Elvefar og bekkeløp

Elv er ’elv’, og far er det same ordet som i til dømes fotefar, som er spor ein lèt etter seg i terrenget. Rota i verbet å fara høyrer òg med her. Det gjer også rota i verbet å løpa i bekkeløp.

Norrøn ordbok har to hankjønnsord bekkr, det eine tyder ’bekk’, det andre ’benk’. Også bøyinga av dei er heilt lik.

Det engelske ordet bank tyder både ’elvebreidd’ og ’bank’, medan bench tyder ’benk’.

Den største elva i Spania heiter Guadalquivir. Namnet kjem frå arabisk og tyder ’storelv’. Det arabiske ordet wadi, som i Spania vart til guad, tyder på arabisk både ’dal’, ’elvefar’ og ’elv’. Det er lett å skjøna, for i tørketida er det inga elv der. Det som på spansk vart til quivir, heiter kebir på arabisk og tyder ’stor’, jamfør Allahu akbar ’Allah er stor’.

Guadalquivir kan vera beinveges omsett frå spansk Rio Grande, som kan ha heitt Rivus grandis på latin. Men rivus tyder opphavleg berre ’bekk’. Rio Grande, grenseelva mellom Texas og Mexico, og Guadalquivir, den største elva i Spania, tyder altså det same.

 

-- Av Svein Nestor, cand.philol.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:23.09.2014 | Oppdatert:27.01.2021