Vestlandet og Sørlandet blir til

I dag er det vanleg å skilje mellom fem norske hovudlandsdelar – Austlandet, Sørlandet, Vestlandet, Midt-Noreg og Nord-Noreg. Av desse namna er Vestlandet det eldste, saman med Austlandet, men dei er likevel heller unge. Og Sørlandet er enda yngre. Kva er soga bak?

AV KNUT HELLE

SkjærgårdI vikingtida blei det meste av Vest-Noreg og heile Sørlandet organisert som eit lovområde under Gulatingslova – Gulatingslag. Det strakte seg frå Agder til Sunnmøre, medan Romsdal og Nordmøre høyrde til det trønderske Frostatingslag. Men desse rettslege områdenamna stod neppe sterkt i vanleg språkbruk. Folk flest identifiserte seg nok sterkare med mindre område i denne store regionen.

«Nordmenn» i vest

For folk i bygdene aust for Langfjella låg Vest-Noreg lenge i «nord», og folk der blei kalla «nordmenn». I vest rekna dei på si side folk på hi sida av fjellet for «austmenn». Slik blei det kan hende skilt mellom nord og aust alt mot slutten av 800-talet. Da fortel samtidige skaldestrofer at Harald Hårfagre kjempa som høvding over nordmennene i Hafrsfjord og sigra over austmenn som kom siglande austafrå og rømde heim over Jæren.

På 1800-talet kom det framleis nordmenn austover Hardangervidda, framom Nordmannslågen og etter Nordmannsslepene. Austmenn drog den motsette vegen. Til Røldal kom dei ned Austmannalia. Om dei budde på kysten aust for Eigersund, blei dei kalla austmenn når dei tok del i sildefisket på vestkysten, til skilnad frå dei innfødde nordmennene.

Frå 1270-åra utvikla det seg ei todeling av landet som kan henge saman med denne «nord-tenkinga». Offisielle dokument såg i aukande grad landet nord for Dovre og vest for Langfjella som det «nordafjelske», men da ikkje til skilnad frå det som låg i aust, men frå det «sønnafjelske» sør for Dovre. Grenseskiljet på kysten var Lindesnes.

Nord blir vest

Ikkje før på 1700-talet blei denne todelinga av landet broten av ein tendens til å skilje Vest-Noreg frå resten av det nordafjelske. Som biskop i Bergen lærte dansken Erik Pontoppidan å kjenne skilnaden mellom aust og vest da han samla norske ord til Glossarium Norvegicum (1749) og skreiv om vêrlag og fjell i Norges naturlige Historie (1753). I det siste verket la han vekt på klimaskiljet langs Langfjella og kalla områda på dei to sidene av fjella for «Vester-Landet» og «Øster-Landet». Vestlands-nemninga slo likevel ikkje snøgt igjennom. Pontoppidan nytta òg omgrepet «Vestenfields», og det ser ut til at det «vestafjelske» lenge var den vanlegaste administrative nemninga på Vest-Noreg. Hit reknar Jens Kraft i sin Beskrivelse av Kongeriget Norge (1820–1836) futedømma frå og med Jæren og Dalane i sør til og med Sunnfjord og Nordfjord i nord.

I første halvdel av 1800-talet var likevel også nemninga «Vestlandet» komen i bruk, men det ser ut til at ho særleg galdt kystområda i Agder og Rogaland. For folk i Telemark var det kystlandet frå Agder til Jæren som var Vestlandet, medan bygdene vest for Hardangervidda framleis låg i «nord». Aasmund Olavsson Vinje såg enno i 1850-åra folk frå Jæren og Vest-Agder som «dei reine Vestlændingar». Og på agderkysten brukte folk Vestlands-omgrepet for å markere seg mot landet lenger aust. Såleis kom avisa Vestlandske Tidende ut i Arendal frå 1832.

Ordregistreringane til Ivar Aasen syner likevel at folk no også var «vestlendingar» nordover i det vestafjelske. I Ordbog over det norske Folkesprog (1850) definerer han vestlendingen som både «Indbygger af den vestlige Deel af Norge (det Vestenfjeldske)» og heimehøyrande i «det søndenfjeldske Vestland eller Arendalssiden».

Tendensen til å rekne heile denne store regionen for «Vestland» blei truleg styrkt av at det blei vanleg å sjå resten av landet i motsetnad til hovudstaden i Christiania. Førestellinga om eit omfattande, samla Vestland låg nok enda nærare for dei som såg landsdelen utanfrå. Vestlendingane sjølve identifiserte seg helst sterkare med mindre område. Da Arne Garborg fekk seg stove i Knudaheio i 1899, streka han under kor viktig Vestlandet var i norsk historie, men han kjende seg først og fremst som jærbu.

Frå Vestland til Sørland

Sør ved Skagerrak var folk gjennom heile 1800-talet vestlendingar både i eigne og andre sine auge. Derfor kunne Vilhelm Krag i 1898 gje ut samlinga Vestlandsviser og prise landsdelen sin med opningsorda «O, vestland, du min moderjord». Men da han gav ut eit utval av dikta sine i 1917, opna han med «O, Sørland, du min moderjord». I mellomtida hadde han gått i bresjen for å døype om Agder på denne måten, og som landsdelsnamn har «Sørlandet» berre styrkt seg seinare.

Krag skapte Sørlands-omgrepet med front mot det han såg som ei nedvurdering av landsdelen i hovudstaden og mellom austlendingar. Samstundes reiv han Sørlandet laus frå eit Vestland som var prega av motkulturar han ikkje hadde særleg sans for. Han var klar på at heile Agder, også innlandet, var Sørland. Men dette har i ettertid kome noko i bakgrunnen for myten om det blide, harmoniske og sommarlege Kyst-Sørlandet. Denne myten blir i dag kritisert i landsdelen, mellom anna for å verke lammande og dekkje over sosiale problem.

Kva er Vestlandet i dag?

Oppfatninga av kva som utgjer Vestlandet, skifter i dag som før. På sitt vidaste omfattar landsdelen fylka frå og med Rogaland til og med Møre og Romsdal. Dei samarbeider alle i det Vestlandsrådet som blei oppretta i 2003. Likevel ser det ut til at folk på Nordmøre jamt over kjenner seg meir som trønderar enn som vestlendingar, medan sunnmøringane gjerne reknar seg for vestlendingar. Romsdalingane er på vippen mellom Vestlandet og Trøndelag og har samstundes gamle band over fjellet til Austlandet. Derfor står tradisjonen frå det gamle Gulatingslag framleis sterkt: Sunnmøre er vestlandsk, medan Romsdal og Nordmøre i det minste ikkje er det i same grad. Det er ein tendens til å rekne desse to gamle frostatingsfylka og seinare futedømma til Midt-Noreg, og i helsevesenet høyrer heile Møre og Romsdal i dag til Helse Midt-Noreg.

Dette syner at heller ikkje Sunnmøre har ei sjølvsagd Vestlands-tilknyting i dag. Det er ikkje uvanleg å setje ei nordgrense for landsdelen ved Stad, slik Jens Kraft gjorde i 1820-åra. I andre halvdel av 1960-åra utarbeidde til dømes den såkalla Vestlandskomitéen ein landsdelsplan for Hordaland og Sogn og Fjordane. Møre og Romsdal laga sin eigen plan, og det same gjorde seinare Rogaland og Agder. Rogaland har likevel eit så tett næringshopehav med Hordaland og tek så aktivt del i det politiske Vestlands-samarbeidet at det gjev dårleg meining å utelate fylket frå Vestlandet. Dette enda om det har heva seg røyster i Rogaland for eit tettare samarbeid med Agderfylka, samstundes som det er ein tendens i Hordaland og Sogn og Fjordane til å rekne seg for dei verkelege vestlandsfylka.

Det soga da viser, er at Vestlandet har vore og er ein skiftande prosess meir enn ein fast og stabilt avgrensa landsdel. Kva ein reknar til landsdelen, er avhengig av kvar ein er på tidsaksen frå vikingtida til i dag, og det varierer med dei konstituerande draga ein legg vekt på.

 

-- Knut Helle er professor emeritus i mellomalderhistorie ved Universitetet i Bergen og har skrive meir utførleg om Vestlandet og Sørlandet i innleiinga til Vestlandets historie, band 1 (2006).

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:25.05.2011 | Oppdatert:10.06.2015