Heimebryggja ord

Dei såkalla mikrobryggeria har vorte svært populære dei siste åra. Vi kan no meske oss med øl som smakar heilt annleis enn det vi er vande med. Ein kan sløkkje tørsten med India pale ale, porter, stout, märzen, saison, lambic og mange andre med opphav i land med rike øltradisjonar. Namna på ølslaga ber også preg av det.

Tilpassing eller omsetjing?

Nokre ølslag har vi hatt lenge, som til dømes pils, lager og bokkøl. Fleire av orda har runne inn i norsk med ein skrivemåte som er nokolunde tilpassa uttalen. Døme på det er pils, som kjem av det tsjekkiske plzen (og dei tyske variantane Pilsner og Pils), og bokkøl, som kjem av det tyske Bockbier. I andre tilfelle har ein rett og slett omsett ordet, som kveiteøl for Weizenbier (ofte kalla Weißbier, ’kvitøl’).

Stautt øl, stautøl

Om ein tørstar etter norske ord for desse øltypane, kan ein gjere som ein har gjort før: tilpasse etter uttale eller omsetje. Stout er eit mørkt øl som ofte smakar kaffi og sjokolade. Smaken kan vere kraftig, så her kan ein beint fram ta snarvegen og kalle det for stautøl. Faktisk kjem ordet staut frå det engelske stout, så her er etymologien på vår side.

For den nærskylde øltypen porter, som også er for staute øldrikkarar, treng ein ikkje gjere rare tilpassinga. Ordet fungerer godt på norsk, sjølv om den opphavlege meininga går tapt. Det var i si tid favorittdrikken til berarar og andre kroppsarbeidarar i Storbritannia, derav namnet porter.

Indiaøl

Den sterke bittersmaken i India pale ale (oftast forkorta IPA) er det mange øldrikkarar som verdset. Her har vestlandsbryggeriet Kinn og fleire andre ølkjennarar nytta indiaøl som norsk ord, og det er ein god idé. I kolonitida vart denne øltypen utvikla for eksport til India, og nokre meiner at det måtte ekstra humle til for å tole den lange overfarten. Indiaøl er eit kort ord og difor eit godt alternativ til forkortinga IPA.

Før nytta ein ulike humletypar i eitt og same indiaøl. I det siste har det dukka opp indiaøl som berre har éin humletype. Det vert kalla single hop. Eit godt norsk alternativ kan vere einhumla øl. Ord av eigen sats smakar ofte best.

 

-- Av Ole Våge, seniorrådgjevar i Språkrådet

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter