Romani, språket til taterane

No image

For fyrste gong kjem det ut ei bok som er skriven på romani i Noreg. Urettane har vore mange og store mot dei reisande og språket deira, og mange har kvidd seg for å stå fram. Kanskje er dette starten på ein ny vår for taterspråket vårt?

AV ROLF THEIL

I haust kjem boka Vandriane rakkrar (’taterane fortel’) ut på Novus forlag. Utgjevinga er ein milepåle: Aldri før har det blitt gjeve ut ei bok i Noreg med romani som hovudspråk. Taternes landsforening står bak utgjevinga, og taterane Mariann Grønnerud og Anna Gustavsen har laga teksten, i samarbeid med ein buro, nemleg meg, som språkvitskapleg fagmann. I boka fortel nokre eldre taterar om livet sitt. Boka inneheld òg omsetjing av romaniteksten til bokmål og nynorsk.

Romani i Europa

Romani er eit norsk minoritetsspråk som blir tala av romanifolket/taterane. I internasjonal språkforsking er romani namnet på ei genetisk definert gruppe av språk som blir tala over det meste av Europa, og som også omfattar romanes. I Noreg er derimot romani og romanes to forskjellige, nasjonalt godkjende minoritetsspråk.

Det er vanleg å dele språkgruppa i fire greiner: balkan-romani på Balkan, valakisk romani i Romania, sentral-romani i Tsjekkia, Slovakia, Ungarn, Austerrike og tilgrensande område og nord-romani i resten av Europa.

Både romane og taterane i Noreg snakkar språk som språkforskarane kallar romani. Språket til romane er valakisk romani, mens språket til taterane, norsk romani, er ein variant av nord-romani. Norsk romani ligg så nær svensk romani at somme slår dei saman under namnet skando-romani, jamfør boka Skandoromani av Åsta Mari Aune (2012). Her er ei lita setning på romanes og (norsk) romani for å vise likskap og skilnader:

romanes

O raklo

kerelas

šuran

taj

bikinelas

len.

romani

Rakklon

kera

tjuroar

å

bekkna

dæsjno.

norsk

Guten

laga

knivar

og

selde

dei.

Romani er i denne artikkelen skrive med den romanirettskrivinga som eg har laga under arbeidet med boka Vandriane rakkrar. Vi ser den leksikalske likskapen mellom dei to språka. Derimot er det store skilnader i ordbøyinga. Romanes har eit bøyingssystem med røter i eit 700–800 år gamalt urromani, mens norsk romani har bøyingar med opphav i norsk og svensk språk. Norsk romani er også sterkt påverka av det norsk-svenske lydsystemet.

Urromani

Både romani og romanes og andre romanispråk over heile Europa stammar frå urromani, som blei tala på Balkan på 1300-talet. Talarane og språket deira stamma frå India. Språket hadde eit ordtilfang og ein grammatikk som stod nær moderne indoariske språk som hindi, urdu og panjabi, men vi veit ikkje nøyaktig kva tid forfedrane til dei romanitalande forlét India. Etter eit par hundre år hadde romanitalande grupper spreidd seg over heile Europa, og dei nådde Norden kring år 1500. Etter kvart utvikla det seg store geografiske skilnader.

Nokre romanispråk – som norsk romani, svensk romani, engelsk romani og spansk romani – tok over grammatikken frå majoritetsspråket i området der dei heldt til, mens andre – mellom anna finsk romani og valakisk romani – heldt ved lag grammatikken frå urromani. Romanes blir tala av romar som kom til Noreg (og mange andre delar av Vest-Europa) frå Romania på 1860-talet.

Romanifolket

I denne artikkelen kallar eg den romanitalande folkegruppa for taterane, men dei er òg kjende som romanifolket og dei reisande. Når dei omtalar seg sjølve, seier dei ofte folket vårt. Ikkje alle taterar er så glade i ordet tater, fordi storsamfunnet har nytta det på eit svært nedsetjande vis, men andre ønskjer å «ta ordet tilbake». Romanifolkets landsforening (skipa i 1995) bytte i 2005 namn til Taternes landsforening, mens organisasjonen Landsorganisasjonen for romanifolket(skipa i 2000) held på romanifolket. På romani finst det òg fleire ord for tater, men vandring (fleirtal vandriar) er truleg det vanlegaste. Folk som ikkje er taterar, blir kalla buroar (eintal buro). Buro tyder òg ‘bonde’, og taterane kallar ofte ikkje-taterar for bønder når dei snakkar norsk.

Vi veit ikkje kor mange som kan snakke norsk romani, sjølv om vi nok kan hevde at alle taterar har norsk som fyrstespråk. Vi veit heller ikkje kor stor folkegruppa taterane er, mellom anna fordi det er vanskelege å telje dei. Det har aldri vore ein fordel å stå fram som tater i det norske samfunnet, og mange gjer det heller ikkje. Noko av forklaringa er omtala i Stortingsmelding nr. 15 (2000–2001): «Regjeringa vil gjennom denne meldinga be om orsaking for dei grove overgrepa romanifolket har vore utsett for av eller med aktiv støtte frå legale norske styresmakter.» Det er til dømes dokumentert at 128 personar med taterbakgrunn blei steriliserte med offentleg løyve i perioden 1934–1977. Etter krigen blei taterane i stor grad pressa ut or tradisjonelle omreisande næringsvegar, som resultat av reguleringar frå styresmaktene.

Manglar i ordtilfanget

Boka Vandriane rakkrar har blitt til ved at tekstane i heftet Taterne forteller blei sette om til romani. Heftet, som er skrive på bokmål, kom ut i 2006 og var redigert av Anne-Mari Larsen frå Dronning Mauds Minne ved Høgskolen for førskoleutdanning i Trondheim og Anna Gustavsen frå Taternes landsforening. Det var ein lang prosess å setje om tekstane til romani, mellom anna fordi ordtilfanget er mangelfullt på fleire felt.

Anna Gustavsen og Mariann Grønnerud har reist rundt i store delar av landet og rådført seg med språkmeistrar. I dag kjenner vi mange ord som ikkje er med i dei største ordbøkene, som The Romany language in Norway av Ragnvald Iversen (1944), Hemmelige språk og tegn av Øyvin Ribsskog (1945) og Romani-folkets ordbok av Ludvik Karlsen (1993). Alle romaniorda som er nytta i Vandriane rakkrar, er samla i ordlister bak i boka, og det er håpet vårt at boka skal vere til hjelp og nytte for alle som vil lære seg eller friske opp romanien sin. Vi ønskjer romani ei ny blømingstid!

 

-- Rolf Theil er professor i lingvistikk ved Universitetet i Oslo.


MINORITETS- OG URFOLKSSPRÅK I NOREG

Eit overordna mål for språkpolitikken i Noreg er å halde ved lag og fremje nasjonale minoritetsspråk og samiske språk. Målet er heimla i fleire stortingsmeldingar, norske lover og forskrifter og internasjonale avtalar.

Dei siste 20 åra har den minoritetsrettslege statusen blitt styrkt ved at Noreg har ratifisert Europarådets rammekonvensjon om vern av nasjonale minoritetar og Den europeiske pakta om regions- og minoritetsspråk. Språkpakta er meir detaljert og omfattande enn rammekonvensjonen. I rammekonvensjonen er det eit grunnleggjande prinsipp å inkludere minoritetar i saker som gjeld dei.

Urfolk og
nasjonale minoritetar
Godkjende regions-
og minoritetsspråk
samar sør-, nord-, lulesamisk
kvener/norskfinnar kvensk
skogfinnar  
jødar  
romar (sigøynarar) romanes
romanifolk/taterar romani

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter