Vi sest – eller sjåast vi?

Korleis kan det ha seg at Språkrådet har tilrådd å skriva «vi/me sest»? Veit vi ikkje at dei fleste skriv «vi/me sjåast»? Dette spørsmålet blei aktuelt da ein organisasjon skulle ha ei overskrift med «vi sees» omsett til nynorsk.

AV DANIEL G. IMS

Skulle det stå «vi sest» eller «vi sjåast»? Det blei til at organisasjonen bruka «vi sest», men det førte til klager, og så hamna spørsmålet hos Språkrådet att. Dette stykket er difor eit forsøk på å forsvara sest, men òg på å skjøna korleis sjåast har dukka opp.

Språkrådet rådde nok ikkje til å skriva «vi sest», men stadfesta at det er sest som vil vera rett presensform i den offisielle rettskrivinga. Det ville nok koma protestar uansett om sest eller sjåast blei bruka, for den første forma er rett, men lite bruka, og den andre galen og mykje bruka. Men i valet mellom dei burde det vera lettare å forsvara seg mot protestane ved å kunna visa til kva som er i samsvar med rettskrivinga elles, enn ved å visa til kva mange brukar.

Dette rådet blei rett nok gitt før Google viste kva som var i bruk på norskspråklege nettstader: Der i garden blei «vi/me sest» med 60 treff banka av «vi/me sjåast» med mange tusen treff. Dette seier sitt, og da skulle det nok ha vori insistert meir på den salomoniske løysinga å bruka andre verb, som talast/snakkast eller møtast: «Vi/me talast/snakkast» eller «vi/me møtest».

Kvifor sest?

I nynorskrettskrivinga bøyer vi verb på -st slik vi bøyer det tilsvarande verbet utan -st (om det finst noko). Sjå døme i tabellen:

Infinitiv presens preteritum perfektum
tala talar tala tala
talast talast talast talast
møta møter møtte møtt
møtast møtest møttest møtst
finna finn fann funne/funni
finnast finst fanst funnest/funnist
sjå ser såg sett
sjåast sest sågst sest

For å snu på det: Vi skriv ikkje «vi sjåast» og «vi møtast» i presens, sidan vi heller ikkje skriv «vi sjåar» og «vi møtar».

Kvifor «vi/me sjåast»?

– Det har starta som ein spøk og blitt til ei herme.

Dette har faktisk blitt nemnt som ei forklaring. Spøken skal ha oppstått i studentmållaga som hypernynorsk à la beistemor, dvs. at ein køyrer bokmål gjennom ein nynorskgenerator. Tanken på ei sjølvironisk grammatikk-undergrunnsrørsle som plutseleg er allstaden, er freistande. Likevel er det tvilsamt at så mange kan ha gått rundt og dregi den same vitsen kvar gong dei har bruka verbet.

– Dialekten skil ikkje mellom infinitiv og presens av verb på -ast. (Da tenkjer vi ikkje på a-verba; i dei er det samanfall i alle verbformene også i skriftstandarden.)

Dette gjeld til dømes vestfoldmål; det heiter helst vi pratass, vi møtass og hestane bitass, jamvel om vi pratar, vi møter og hestane biter. Men i dialektar som elles skil mellom presensformer på -ar og -er og oftast òg omlydde former, vil ein skilja mellom dei i presensformene på -st òg.

Også i tradisjonelt hallingmål vil det ofte vera samanfall mellom infinitiv og presens. Det vil heita me møtast og hestane bitast hos dei som seier me møte og hestadn bite, det vil seia at dei har fleirtalsbøying av verb. Det vil ofte vera naturleg å bruka fleirtalsformer i verb på -st, sidan mange av dei har resiprok tyding (me råkast: ’me råkar einannan’). Men somme av verba blir òg bruka i eintal, og da ser vi til dømes med verbet bitast at det blir noko anna: mannen bitst med kona (og han bit tennadn saman).

Men kan det vera at samanfallet mellom infinitiv og presens i vestfoldmål og det tilsynelatande samanfallet i hallingmål samla nynorskland i helsinga vi/me sjåast? Igjen, tanken er lokkande, men så kjem det inn eit forstyrrande moment: «Dæ sea me ikkji; dæ e nytt.» Dette svaret kom frå ein elles fleirtalsbøyande nesning på spørsmål om kva sjåast eventuelt ville bli i presens i hallingmål. Det fører oss over til neste punktet:

– Verbet sjåast med resiprok tyding og bøying i alle verbformer er nytt (for mange).

I talemåla kan vi bruka infinitiv på -ast av transitive verb for å få fram passiv tyding: Dette kan sjåast på som […]. Men skal det setjast om til andre verbtider, brukar vi omskrivingsformer: Dette blir / blei / har blitt sett på som […]. Det er altså ikkje mange av verba på -st som finst med eigne former i presens, preteritum og perfektum. Om vi søkjer etter sjåast i det store Setelarkivet til Norsk Ordbok, finn vi nokre døme på bruk av sjåast i infinitiv, slik vi kunne venta. Men vi finn dei bøygde formene sest og sågst berre nokre fåe gonger. Hartvig Kiran (frå Ålesund) har eit godt innlegg for bruken av sest i resiprok tyding når han skriv «Gud veit når vi sest att» i ei vise.

Frå tale til syn

For nordmenner med ord på seg for å vera tagale skulle det passa bra å helsa med «vi sest!». Likevel har vi tidlegare heller lova einannan å talast, preikast, pratast eller snakkast. Desse verba vil i dei fleste dialektane ha lik infinitiv og presens, og det kan vera ein grunn til at dette smittar over på sjåast òg. Ein annan grunn kan vera at sjåast har vori den forma som var kjend frå før (i den passive tydinga), slik at det har vori lettare å utvida bruksområdet enn å innføra ei ukjend eller lite kjend form av eit sterkt verb. I tillegg kjem sjølvsagt det at bokmål har lik form i infinitiv og presens. Når det gjeld frekvensen til «me/vi sest/sjåast!», bør vi heller ikkje sjå bort frå at engelsk «see you!» kan ha spela ei rolle.

Vi sest!

 

-- Daniel G. Ims er rådgjevar i Språkrådet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:22.11.2011 | Oppdatert:31.01.2024