Ivar og eg

AV INGER JOHANNE SÆTERBAKK

Inger Johanne SæterbakkEg har aldri hatt plakat av Ivar Aasen på rommet mitt. Men eg synest likevel han er ei superstjerne.

Eg var i ein periode av livet mitt svært opptatt av Ivar Aasen. Ikkje primært av den litt lute, gråhåra og kjederøykande mannen med eit noko miserabelt kjærleiksliv, men av prosjektet hans. Av at han gjekk rundt i landet og samla dialektar til eit eige skriftspråk. Det var eg så utruleg imponert over.

Det begynte med eit skuleprosjekt då eg var 15. Året var 1996, og vi skulle skrive særoppgåve om ein norsk forfattar. Eg visste ikkje heilt kven eg skulle velje, før eg fann ut at det var Aasen-år. Det var 100 år sidan ein fyr som heitte Ivar Aasen, døydde. Eg hadde ikkje høyrt om han før, trass i at eg kjem frå ein heim tapetsert med bøker og ymse talemål. Men vi skreiv bokmål fordi det er det dei gjer der eg kjem ifrå. Og på skulen skulle vi ikkje begynne med sidemålsundervisning før etter at særoppgåva var levert.

Eg fann snart ut at forfattarskapen hans ikkje var det mest imponerande med Aasen. Han hadde jo laga eit språk, for svarte. Ikkje akkurat dagleg kost. Eg fann også ut at eg ikkje kunne skrive oppgåva på bokmål. Læraren min lånte meg ei nynorsk ordliste, ei av dei mange som var tilført sp og m på framsida. Og så sette eg i gang med prosjektet.

Den nynorske skriftkulturen vart nok ikkje så mykje rikare av mitt første bidrag. Men det vekte ein enorm fascinasjon hos meg. Eg voks opp i Trøndelag med ein nordnorsk dialekt som eg nekta å kvitte meg med, og kjente meg som ein liten motkultur i meg sjølv. Dialekten var ein viktig identitetsmarkør for meg, og nynorsk forsterka det heile.

Det heitte ikkje jeg då lenger. Derifrå heitte det eg.

Det begynte som eit prosjekt som var politisk og kulturelt motivert. Eg skreiv nynorsk mykje av den grunn at det var noko anna enn bokmål. Og bokmål var jo det alle andre skreiv. For meg var det eit poeng å skilje seg ut språkleg. Eg skreiv ikkje så godt i starten. Men så begynte eg å skrive sånn som eg snakka. Det var jo det eg likte så godt med nynorsk i utgangspunktet. At dette var eit språk basert på dei norske dialektane, og at eg kunne kjenne att lydane og orda frå dei dialektane eg omgav meg med, når eg las og skreiv nynorsk.

No skriv eg nynorsk fordi det er på det skriftspråket eg er mest meg sjølv. Og eg har mykje å takke Ivar Aasen og hans språklege prosjekt for. Ikkje berre for at eg personleg har eit skriftspråk eg liker. Men også for at han har sett standarden for språkleg mangfald i Noreg. Vi bur i eit land med høg toleranse for språklege forskjellar, der vi kan snakke og skrive som oss sjølv, uansett samanheng. Og der vi er opne for nye språk og nye variantar av språk.

Det gjer Ivar Aasen til ei superstjerne for meg også i dag.

 

-- Inger Johanne Sæterbakk er prosjektleiar for Språkåret 2013.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:31.05.2013 | Oppdatert:25.02.2021