Medieord på norsk

No image

Mediebransjen er i rivande utvikling, og journalistane tek i bruk nye ord for å beskrive den nye kvardagen. Berre synd dei vel å bruke engelsk, for norsk har like mykje å by på. Ver så god, mediefolk, her er fem norske på rappen!

1 Pitch

Journalistar snakkar ofte om pitch, ein kort presentasjon som skal overtyde redaktøren om at ei sak bør trykkjast. Omgrepet vert nytta i fleire bransjar om det å selje inn ei sak eller eit produkt. Mange nyttar allereie det sjølvforklarande norske ordet innsal, og vi meiner at fleire burde gjere det – i staden for å strø om seg med engelske ord.

2 Clickbait

Vi er ganske leie av å bli lurte, men lèt oss lure likevel. Dei siste åra har overskrifter, særleg i nettartiklar, freista oss til å klikke vidare og lese sjølve artikkelen. Ofte lovar overskrifta meir enn artikkelen kan halde. Som norsk alternativ til clickbait har vi fått mange kreative forslag: åtelenke, lureklikk, luretittel, klikklokking, lokkeoverskrift og hulderlenkje (!), men vi har mest sansen for klikkagn og klikkfang (som i blikkfang).

3 Stringer

Større mediehus lyser ut stillingar som stringer, ein frilansar som har ei tilknyting til eller ein avtale med ein oppdragsgjevar. Nokre kallar det for frilans med kontrakt. Ofte gjeld det korrespondentstillingar, og då kan ein godt nytte tittelen frilanskorrespondent, som allereie er i bruk.

4 Layout

Mange bransjeord er godt innarbeidde engelske ord, til dømes layout, som også er normert på norsk. Men fleire nyttar i staden norske omgrep som grafisk utforming eller oppsett. Og ein kan fint nytte namnestripe eller signatur for byline og (tids)frist for deadline. Slikt gjer språket lettare tilgjengeleg for oss andre.

5 Listicle

Fleire avisartiklar er bygde opp av nummererte punktlister. Det vert gjerne kalla for listicle på engelsk (list + icle frå article). På norsk fungerer det betre med listeartikkel. Og dette fenomenet kan vi like godt kalle listejournalistikk – ikkje ulikt oppsettet her denne gongen.

 

-- Ole Våge, seniorrådgjevar i Språkrådet

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:03.03.2017 | Oppdatert:27.01.2021