Kjære lesar!

Det norske språket er lite jamført med engelsk og kinesisk, i den tydinga at det er færre som bruker det, men norsk er stort jamført med dei aller fleste andre språk. Norsk teiknspråk er lite jamført med norsk, men stort jamført med mange andre språk. Likevel må teiknspråkbrukarane i Noreg ofte slite med at språket deira blir oversett og gløymt. Nokon lèt seg nok enno lure av den fysiske skilnaden mellom teiknspråk og talespråk og tenkjer på teiknspråk meir som gestikulering enn som språk. Dei burde få vite betre.

Direktør i Språkrådet Arnfinn Muruvik VonenNett som samane og dei som taler dei nasjonale minoritetsspråka (kvensk, romanes og romani), må teiknspråkbrukarane sjå attende på ein lang periode då det norske storsamfunnet undertrykte språket deira. I kring hundre år, fram til 1980-talet, vart norsk teiknspråk for det meste sett på som uønskt i klasseromma. Ikkje før språkforskarane oppdaga at teiknspråka er bygde opp på den same nyanserte måten som talte språk, vart læreplanar og lovparagrafar endra, og dei byrja ta omsyn til norsk teiknspråk. Og først med stortingshandsaminga av språkmeldinga Mål og meining i 2009 vart norsk teiknspråk fullt ut anerkjent som ein del av den norske kulturarven.

Framleis hender det at foreldre til barn med nedsett høyrsel blir frårådde å la barnet vekse opp tospråkleg, med teiknspråk i tillegg til det norske tale- og skriftspråket. Og høyrande barn frå teiknspråklege heimar må enno ofte leggje att morsmålet heime når dei skal på skulen. For eit barn er det ikkje så viktig om språket er stort eller lite, viss det er det ein kan best.

Les intervjuet med sosialantropologen Hilde Haualand, som braut ein barriere då ho som den første i historia forsvarte doktoravhandlinga si på norsk teiknspråk. Og les alt det andre vi har laga i stand til deg i denne utgåva av Språknytt. God lesnad!

Arnfinn Muruvik Vonen

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:10.06.2014 | Oppdatert:27.01.2021