kan vi få fars eller mors førenamn med ending, slik som Jansson, Jansdotter og Karisson. Til mellomnamn kan vi òg velje etternamn som ikkje er verna (over 200 berarar), og dessutan sjeldnare etternamn med samtykke frå berarane. Eller vi kan lage nye namn. Mellomnamn kan vi ha eitt, to eller fleire av. Det er mogleg å heite Ida Marie Karisdotter Berg Strand Dal, der Karisdotter Berg Strand er tre mellomnamn.

Av fødde i 2014 fekk halvparten mellomnamn. Tidleg på 1900-talet var det 2,5–5 %, mest for gutane. Veksten kom særleg frå rundt 1970.

Fram til etter midten av 1900-talet har mellomnamn sjeldan blitt brukte til dagleg og helst vore knytte til eitt eller få søsken. At alle søsken har like mellomnamn, er ein skikk som har spreidd seg seint på 1900-talet, saman med auke i bruken. Frå same tid har òg den synlege bruken av mellomnamn og etternamn i dagleglivet blitt vanleg, og likestilling har blitt eit viktig motiv.

Kvinner har frå 1940-åra meir og meir gjort om tidlegare etternamn til mellomnamn då dei fekk mannens etternamn. Det låg på rundt 40 % før tusenårsskiftet. Fordi rundt halvparten i familiære parforhold no er sambuarar som sjeldan skiftar etternamn, har omfanget av kvinner som endrar til mellomnamn, falle til rundt 20–25 %. Eit par prosent av mennene vel motsett veg. Dette forklarer at langt fleire kvinner (30 %) enn menn (20,5 %) har mellomnamn no.

To namn med ulik bruk

Dei siste åra har vi hatt ein auke òg i doble etternamn i Noreg. Dei skal alltid brukast i lag og blir som regel skrivne med bindestrek, som Dal-Hansen. Det har vore eit samspel mellom bruken av doble etternamn og kombinasjonen mellomnamnog etternamn, som begge har vore i bruk sidan 1700-talet. Begge typar namnebruk fører oftast vidare etternamn frå ulike slekter.

Frå rundt år 1900 var det mange, særleg i byane, som hadde like sen-namn til etternamn, for eksempel Olsen. For å skilje seg ut var doble etternamn ei praktisk løysing. Ofte var det første og mest særprega etternamnet henta frå eit gardsnamn som folk hadde tilknyting til, slik som Lie-Nielsen. Denne namnetypen har historisk sett gått vidare i same form til nye generasjonar, medan mellomnamn oftast skiftar frå generasjon til generasjon.

Myndigheitene praktiserte ei streng linje for godkjenning av doble etternamn frå 1923 (samstundes med ny namnelov) til og med 2002, særleg fordi dei var rekna å vere i strid med norsk namnetradisjon. Ut gjennom 1990-åra auka ønskjet om å få doble etternamn. Det var dessutan ønskje om å få ta i bruk namn frå ektefellen som eige mellomnamn eller som del av dobbelt etternamn. Slike likestillingsmotiverte ønskje var viktige grunnar for å fornye namnelova, og dei kom med i lova frå 2003.

Doble etternamn blir no forma for barn og ektefeller på ein måte som liknar mellomnamnbruken. Neste generasjonar får ikkje ha tre eller fire etternamn, og ein må velje to. Mest truleg vil neste generasjonar setje saman doble etternamn på nytt, slik at dei ikkje går vidare i same form. På den måten blir dobbeltnamnbruken meir lik mellomnamnbruken, som helst skiftar. Vil ein ha med fleire enn to etternamn frå familien, må dei bli mellomnamn.

Før det blei opna for doble etternamn att i 2003, hadde knapt 1 % doble etternamn. Eit fleirtal av berarane hadde bindestrek. Færre hadde doble etternamn utan bindestrek, som skal brukast begge to, og som ikkje inneheld mellomnamn.

I 2015 ligg talet på doble etternamn med bindestrek på rundt 2 %. Blant fødde har det dei siste par åra vore rundt 8,5 % med doble etternamn (ca. 4500). Litt under halvparten så mange vaksne endrar kvart år til doble etternamn (ca. 2000).

Doble etternamn utan bindestrek kan vere vanskelege å skilje frå kombinasjonen mellom- og etternamn. Namna har helst kome frå spansk, portugisisk og arabisk namneskikk. Derfor kan språkforma gje støtte. Ifølgje namnelova skal også folk med slike namnetradisjonar setje inn bindestrek i nye generasjonar. Eit fåtal doble etternamn utan bindestrek (under 1000 berarar) er namn som familiar i Noreg hadde fått før namnelova i 1923, og der er vi avhengige av berarane sjølve eller folkeregisteret.

Bruk mellomnamnet

Bruk av mellomnamn fører ofte til usikkerheit om kva ein skal kalle folk, kor folk skal stå i alfabetiske register, og korleis ein skal søkje i dataregister. Noko kan løysast teknisk.

I dagleg tiltale og omtale er det no utbreidd å bruke mellomnamnet saman med etternamnet slik at det liknar doble etternamn. Med det kan ein vise tilknyting til begge foreldra, til slekt lenger bak, eller vise at ein er i parforhold. Det vekslar òg med brukssituasjon og truleg ofte med kor vanleg etternamnet er. Eksempel på namn er Astrid Uhrenholdt Jacobsen, Martin Johnsrud Sundby og Martine Ek Hagen. Eller dei kan brukast utan førenamnet, slik vi ofte møter dei i media, som Uhrenholdt Jacobsen og Borten Moe.

Slik dagleg bruk av mellomnamn er no godt synleg for folk opp i 30-åra, og for mange eldre enn dette. Sjølv om langt frå alle med mellomnamn brukar namna dagleg, spreier bruken seg. Han er i ferd med å konkurrere ut den eldre skikken der folk blir omtalt med berre det offisielle etternamnet, slik at Jonas Gahr Støre helst brukar berre Støre. Dessutan blir bruken av mellomnamn langt på veg oppfatta lik den eldre skikken med doble etternamn.

Etter vanleg skikk brukar vi gjerne namn slik berarane sjølv ønskjer, som for utval av førenamn og for uttale. Slik er det òg rimeleg at vi følgjer opp for mellomnamna. Er vi i tvil korleis vi skal omtale ein person, er det mest passande å ta med mellomnamnet fordi det for mange uttrykkjer positive kjensler. Berarane kan feie bort noko tvil med å få endra namna til doble etternamn skrivne med bindestrek, slik namnelova har lagt til rette for.

 

-- Ivar Utne er førsteamanuensis i nordisk språk ved Universitetet i Bergen og var med i arbeidsgruppa som utarbeidde framlegg til dagens namnelov. Statistikken er frå Statistisk sentralbyrå.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:21.05.2015 | Oppdatert:27.01.2021