Alskens om alskens

Få av oss tenkjer på kjønn når me brukar ordet alskens. Ikkje så rart, kanskje, når alskens tyder ‘allslags’. Kva om eg seier at alskens strengt teke tyder ‘alle kjønn’? Det opnar for andre måtar å bruka alskens på – somme kjønnsforskarar har allereie snusa på ordet.

AV KRISTIN FRIDTUN

I kvardagsmålet er ordet alskens godt å ha: Det er lett å gripa til når me ikkje orkar eller ikkje treng å gå i detaljar. Alskens målber at det er tale om eit mangfald, ymse slag av noko, og me kan nytta det om kva som helst. Du kan koma med «alskens orsakingar», bruka «alskens rare ord», ha «alskens plager» og så bortetter. Alskens er eit lettvint ord som sparer oss for mange lange utgreiingar.

Samstundes er alskens eit litt vagt ord som det er vanskeleg å få godt tak på. Tydinga er vid og luftig, og forma er ikkje så lett å gjennomskoda. Kva gøymer seg bak skrivemåten alskens?

Efter den danske Form

Litt flåkjefta sagt er alskens ei fordanska – og dermed forvanska – form. Ut frå etymologi og norsk rettskriving er allkjønns eller allskjønns den likaste skrivemåten. Ja, sistelekken -kens i alskens er -kjønns i forkledning.

Ivar Aasen fastsette skrivemåten allskyns i landsmål, heilt i tråd med norrønt allskyns, altså allskjønns i moderne norsk. Då la Aasen meir vekt på samanhengen med kyn (kjønn) enn gjengs uttale av ordet, for under oppslaget i Norsk Ordbog har han lagt til denne uttaleopplysninga: «Oftest lempet efter den danske Form: alskjens

Føremålet her er likevel ikkje å lasta danskane for den ugjennomsynlege skrivemåten alskens. I så fall hadde det vore formildande at både Søren Kierkegaard og Georg Brandes skreiv alskøns.

Mangfaldig kjønn

Hovudsaka er at alskens er eit sprell levande døme på at ordet kjønn opphavleg femnde meir enn berre ‘kvinne el. mann, hanne el. hoe; sum av fysiologiske eigenskapar’ og liknande. Sant å seia er det temmeleg nytt å bruka kjønn i så trong tyding som me gjer i dag. For atter å visa til Ivar Aasen: Under oppslagsordet kyn i Norsk Ordbog set Aasen tydinga ‘Slægt, Familie’ fyrst, dinest kjem tydinga ‘Kjøn (sexus)’. Så legg han til denne forvitnelege merknaden: «Ordet er lidet brugeligt» (d.e. lite i bruk).

Sidan den gongen har bruken av ordet auka, medan tydinga har snevra seg inn. Innsnevringa vert påtakeleg når me jamfører tydinga i dag med tydinga i mellomalderen: Norrønt kyn tyder ‘art, slag’, ‘kjønn’ (ofte samansett: karlkyn, kvennkyn), ‘slekt’, ‘avkom, slektsline’ og ‘måte, vis’. Me har samansetjingar som hverskyns (‘av kvart slag, på alle måtar’), kyngóðr (‘av god ætt’), kynmaðr (‘etterkomar’), kynmargr (‘mangslags’) og allskyns/allskyndis (‘allslags’).

Vart du ør? Retteleg svimlande vert det fyrst når me vidar ut synskrinsen og ser alle orda som kyn/kjønn er i slekt med. Her finn me til dømes konge, engelsk kin (‘slekt’) og kind (‘slag, art’), tysk Kind (‘barn’), latin genus (‘fødsel, avkom, ætt, art’) og gens (‘ætt, avkom’) og gresk génesis (‘fødsel, opphav’). Til grunn for desse formene ligg ei gamal rot med tydinga ‘føda, avla’.

Innfløkt kjønn

Det er gildt å grava i ordhistoria, men me får ikkje sleppa notida heilt av syne. I dag viser kjønn fyrst og fremst til dei to hovudslaga me deler menneske (og andre skapningar) inn i: han og ho. Den stoda kan ikkje etymologiske utgreiingar om kyn/kjønn endra, om nokon skulle ynskja det, men kjennskap til viktige og omstridde omgrep kjem alltid godt med.

Kjønn er eit innfløkt emne. Me kan vel òg seia at kjønn bokstavleg talt er eit innfløkt ord: Det er surra inn i rettesnorer som avgrensar tanke- og handlefridomen, innfiltra i uskrivne reglar for korleis kvart kjønn skal te seg og kle seg – det gjeld å skilja mellom hankjønn og hokjønn. Mange vert fortumla og rådville når dei møter ein person som dei ikkje greier å plassera i ein kjønnskategori, og nye verdsborgarar vert ofte helsa med dette spørsmålet: «Er det gut eller jente?»

Det er kanskje praktisk med eit slikt skilje, men ikkje for alle: Her finst menneske som ikkje får plass i det rådande kjønnssystemet. Nokon er fødde med ein kropp som ikkje passar inn i den tronge definisjonen vår av kvinne eller mann (pga. uklare indre eller ytre kjønnsorgan, ulike hormon-/kromosomsamansetjingar e.l.), såkalla interseksuelle. Andre har ein kropp som biologisk passar inn i éin av kategoriane, men like fullt opplever dei seg som det motsette kjønnet («fødd i feil kropp»), såkalla transseksuelle eller transkjønna, eller dei opplever seg som båe kjønna eller ingen av kjønna, såkalla transpersonar.

Skildringa mi av desse «avvikarane» er grovt forenkla, men de skjønar kvar eg vil: Ordet kjønn har ikkje rom for slike menneske, så me må setja andre namn på dei.

Ordsky

Eitt av to!

Då er det særleg to latinske preposisjonar som får boltra seg: inter (‘mellom’) og trans (‘på den andre sida av; over, til hi sida’). Desse preposisjonane speglar den utbreidde oppfatninga av kjønn: Det finst to, og dei er skarpt åtskilde. Dersom du biologisk sett ikkje er eitt av to, er du mellom. Dersom du er noko anna enn det biologien seier at du er, er du på den andre sida. Ikkje uventa vert preposisjonen cis (‘på denne sida av’) stundom nytta om «normale» folk, dei som lever i samsvar med gjengs kjønnsdefinisjonar og kjønnsnormer. Dei er – underforstått – på den rette sida, den trygge sida.

Med andre ord sit det todelte kjønnssystemet djupt i oss, så djupt at dei som prøver å bryta ned grensa mellom mann og kvinne, møter hard motstand. Eit aktuelt døme er ordskiftet om det kjønnsnøytrale pronomenet hen. Nokon meiner det er tull å ta eit slikt ord inn i språket. Som oftast grunngjev dei synet sitt med at folk anten er det eine eller det andre, då held det lenge med han og ho. Det er sant og visst at folk flest er eitt av to, men eit ørlite mindretal er ikkje det. Skader det nokon om dei kallar seg hen?

Merk òg at somme nyttar hin som kjønnsnøytralt pronomen. Eg har tidlegare ymta om at det er eit litt uheldig val, sidan hin alt er godt innarbeidd som determinativ med tydinga ‘den andre, dei andre; den førre’, jamfør seiemåtar som «hin foten», «på hi sida», «hin dagen» og – skrekk og gru – hinmannen. I alle fall kan me ikkje hindra nokon frå å bruka det pronomenet som er rettast for dei.

Alskens folk

Utgreiinga mi om kjønn og kjønnssystem er ikkje ei avsporing. Tvert om: Ho er ein føresetnad for å skjøna kvifor alskens er nytta i ein fersk forskingsrapport om transseksuelle, transpersonar og andre med «uvanleg» kjønnsidentitet.

Alskens – allskjønns, allslags – er ei open, ufarleg og råkande nemning for dei som ikkje opplever seg som eitt kjønn. I alle fall var det dét som slo meg då eg oppdaga at alskens er ihopsett av all og kjønn. Eg heiv meg rundt og skreiv om ordet og nemnde det så ofte eg kunne, eg tipsa jamvel forskarane ved Likestillingssenteret som arbeidde med rapporten om trans- og kjønnsidentitet. Det fall i god jord: «Alskens folk» heiter rapporten, skriven av Janneke van der Ros.

Førebels er eg vel den einaste transen som går rundt og kallar seg alskens. Men kven veit – kanskje fleire vil vera med?

Ordsky

 

-- Kristin Fridtun er skribent og forfattar. I 2012 kom boka Norsk etymologisk oppkok, i haust kom Nynorsk for dumskallar.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter