Fagtermar ved universitet og høgskolar

Mange universitet og høgskolar har fått språkpolitiske retningslinjer for å ivareta og utvikle bruk av norsk fagspråk og terminologi. Men korleis kan dette gjerast i praksis?

AV OLE VÅGE

I paragraf 1–7 i universitets- og høgskolelova står det at sektoren sjølv har ansvar for å vedlikehalde og vidareutvikle norsk fagspråk. Eit konkret tiltak er å samle inn og tilgjengeleggjere fagterminologi på eit fagfelt. Dette kan gjerast ved hjelp av såkalla termbankar, som er databasar med fagterminologi. Studentar som til dømes nyttar engelskspråkleg pensum, kan slå opp ein engelsk fagterm i basen og få vite kva den heiter på norsk. I tillegg vil ein få ein definisjon.

Mønsterpraksisprosjekt

Korleis kan eit fagfelt så gå fram for å fylle ein termbank med innhald? I fjor sette Språkrådet i gang eit mønsterpraksisprosjekt som skulle teste ut metodar for å gjennomføre eit slikt arbeid. Som termbank vart Språkrådets termwiki nytta (jf. Språknytt nr. 3/2013).

Ei gruppe på sju kjemikarar frå Universitetet i Oslo og Universitetet i Bergen prøvde ut ulike arbeidsmåtar for å samle inn og tilgjengeleggjere kjemisk terminologi i termwikien. Erfaringane frå prosjektet vil kome andre fagfelt som ønskjer å gjennomføre liknande prosjekt, til gode. Språkrådet ønskjer å stø akademiske fagmiljø som vil setje i gang med terminologiarbeid, og kjem til å lyse ut midlar til det.

Tilrådingar frå Språkrådet

Ei arbeidsgruppe i eit terminologiprosjekt bør springe ut frå eit akademisk fagfelt og vere på fem til åtte medlemmar frå ulike universitet og høgskolar. I tillegg til fagfolk bør det vere med ein terminolog i gruppa.

Prosjektet kan ta utgangspunkt i pensumbøker, der ein hentar ut fagtermar som studentane møter på. Ein masterstudent kan få betalt for å gjere dette. Forslag til definisjonar kan hentast frå relevante fagordbøker, også framandspråklege. Materialet bør leggjast fram til diskusjon under arbeidsmøta. Arbeidsgruppa bør møtast minst to gongar i året, og resultatet må leggjast inn i ein termbank.

På Språkrådets nettsider kan ein finne ein rapport og ein rettleiar med mange fleire tilrådingar på grunnlag av mønsterpraksisprosjektet.

 

-- Ole Våge er seniorrådgjevar i terminologitenesta i Språkrådet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:11.03.2014 | Oppdatert:27.01.2021