Kort


Følg revisjonen av nynorskrettskrivinga

Rettskrivingsnemnda gjorde seg i vår ferdig med framlegget til ny offisiell rettskrivingsnorm for nynorsk. Nemndleiar Grete Riise overrekte innstillinga frå nemnda til styreleiar Ottar Grepstad i Språkrådet 1. april. Sidan har fagrådet for normering og språkobservasjon gitt tilråding til styret, som har siste ord i saka i Språkrådet. Styret har no sendt saka til Kulturdepartementet, som gjer endeleg vedtak.

Då innstillinga vart overrekt til styret, sa nemndleiar Grete Riise at ho vonar og trur at breie lag av nynorskbrukarar vil kjenne seg heime i den nye rettskrivingsnorma. Styreleiar Ottar Grepstad meinte at arbeidet er eit skuleeksempel på korleis vanskelege spørsmål må handterast for å vinne tilslutning.

Nemnda har arbeidd med framlegget sidan januar 2010.

På vel eit år hadde ho over 30 møte med ulike miljø av nynorskbrukarar. Det kom nesten 500 innlegg og kommentarar på diskusjonsforumet Nynorsk 2011 og bortimot 80 høyringsfråsegner. Styret føreset at det som blir den nye rettskrivinga, skal gjelde frå 1. august 2012.

På desse sidene finn du siste nytt og alle dokument i saka.


Har du en kandidat til Klarspråksprisen?

Vet du om et statsorgan som fortjener å få Klarspråksprisen i år? Da vil vi gjerne høre fra deg før 12. august på e-post til klarsprak(a)sprakradet.no.

Mange privatpersoner opplever at de ikke forstår informasjon fra det offentlige. Det finnes knapt noe mer frustrerende enn å motta et brev eller et skjema som er så uklart formulert at man enten ikke forstår innholdet eller ikke finner den informasjonen man trenger.

Vi i prosjektet Klart språk i staten håper og tror at språket i tekster fra det offentlige er blitt bedre. De siste årene har vi kunnet glede oss over økende interesse for klarspråksarbeid og et stort mangfold av språkforbedringstiltak i det offentlige Norge.

I 2011 skal Klarspråksprisen deles ut for tredje gang. Prisen går til statsorganer som gjør en ekstraordinær innsats for å bruke et klart, godt og brukervennlig språk i sine tekster til publikum.


Språkprisen: Du kan nominera før 20. juni

Språkrådet arbeider for å fremja og styrkja stillinga til norsk språk og deler difor kvart år ut ein pris for framifrå bruk av norsk i sakprosa. Prisen kan gå til ein person eller til ei gruppe (institusjon, bedrift, organisasjon osb.). Det blir delt ut ein pris for sakprosa på kvar av målformene kvart år.

Alle kan nominera kandidatar til Språkprisen 2011. Kandidatar kan koma frå alle sentrale samfunnsområde – næringsliv, forsking, undervisning, forvaltning, presse og etermedium, teknologi og kulturliv. Juryen bør ha framlegga inne før 20. juni i år. Prisane blir delte ut på Språkdagen 15. november 2011.

Meir informasjon om nominering til Språkprisen 2011 finn du her.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:24.05.2011 | Oppdatert:10.06.2015