Lakselus og flytekragar. Om norsk terminologi i fiskeoppdrett

Terminologien i fiskeoppdrett er interessant å ha i mente når ein diskuterer utfordringane for norsk terminologi og fagspråk. I motsetnad til på mange andre fagfelt har den teknologiske utviklinga innanfor fiskeoppdrett skjedd nettopp her til lands. Kva har det å seie for termdanninga på dette feltet?

AV OLE VÅGE

LaksDersom vi ser nærmare på utviklinga av terminologien i fiskeoppdrett, ser vi at norskprodusert teknologi går hand i hand med språkleg kreativitet. Fiskeoppdrettsteknologi nyttar ofte såkalla motiverte termar. Motiverte termar er «gjennomsiktige», det vil seie at det er lett å forstå kva dei viser til. Derfor er desse termane også lettare tilgjengelege for ein vid krins av språkbrukarar. Eit døme er flytekrage, ein konstruksjon som held notposen på plass. Det første leddet peikar på den eigenskapen at konstruksjonen er flytande. Det andre leddet, krage, tyder 'kant rundt halsen på klesplagg'. Av termen flytekrage kan vi såleis danne oss eit bilete av ein konstruksjon som er forma som ein krage og held noko flytande rundt kragekantane. Vi er med andre ord inne på ein metafor frå kledningsverda.

Motiverte termar som er baserte på metaforar, er resultatet av ein svært produktiv termdanningsprosess i fiskeoppdrett. Produksjonssyklusen til oppdrettslaksen har tre etappar: stamfisk, setjefisk og matfisk. Det første leddet i desse termane peikar på kva funksjon fisken har i kvar etappe, og signaliserer altså at omgrepet oppdrettsfisk kan delast inn i tre underomgrep. Det første leddet i den første termen peikar på opphav, medan vi i det første leddet til den andre termen finn verbet å setje med tydinga ’å plante’. I matfisk syner det første leddet til formålet med laksen, nemleg føde for folk. Assosiasjonane til potetdyrking er tydelege. Vi kjenner alle til setjepoteta, som vert nytta for å dyrke fram matpoteta. Fiskeoppdrett har også hatt historisk tette band til landbruket, og især i den tidlege perioden var landbruket ei sentral inspirasjonskjelde. Sjølve termen fiskeoppdrett peikar i same retninga. Ut av denne termen kan vi lese at fiskeoppdrett er ein aktivitet der ein drettar opp fisk, ikkje ulikt oppdrett av til dømes hest. Denne termen er betre enn akvakultur, eit framandord som ofte vert nytta upresist.

Andre viktige døme på vellukka og funksjonelle termdanningar kan ein finne i nemningar på sjukdomar. Fenomen som lakselus og vintersår er samansetjingar som er lettare å forstå og nytte enn dei latinske termane Lepeophtheirus salmonis og Vibrio viscosus. Termen lakselus seier oss noko om sjukdomen, nemlig at det er snakk om eit parasittisk krepsdyr (lus) som lever på laksen. Vintersår peikar på symptoma til ein annan sjukdom, at sår oppstår på laksen, især i vinterhalvåret.

No er ikkje biletet så eintydig som ein kan få inntrykk av. Fleire termar i fiskeoppdrett er i mindre grad motiverte, som dømet astaxanthin syner. Dersom ein ikkje veit kva astaxanthin tyder, er det lite hjelp å få i det språklege uttrykket. Termen er samansett av astakós, eit gresk ord for hummar, og xanthós, blond, noko i lei av ein hummarlyseraud farge. Med andre ord er astaxanthin eit pigmentstoff som vert tilsett fôret, og som gjev laksekjøtet den karakteristiske raudfargen.

Terminologi i offentleg ordskifte

Termar som er baserte på norsk ordlagingsmateriale, vert meir tilgjengelege for folk flest og får såleis ein demokratiserande funksjon. Godt motiverte termar verkar ikkje ekskluderande, noko som importert terminologi kan vere når termane kjem frå engelsk eller latin. Det gjeld også i fiskeoppdrett. Uheldige konsekvensar frå denne næringa vedkjem heile samfunnet, anten det er snakk om sjukdomar eller forureining. For at ålmenta skal vere i stand til å delta i eit offentleg ordskifte om dette, er det naudsynt med eit minimum av forståeleg terminologi. Ein levande og funksjonell norsk terminologi gjer det mogleg for norske aviser å skrive om til dømes lakselus, slik at også dei som ikkje er fagpersonar, kan lese det. Hyppige medieoppslag om denne sjukdomen er synlege prov på det. Slik vert det også mogleg for lesarane å forstå forslaget om å leggje oppdrettsanlegg i brakk. Dette uttrykket er òg eit kreativt lån frå landbruket, der det tyder at eit jordstykke ligg unytta i vekstperioden. På same måten kan ein leggje oppdrettsanlegg unytta for å få bukt med lakselusa.

Den chilenske erfaringa

Chilensk lakseoppdrettsnæring, som er verdas nest største, ber vitnesbyrd om ei anna erfaring enn den norske. Ikkje berre er laksen introdusert som ein framand art, men også teknologien er importert, langt på veg frå Noreg. I denne teknologioverføringa har engelsk fungert som arbeidsspråk, og det kan vi finne tydelege spor av i den spanskspråklege terminologien. Det som vi på norsk kallar brønnbåt, altså fartyet som fraktar levande fisk, vert på chilensk-spansk kalla well boat, altså ein engelsk term. Medan termen er godt motivert på norsk, er han meiningslaus i Chile om ein ikkje kan engelsk eller kjenner fagfeltet godt. Andre slike døme frå Chile er hatchery (norsk: klekkeri), anti-fouling (norsk: begroingskontroll) og ranching (norsk: havbeite). Slike framandspråklege termar kan ha ein ekskluderande funksjon når berre svært få forstår dei.

Utfordringar i framtida

Samanlikna med termar som vert nytta i Chile, er dei norske termane lettare å forstå for folk flest, og mykje tyder på at det kjem av at oppdrettsteknologien har opphavet sitt i Noreg. Likevel ser ein stadig oftare i norsk fiskeoppdrett bruk av vanskelege termar som er baserte på framandspråk. Forskarar i marinbiologi peikar på eit større gap mellom fiskeoppdrettar og forskar fordi saksfeltet har blitt meir komplekst. Innlån av kunnskap og termar frå blant anna genetikk og molekylær biologi er døme på at fiskeoppdrett vert stadig meir innfløkt. Som ein konsekvens vert også språket vanskelegare, og kommunikasjonen mellom grunnforskarar og yrkesutøvarar har blitt hemma. Dimed vert det også vanskelegare for kvar og ein av oss å ta stilling til profylaksar som vert nytta mot piscirickettsiose og marin viral hemorrhagisk septikemi, og dei eutrofierande effektane dei domestiserte artane har på den bentiske floraen. Vanskelege termar står i vegen for eit levande ordskifte og ein dialog mellom oppdrettsnæringa og samfunnet elles.

 

-- Ole Våge er rådgjevar i terminologitenesta i Språkrådet. Han har vore doktorgradsstipendiat ved Noregs handelshøgskole og skreiv der ei avhandling om norsk og spansk terminologi i fiskeoppdrett.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:24.05.2011 | Oppdatert:10.06.2015