Språkprogram som retorisk øving

No image

Korleis kom Ivar Aasens språktenking i stand i 1830-åra? Kva politiske og kulturelle forhold vart det lagt vekt på? Kvifor fekk ideane den forma dei fekk? Korleis resonnerte Aasen om det å reise eit nytt norsk skriftmål frå grunnen av?

AV ARNE APALSETH

«Om vort Skriftsprog» (1836) er det første skrivet som uttrykkjer dei tankane Ivar Aasen nytta innpå 60 år på å realisere. Dokumentet utgjer dei fem første delane av Originale Fragmenter og Blandinger for 1836, ei samling med utdrag frå lærebøker og annan lesnad, i tillegg til Aasens eigne idéskisser.

Det retoriske utgangspunktet

Ei konvensjonell (ikkje-retorisk) sjangerinndeling opnar for nemningar som essay, lyrikk, brev, nekrolog osb., men slike fragmentsamlingar kunne òg inngå i retorikkens grunnform, inventio. Med inventio sikta ein til framleiting og utarbeiding av argument som kan fremje synspunkt, saker eller personleg danning. Å skrive slike stykke var vesentleg for Aasens intellektuelle utvikling, om vi skal ta føreordet til samlinga for pålydande. Såleis er stykket ei prøve på om han hadde lært leksa si i retorikk, det vil seie om han fekk til sjangeren rådstale (genus deliberativum).

I Ivar Aasen – brev og dagbøker har Reidar Djupedal kommentert kva som kjenneteikna den unge Aasen som skrivande menneske. Det går fram at Aasen slett ikkje forma tankane etter innfallsmetoden eller tedde seg som eit romantisk geni som saug alt or eige bryst. Især legg Djupedal vekt på korleis Aasen tileigna seg ein retorisk skrivestil ved hjelp av Jacob Rosteds Forsøg til en Rhetorik, og at verknaden frå denne retorikklæra kan merkast i Aasens seinare skrifter også.

Det at Aasen fekk opplæring etter Rosteds lærebok, knyter han til ein lærdomstradisjon som forsvann i Noreg på 1800-talet. Aasens klassiske skulering hos ein landsens prost, Thoresen i Herøy, batt han såleis attover i tid, til dansk-norsk 1700-tal og til dei siste restane av klassisk tradisjon. Boka til Rosted er typisk for korleis det vart tenkt om skriftkultur i Europa om lag frå renessansen og fram til 1800-talet. Ho er klassisk innretta, i og med at emnet er retorikk, men det må òg leggjast vekt på at Rosteds retorikk føreset at nasjonalspråket dansk finst, at det finst patriotisk interesse for morsmålsdyrking, og at det alt var gjennomført ei omlegging frå munnleg til skriftleg retorikk i dansk. Dansk var på mange måtar nådd fram til målet, nemleg ein tilstand som ferdig oppdyrka skriftspråk som fullt ut kunne erstatte latin.

Landsmålets topoi

Klassisk retorikk hadde eit sterkt meiningsretta syn på kommunikasjon. I praksis tydde det at sak (res) og form (verba) ikkje kunne skilje lag, men måtte relaterast nokså tett til kvarandre. Innsamla informasjon og utvalde uttrykksmiddel skulle rettast mot kommunikasjonsakta. Dei skulle tene som prov eller på anna vis styrke truverdet. Gjennom ein dialektisk metode vart dei sorterte, grupperte og organiserte, nettopp med tanke på overtyding og overtaling.

Topikken, læra om førebilete, sorterte under inventio. Informasjonsdelar skulle hentast fram frå meir eller mindre løynde stader, topoi. For å finne fram til Aasens topoi i dette stykket må ein ta for seg utviklingsdrag i europeisk åndsliv i ein lang bolk før 1814 og den norske staten. I kva grad var Aasen innforstått med dei idéhistoriske forholda? Reflekterte han dei inn i sitt eige? Det er sjølvsagt ikkje råd å rekonstruere fullt ut kva Aasen hadde tilgjenge til. Berre eit inngåande studium av Aasens personlege danning, interesser, normer og boktilgjenge og av samtidas tenking og mentalitet kan gje eit brukbart svar på det. «Om vort Skriftsprog» viser at fleire topoi var representerte. Truleg har dei ulik innbyrdes styrke, dels fordi dei ikkje i same grad var medvitne hos Aasen, og dels fordi han med vitande og vilje la større vekt på eit utval av dei:

  • det borgarlege: fri opinionsdanning, offentleg resonnement
  • det allmennyttige: folkespråkets pedagogiske nytteverdi
  • det nasjonalstolte: «har stat og nasjon – treng språk og kultur»
  • den internasjonale jamføringa: nasjonalspråkutvikling i Europa
  • det klassisk-retoriske: retorisk syn på skriftspråk og språkdyrking
  • det demokratiske: folkefleirtalets rett og tarv
  • det språkvitskaplege: eksistensen av eit norsk språk
  • det politiske: folkesuverenitet, Noreg, 1814 og grunnlova
  • det aktuelle: språkdebatten i 1830-åra
  • det moralske: gode dygder, språkleg-kulturelt sjølvstende

Overtydingsevne eller overtalingskraft hadde mykje å gjere med kor medviten ein avsendar var om mottakaren av teksten. Det galdt å treffe kommunikasjonsstoda. Innsamla materiale måtte relaterast til person og situasjon. Termane for det var ethos, logos og pathos når det galdt person, og kairos når det galdt situasjonen. Med ethos forstod ein den personlege danninga til den som tala eller skreiv. Både karakter og dei dygdene han hyste, var avgjerande for kor truverdig argumentet ville verke. I Aasens tilfelle var det naudsynt å vise god vilje, syne moralsk ansvar, vere merksam på fellesgoda, ta sosiale omsyn, ha ei intelligent innstilling, vise seg kunnskapsrik og vere fedrelandselskande. Retorikkens logos femna sakkunnskapen, og her var det eit spørsmål om kva Aasen kunne vise av rasjonalitet, kulturpolitisk innsikt, filologisk skjøn og dialektkunnskap. Med pathos forstod ein evner til å uttrykkje sympatiar eller antipatiar, spele på kjensler, stemningar, haldningar, fordommar, ønskjemål o.a. hos mottakarane. Kairos gjekk på det spesifikke ved situasjonen, det vil seie evna til å ytre rett ord, til rett tid og på rett plass.

«Om vort Skriftsprog» i fem delar

Dispositio var den retoriske talesituasjonens andre disiplin. Her ordna ein det innhaldet som var leita fram i inventio, og fastsette plassen det skulle ha i talen som heilskap. I exordium (del 1) freistar forfattaren å kome i kontakt med dei lesarane han ønskjer å overtyde. Han vil prøve å skape sympati for seg sjølv og velvilje for det saka gjeld, med utgangspunkt i eit udiskutabelt gode. Konkret viser Aasen til den fellesskapen som har oppstått etter 1814, at «vort Fædreneland atter er blevet […] frit og selvstændigt», og at «hiin Umyndighedstid er svunden», før han rettar seg inn mot kva som etter hans skjøn bør vere felles mål og verdiar: «vi burde vise Verden, at vi ogsaa i denne, vistnok ikke uvigtige Sag – attraaede at være selvstændige». Så kjem ei varsla presisering: «Vi trænge aldrig at gaae udenom Grændserne efter et Sprog; vi skulde lete i vore Gjemmer, og see efter, hvad vi selv eiede, førend vi gik hen at laane af Andre.»

Narratio (del 2) skulle i den klassiske retorikken orientere om det standpunktet som forfattaren vil argumentere for. Som oftast ville han kome med ei oppsummerande framstilling av saka slik han sjølv såg ho. Aasen trekte opp ei kort utviklingshistorie om korleis språksituasjonen hadde blitt som han hadde. Den meir subjektive og kjensleladde vinklinga av problemet kom fram på denne måten:

Det har altid smertet mig bittert, naar jeg hørte vort Almuesprog krænkes og belees, enten af velklædt Uvidenhed, eller af en rigtignok velmeent Renselses-Iver. Skal vi, tænkte jeg, give Slip paa denne kostelige Skat fra Fortiden, som vore Forældre gjennem alle sine Trængsler have troligen bevaret og overladt til os som en hellig Arv?

Partitio (del 3) var staden for å gjere greie for ulike omstende som var naudsynte for at saka skulle forståast av lesarane. Her vart lesarane orientert om kva emne som ville bli tekne opp, gjerne òg rekkefølgja. Dette er den kortaste, men òg den mest nytenkjande delen, og såleis den prinsipielt viktigaste. Her gav Aasen ei språkhistorisk utlegging som han konkluderer med eit «skandaløst» framlegg (propositio), især når ein tek omsyn til kva som var gjengse synsmåtar i samtida. I tradisjonell tyding flytta han grunnlaget for nasjonens danning, kultur og sivilisasjon ut av den embetsborgarlege sfæren og inn i ein som ein større del av folket hadde tilgjenge til. Alt her gjekk han så langt at han la vekta på språket til allmugen og bøndene som basis for eit framtidig norsk skriftspråk: «Bonden har den Ære at være Sprogets Redningsmand; til hans Tale skulde man altsaa lytte.»

Etter at det prinsipielle standpunktet var innteke, skulle det underbyggjast og forsvarast. Confirmatio (del 4) var den retoriske talens hovuddel. Formålet var å prove, sannsynleggjere, styrke og stadfeste det som var framsett eller hevda tidlegare. Confirmatio kunne innehalde dei retoriske figurane tilbakevising (refutatio) og appell (amplificatio). Aasen startar del fire med å tilbakevise forventa innvendingar ved hjelp av logiske argument. Særleg retta han det verbale skytset sitt inn mot «hiin Aarhundrets Reformation», og han sikta nok med det til eit framlegg frå Henrik Wergeland. Så tilbakeviser han faktiske og tenkte motargument, som at all reformering av språk bør ta lang tid, og at innføring av eit nytt språk ville vere vanskeleg for nybyrjarar og utlendingar. Det siste avsnittet er i samsvar med retorikklæras råd om ein kjensleladd sluttappell:

At vi, med den her tilsigtede Reform eller Tillæmpning, skulde faa et altfor plat og pøbelagtigt Hovedsprog, er en Invending, der kun grunder sig paa Fordom og Vane. Vi ønske os just et Folkesprog, et som enhver Landsmand uden Møie kan tage Deel i; vor Statsforfatning berettiger os til dette Ønske. Og hvorfor skulde vi være saa ængstelige for disse saakaldte Platheder? De ere det ikke; de ere Norskheder. Lad os sætte Fordommene tilside, og ikke undsee os for at bruge vort Lands eget Tungemaal.

Formålet i conclusio (del 5) er å samanfatte momenta i fortetta form, slik at mottakaren sit att med ein klar idé om kva som vert sett fram til avgjerd eller vurdering. Det er presis det Aasen gjer. Del fem i «Om vort Skriftsprog» vert faktisk innleidd slik:

Forslag: Det er ikke min Hensigt hermed at fremhæve nogen enkelt af vore Dialekter; nei ingen saadan bør være Hovedsprog, men dette skulde være en Sammenligning af, et Grundlag for dem Alle. Til et saadant at fuldføre, skulde der gjøres Ordsamlinger for enhver af Landets større Provindser, med grammatikalske Oplysninger og bestemte Ordforklaringer. Til at forfatte disse, skulde Mænd, som ei blot troede at kunne, men og virkelig kunde Almuesproget, opmuntres. Disse Ordsamlinger skulde indsendes til et Selskab, oprettet af sprogkyndige Mænd, som skulle anstille Sammenligninger og gjøre Udvalg, og efterat saaledes Hovedsproget var bestemt, skulde dette Selskab udarbeide en fuldstændig norske [sic] Ordbog, med tilsvarende Grammatik. Denne nye Sprogform skulde dog aldeles ikke paabydes eller paanødes; man skulde opmuntre til dens Brug, men ellers lade Enhver bruge det Nye eller Gamle efter eget Godtbefindende.

Sluttord

Aasens tanke i «Om vort Skriftsprog» var at realitet og nemning (res og verba) skulle svare til kvarandre. Når Aasen omtala språkspørsmålet som «vistnok ikke uvigtige Sag», var det både eit ekko av ordstriden i 1820-åra og ein freistnad på å knyte teksten til ein ny språkdebatt i 1830-åra. Det var ikkje usemje om kva namnet på skriftspråket her til lands skulle vere før 1814. Ingen kalla det anna enn dansk. Striden kom med avviklinga av Danmark-Noreg i 1814. Først då oppstod trongen til å kalle skriftspråket norsk, i og med at landet vart definert som ein nasjonalstat. Problemet både då og seinare var at ein berre ville kalle det norsk, utan å endre dei språklege realitetane. Det var det Aasen ville rå bot for.

 

-- Arne Apelseth er førsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Ivar Aasen 200 år
  • fødd på garden Åsen i Ørsta på Sunnmøre 5. august 1813
  • arbeidde som skulelærar og huslærar og gjekk i lære hos prost Thoresen i 1830-åra
  • reiste rundt i landet for å granske målføra frå 1842 til 1846
  • busette seg i Kristiania i 1847
  • skreiv mellom anna Det norske Folkesprogs Grammatik i 1848, Ordbog over det norske Folkesprog i 1850, Prøver af Landsmaalet i Norge i 1853, syngespelet Ervingen i 1855, Norske Ordsprog i 1856, diktsamlingaSymra i 1863, Norsk Grammatik i 1864, Norsk Ordbog i 1873, Norsk Maalbunad i 1876 og Norsk Navnebog i 1878
  • døydde i Kristiania 23. september 1896

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:27.05.2013 | Oppdatert:25.02.2021