Veksling mellom norsk og svensk i Skavlan

Ei undersøking av språket programleiaren Fredrik Skavlan nyttar, peiker i retning av at intervjua han gjer, føregår på bakgrunn av eit stereotypisk bilete av gjestene. Gjer dette han til ein mannssjåvinist?

AV SILJE MARIE FEMTEGJELD

Fredrik SkavlanDen norsk-svenske samsendinga Skavlan er eit velkjent og velrenommert talkshow på begge sider av grensa, men vart våren 2010 utsett for sterk kritikk frå fleire hald. Kritiske røyster hevda at programleiar Fredrik Skavlan opptredde mannssjåvinistisk og nedlatande, særleg overfor dei kvinnelege gjestene. Den svenske TV-profilen Carolina Gynning, som gjesta programmet i januar i fjor, sa blant anna: «Han ställde frågor på ett sätt som kändes lite nedvärderande. Han hade redan en åsikt om mig.» Skavlan på si side presiserte at han la vinn på å behandle alle gjestene sine med same respekt. Ved nærare ettersyn finn ein likevel tendensar som peiker i retning av at skuldingane har rot i røynda.

Interessant språkleg modifisering

Frå eit lingvistisk perspektiv gjer programmet det mogleg å sjå nærare på interskandinavisk kommunikasjon i ein røyndomsnær kontekst. Det er særleg kommunikasjonen mellom programleiaren og dei svenske gjestene som er interessant frå ein nordisk ståstad.

Ettersom Skavlan er norsk og fleire av gjestene svenske, ser dei fleste det som sjølvsagt at han til tider bruker svenske ord og uttrykk. Reint intuitivt kan ein tolke dette som ein vennleg gest frå programleiaren si side, der han tilpassar språket sitt for å gjere det lettare for gjestene å forstå det som blir sagt. Slike språklege modifiseringar i mellommenneskeleg kommunikasjon er med ein fagterm kjent som akkommodasjon og er noko alle gjer i større eller mindre grad.

Den akkommodasjonsstrategien som Skavlan nyttar, å endre ord og uttrykk i sitt eige språk ved å veksle språk, såkalla kodeveksling, er ein vanleg strategi særleg nordmenn, men òg svenskar, bruker når dei kommuniserer med folk frå nabolandet.

Ein gjennomgang av dei to første programma som vart sende i 2010, viser likevel noko interessant – at graden av veksling varierer med dei svenske gjestene han snakkar med. Enda meir interessant blir det når ein finn at vekslinga i høg grad samsvarar med sosioøkonomiske og demografiske forhold som yrke, alder og kjønn. Dette indikerer at det òg ligg andre grunnar bak denne kodevekslinga enn det å gjere seg forstått.

Liten grad av veksling

Det er naturleg å starte med å sjå på i kva grad Skavlan gjer ei slik språkleg tilpassing ved å nytte svenske ord. Vekslingsgraden i kvart av dei to programma syner at Skavlan byter ut 23 av 1889 ord i det første programmet (15. januar) og 25 av 1798 i det andre programmet (22. januar). Då er ikkje engelske ord teke med. Det vil seie at høvesvis 1,2 og 1,4 % av alle orda Skavlan nyttar i desse to programma, er svenske. Det er eit oppsiktsvekkjande lågt tal.

Eg hadde ei førestelling om at Skavlan bytte ut langt fleire ord enn det han gjorde. Det heng truleg saman med at slik veksling frå norsk til svensk er uvanleg i media, og at ein difor har lett for å tolke den språklege tilpassinga som meir omfattande enn det ho eigentleg er. Men det at Skavlan vekslar lite, gjer ikkje vekslinga hans mindre interessant. Snarare kan ein då kanskje gå ut frå at det er naudsynt å byte ut dei orda han vekslar, for at gjestene skal forstå kva han seier. For å finne svar på det må vi sjå på den vekslinga han gjer i samtale med kvar einskild gjest.

Skilnader i vekslingsgrad

Ser ein på graden av kodeveksling, finn ein relativt store skilnader. I det første programmet var den svenske glamourmodellen og TV-kjendisen Carolina Gynning gjest. Det var òg advokaten og forfattaren Jens Lapidus. Medan 3,4 % av dei orda Skavlan nyttar i intervjuet med Gynning, er svenske, vekslar han 2,1 % av orda til Lapidus. Verkeleg interessant blir det likevel først når ein samanliknar med det andre programmet. Her finn ein at Skavlan vekslar høvesvis 1,8 og 2,9 % til skodespelarane Robert Gustafsson og Maria Lundquist. Når Skavlan snakkar med den tidlegare direktøren i Svenskt Näringsliv, Ebba Lindsö, som gjesta same program, er berre 1,5 % av dei orda han nyttar, svenske. Kva kan forklare desse skilnadene?

Manglande forståing?

Det er nærliggjande å tru at Skavlan vel å nytte fleire svenske ord i samtale med somme av gjestene sine enn med andre, nett på grunn av at dei ikkje forstår. Den manglande forståinga kan gje seg utslag i at lyttaren gjev ei klår melding om at han ikkje forstår talaren, at det i neste omgang viser seg at han har misforstått, eller at han ved ikkje-språklege teikn (som å ta pause før han sjølv tek ordet, eller ved å lene seg fram) indikerer at han ikkje forstår. I materialet er det likevel få teikn blant gjestene på at dei ikkje forstår. Ein kan sjølvsagt likevel ikkje konkludere med at dei forstår alt som Skavlan seier. Ein observatør må ta høgd for at han ser alt utanfrå, og at han då ikkje får med seg alt som skjer. Samstundes må ein rekne med at programma er redigert, og at nokre sekvensar er klipt bort. Det er likevel mykje som tyder på at mesteparten av den språklege tilpassinga skjer på Skavlans eige initiativ, og at han meir eller mindre bevisst har valt ein strategi der han endrar dei norske orda han sjølv oppfattar som vanskelege å forstå for gjesten. Ser ein nærare på dei orda Skavlan vekslar, undrar ein seg likevel over kvifor han i desse tilfella vel å nytte svenske ord og ikkje dei tilsvarande norske. Dei norske variantane av orda öppen, trettiett, polisen, nån og djur skulle vel ikkje by på noko særleg problem for dei fleste svenskar? Så kvifor vel han då likevel å endre blant anna desse orda i samtale med dei svenske gjestene?

Sosioøkonomisk status og kjønn

Den svenske forskaren Ulla Börestam Uhlmann hevdar i doktoravhandlinga si frå 1994 om strategiar i skandinaviske samtalar at språkleg tilpassing kan skje etter eit stereotypisk og ofte negativt bilete av samtalepartnaren. Dette fører i sin tur til at ein forenklar språket sitt. Som nemnt innleiingsvis, finn ein at vekslinga i høg grad samsvarar med yrke og statusen til dei ulike yrka.

I det første programmet ser vi at Skavlan kodevekslar meir i samtale med Carolina Gynning enn med Jens Lapidus. Han er eldre og har eit høgstatusyrke. Også i det andre programmet kjem eit liknande mønster til syne. Her vekslar Skavlan mest i intervju med skodespelar Maria Lundqvist og minst i samtale med den tidlegare direktøren Ebba Lindsö. Samanliknar ein dei to programma, oppdagar ein at Skavlan vekslar meir enn dobbelt så mykje i intervjuet med Gynning som i intervjuet med Lindsö.

Meir intrikat blir det om ein skal forklare kvifor ein finn skilnader i vekslingsgraden i samtalene med Robert Gustafsson og Maria Lundqvist. Dei er begge kjende svenske skodespelarar, og dei er like gamle. Her er det difor nærliggjande å tenkje at kjønn speler inn.

Meiningsberande språkval

Desse resultata er i tråd med tidlegare forsking, der ein har vist at det ikkje er uvanleg at talaren ofte gjer slike språklege tilpassingar overfor lyttaren på bakgrunn av stereotypiar. Ut frå ei forventing om at den ein snakkar med, ikkje utan vidare forstår det ein seier, forenklar ein altså språket sitt. I den vekslinga som Skavlan gjer, kan ein finne indikasjonar på ein hypotese om at jo lågare sosioøkonomisk status svenskane har, jo mindre norsk forstår dei. I andre rekkje kan skilnader i vekslingsgraden indikere at Skavlan har ein tilsvarande hypotese om at svenske kvinner forstår mindre norsk enn svenske menn.

For å forsvare Skavlan litt: Alle tilpassar seg språkleg til den ein snakkar med. Eit nærliggjande døme på dette er barnetilpassa tale, altså den tilpassingsstrategien ein nyttar når ein som vaksen samtalar med eit barn. Frå den vaksne si side ber slike samtalar preg av at ein snakkar seinare og tydlegare, og at ein legg trykk på og gjentek viktige ord. Vidare endrar ein ord ein sjølv held for å vere vanskelege. Talaren tilpasser altså språket sitt i den grad han trur at det er naudsynt for at lyttaren skal forstå.

Det gjer det likevel ikkje mindre interessant at Skavlan meiner han må modifisere språket sitt meir for at dei kvinnelege gjestene skal forstå kva han seier, og i intervjua finn ein fleire trekk som minner om barnetilpassa tale.

Ein kan sjølvsagt ikkje på bakgrunn av desse resultata slå fast at Skavlan er ein mannssjåvinist. Til det er materialet for sparsamt. Likevel kan ein gje Carolina Gynning medhald i hennar utsegn. Gjennom det språket Skavlan bruker, finn ein indikasjonar på at han på førehand hadde gjort seg opp ei meining om ho, og truleg også om fleire av gjestene sine.

 

-- Silje Marie Femtegjeld underviser ved Halden videregående skole. Våren 2010 tok ho den lingvistiske delen av mellomfagstillegget i norsk ved Høgskolen i Østfold og gjorde ei undersøking av Skavlan.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:07.03.2011 | Oppdatert:10.06.2015