Norsk språkkringkasting

No image

Dialekt og målform. Teksting og ordval. Diksjon og pauselydar. Den nye språksjefen i NRK har nok å halde styr på i Noregs største medieinstitusjon. For meiningane er mange blant årvakne lyttarar og sjåarar.

AV ERLEND LØNNUM

Då Knut Olav Åmås, statssekretær i Kulturdepartementet, besøkte Marienlyst i januar, streka han under at NRK er den viktigaste kultur- og medieinstitusjonen i landet, og at NRK derfor har eit spesielt ansvar for språket.

– Vi veit at vi er viktige for mange, og vi ønskjer å vere det. Vi lyttar til publikum, og vi tar språket på alvor. For språket er ikkje ei privatsak, seier språksjefen sjølv, Ragnhild Bjørge. I ei verd med stadig meir tekstproduksjon også i etermediehusa, var tida mogen for å engasjere ein leiar som skal samle og samkøyre språkarbeidet i organisasjonen.

Ragnhild Bjørge blei i oktober tilsett som den første språksjefen i NRK. Ho har fartstid frå NRK som journalist og programleiar og har sete i rettskrivingsnemnda for den siste nynorskreforma.

Språkmektig aktør

Mange nordmenn har NRK som rettesnor og lit på at institusjonen forvaltar det norske språket godt.

– Folk har alltid hatt ei sterk eigedomskjensle for oss. Dei bryr seg om oss, og dei krev at alt skal vere riktig og presist. Og sidan NRK framleis har ein så sterk posisjon, gjer vi det vi kan for å styrkje språket. Men det er ikkje alltid så lett å følgje opp alt, vedgår den nytilsette språksjefen.

Det veit Bjørge alt om frå den tida ho sjølv var språkkontakt i dagsnyttredaksjonen på Marienlyst. No er ho leiar for eit språkkorps på vel 40 NRK-medarbeidarar rundt om i landet, og noregsturneen er alt i gang.

– Dei lokale språkkontaktane har nesten vore satellittar der dei har sete aleine og arbeidd for seg sjølv. Eg ønskjer no å involvere alle ved å tilby kurs og seminar og samordne arbeidet med den lokale leiinga og språkstyret i Oslo. Eg kjem til å besøkje dei og følgje dei opp så godt eg kan, lovar ei husvarm Bjørge. Ho har vore nyheitsjournalist i NRK i mange år og kjenner organisasjonen og rutinane godt. Ho veit med andre ord kvar skoen trykkjer.

– Eg vonar at det gjer det lettare for kollegaer å ta kontakt. Og sidan eg ikkje er lingvist sjølv, spør eg kloke hovud på huset til råds og samarbeider med eksterne krefter som Språkrådet og universiteta. Det er viktig når det handlar om godt og rett språk.

Rusk og rask i ordvendinga

– Journalistar i radio og fjernsyn må skrive stadig meir og stadig raskare, sidan sakene gjerne skal publiserast på nett samstundes. Taletempoet har òg blitt høgare, og vi brukar meir dialekt i sendingane i dag. Derfor treng NRK meir enn nokon gong ein overordna strategi for arbeidet med både munnleg og skriftleg språk, meiner Bjørge. For at planane skal kunne fungere for alle, vil ho forankre strategien både i plandokument og hjå sjefar og andre tilsette.

Bjørge skal vidare utarbeide retningslinjer for dialektrøkt, eit nybrotsarbeid i denne samanhengen. Mellom anna skal ho setje i gang eit arbeid for å sjå korleis det har gått etter at NRK opna for meir dialektbruk i kanalane sine i 2007.

– «Eg skjønar ikkje kva journalistane seier, dei knotar for mykje», klagar folk til meg, anten fordi dialekten er framand for dei, eller fordi dei ikkje forstår kva som er normert mål, og kva som er dialekt. Det er jo ikkje så mange som snakkar normert til dagleg. Vi er i utgangspunktet positive til dialektfarging, men vi må kunne ta omsyn til begge delar. Og vi må hugse på at det er skilnad på dårleg diksjon og dialekt og mellom dei ulike programma vi sender. Derfor har vi ulike krav for riksnyheiter og program som «Sommeråpent» og «Nitimen», forklarar Bjørge, som har hatt ei rekkje verv i målrørsla.

– Eg kjenner godt forventningane og utfordringane i nynorskmiljøet. Eg veit korleis det er å vere nynorskbrukar i dag, og korleis mållova fungerer. I NRK skal vi framleis følgje aktuell språkpolitikk, og det med både Riksmålsforbundet og Mållaget i tankane. Då er det ein fordel å kjenne landskapet, for det er lett å provosere og skape konfliktar. Heldigvis er det mykje kompetanse og hjelp å hente. Så dei som trur at eg skal gjere NRK om til eit mållag, har ikkje noko å frykte, humrar ho.

Feil på nettet

Det er nytt for mange NRK-journalistar at dei også må levere sakene sine til nett. Dei blir av den grunn tilbode kurs som «Erfaren journalist, ny på nett» i regi av kompetanseavdelinga. Der dreier det seg ikkje berre om journalistiske dydar som god nettvinkling og lesbarheit, men også om å skrive godt, skal vi tru språksjefen.

– Mange medarbeidarar synest nettsatsinga er skremmande. Dei er ikkje vande til at alle skal kunne lese det dei skriv. Og det er annleis å skrive for nett. Ein må tenkje på rettskriving på ein heilt annan måte, meiner Bjørge.

– I ein travel arbeidskvardag held det ikkje med berre retteprogram og intuisjon. Ein må også vere språkleg medviten og tore å spørje kollegaer om hjelp. Kompislesing er då ein god rutine, tilrår ho.

– Éi sak er å skrive feil idet noko dramatisk skjer, men så må ein konsentrere seg om å få det riktig i neste omgang, elles går det på truverdet laus. Og vi har ikkje råd til at brukarane våre byrjar å tvile på oss. Folk er nemleg så engasjerte og følgjer så nøye med at vi må skjerpe oss heile tida.

Meir ris enn ros

NRK har alltid fått ærleg tilbakemelding frå engasjerte brukarar, både frå dei kresne og velmeinande og dei grinete og sinte. Det veit den erfarne NRK-journalisten mykje om.

Den eine dagen seier ein lyttar til ho: «Tusen takk for at du er på jobb, det er så godt å vakne om morgonen og høyre at verda er trygg!» Samstundes ringer ein skeptikar og ber ho velje ei anna vinkling neste gong det er snakk om kjensleladde utanrikssaker om til dømes Palestina og Israel. «Og med det same: ’Ei FN-utsending’ heiter det for all del ikkje! Bruk ‘ein utsending’, for ei utsending er det posten som driv med.»

Og den neste dagen hissar ein sjåar seg opp over målet til ein kollega: «Grautmål burde du holde deg for god til å bruke på eteren, det finnes vel andre jobber for sånne som deg!»

Elles er stygge ord noko av det folk reagerer mest på ved fjernsynssendingane. Dei siste åra har det beviseleg blitt meir banning, endåtil i familieprogram som «Stjernekamp» og «Ikke gjør dette hjemme». Nokre meiner til og med at NRK må stoppe intervjuobjekt som banner for mykje.

– Det går no ein stor debatt om temaet bannskap i organisasjonen. Kvar skal grensa gå? Og er det forskjell på banning i program der ein brukar manus og spontan tale? spør Bjørge.

Pausefyll

Andre irritasjonsmoment er feil eller slurvete uttale. «Metrolog» i staden for meteorolog er ein gjengangar. Eit skarpskodd publikum presiserer ofte at vêrmeldinga ikkje har med undergrunnsbaner (metro) å gjere, men med noko som er oppe i lufta (meteor). Eit anna døme er samansmeltinga av lydane «kj» og «skj», som gjer kje til skje og killing til skilling.

– For ei tid sidan laga ein radioreporter ei sak om norske apotekkjeder. Reportasjen blei for så vidt god, men fordi journalisten gjennomgåande sa «skjeder» i staden for «kjeder», stoppa vaktsjefen heile saka, for feiluttalen var så forstyrrande og gav folk rare bilete i hovudet, fortel Bjørge.

Protestane gjeld òg overdriven bruk av pauselydar som «mmm» og «øøø» og tomgangstaktar som på ein måte, fokus på og den klare vinnaren i forhold til, som ein nærmast kan rekne som eigne pauseord.

– Politikarar brukar ofte «i forhold til» når dei ikkje veit kva dei skal seie, og det har publikum fått med seg: «Dette MÅ du få slutt på. Det er det minste vi kan krevje av ein språksjef!» jamrar dei med rette. Så finst det faktisk politikarar som har bedt meg om å vere så snill og stoppe dei viss dei tyr for mykje til «i forhold til», for dei synest det er så flautt å høyre på det i ettertid.

Ynske/ønske om husnorm

Det er også dei som ønskjer at NRK skal innføre ei eiga rettskriving. Burde dei bruke diftongar og to eller tre grammatiske kjønn i bokmål? Burde dei velje å ynskje eller ynske, ønskje eller ønske? Og kva med a-infinitiv og e-infinitiv, er begge delar greitt på NRK-nynorsk?

– Vi held oss tradisjonen tru til den offisielle rettskrivinga, så journalistane står fritt til å velje former innanfor norma, slik dei er vande til. Samstundes vil mange at vi skal velje for dei ved å lage ei eiga NRK-norm. Vi diskuterer no om vi faktisk kan og bør det. Ikkje overraskande er det sterke meiningar om temaet. For viss ei norm blir for stram, kan det fort bli opprør her på huset, åtvarar Bjørge. – Har vi i så fall ressursar til slikt eit stort normeringsarbeid? Og kva nivå skal vi leggje oss på?

Éin ting er i alle fall sikkert: Den nye språksjefen får høyre det uansett, for folk bryr seg om språkføringa i radio og fjernsyn.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:11.03.2014 | Oppdatert:27.01.2021