Stadnamn som identitetsberar, vegvisar og kulturarv

Dei fleste har eitt eller fleire stadnamn som tyder noko spesielt for dei, namn som står for heimstad, reisemål, spenning, avkopling, namn som er merkte av vemod, namn som opnar hemmelege rom.

AV BOTOLV HELLELAND

Mellom dei hundrevis, ja sikkert tusenvis av stadnamna som opnar stader for meg, er det eitt som blinkar sterkare enn alle andre, og det er Skutul, eller Skùtùdl som det lyder i målføret. Som smågut var eg ofte på Skutul. Det er eit berg like opp for heimegarden min Helland i Ullensvang. Her samlast me jamaldringane og bygde lauvhytter, leikte indianar og kvit og klatra i bergveggen til dagen halla og mødrer ropte heim til kvelds. Skutul tydde leik og moro, eit sesam, sesam for eit sutelaust tilvære. Når eg treffer leikekameratane frå den tida og me snakkar om Skutul, kjem dei på mange av dei same tinga som eg. Men namnet ber òg på inntrykk som er mine heilt private. Skutul er ikkje berre eit minne om ein leikeplass i barndommen, det er ein knagg der kvar av oss som kjenner namnet, kan hengja inntrykk og opplevingane knytte til staden. Den finske namnegranskaren og forfattaren Lars Huldén har sagt det slik: «Namnet är en nyckel till minnen och upplevda intryck. Att känna samma namn är detsamma som att veta lite om varandra.»

Mann med kartTida går – stadnamna står

I dag står det eit stort bustadhus på Skutul. Staden er ikkje leikeplass som før. Men namnet lever vidare med eit nytt innhald, og nye brukarar legg sine erfaringar inn i det. Slik skifter stadnamn funksjon over tid. Dei er bruer som bind notida til fortida. Mange er svært gamle, og namnet Skutul kan gjerne gå attende til mellomalderen og lenger. Grunnen til det er at det representerer ein alderdomleg namnetype, og at det er større sjanse for at eit stadnamn vert vidareført når den namngjevne lokaliteten ligg nær gardstunet enn til dømes i utmarka. Namnet er laga av grunnordet skut, brukt om ’framskytande berg’, og utvida med avleiingssuffikset -ull. Slik er det òg eit vindauga mot fortida, ein tekst som fortel korleis dei som i si samtid gav denne staden namnet, fanga opp denne formasjonen i språket. Seinare stivna uttrykket til ein merkelapp på berget som vart overlevert frå generasjon til generasjon utan at brukarane tenkte på kva språklege storleikar som låg til grunn.

Til orientering

Såleis er Skutul, som alle andre stadnamn, fyrst og fremst ei adresse, rett nok brukt av ei lita gruppe menneske. I dagleglivet nyttar me mange stadnamn for å kommunisera med kvarandre, utan å tenkja noko vidare over kva som ligg bak namna. Dei er ein effektiv måte å ordna verda på, skilja éin stad frå ein annan. Stadnamna veks fram etter kvart som det er bruk for dei, og kvar generasjon har akkurat så mange namn som det er bruk for. Dei store omveltingane i primærnæringane sidan midten av 1900-talet har ført til eit stort fråfall av namn som var i bruk før, men nye namn har kome til i takt med nye behov. I dei siste tiåra har det kome ei mengd namn knytte til verksemder, tenestefunksjonar, fritidsområde, til dels i kortformer som Maja (Majorstua) og Oslo S (Sentralstasjon). Engelsk påverknad ser ein i City Sør i Trondheim. Men dei òg fungerer godt som namn.

Kulturarv

Med tanke på lokalmiljøet og kulturarven er det sjølvsagt trist at gamle stadnamn vert borte. Det er likevel ikkje noko nytt. Alt då innsamling av lokale stadnamn tok til i fyrste halvdel av 1900-talet, vart det sagt at det hasta med å samla inn stadnamn som heldt på å gå i gløymeboka. Heldigvis er alle dei viktigaste stadnamna førte vidare gjennom Kartverket. Og i 1930–40-åra vart det gjort eit storverk ved at skuleelevar intervjua foreldre og besteforeldre og på den måten samla inn langt over ein million lokale stadnamn. Seinare har det vore djupinnsamling av stadnamn mange stader, og akkurat no er det særleg fokus på Hedmark. Vestlands-fylka og Nordland har kome lengst, medan det står mykje att i Austlands-fylka og Trøndelag. Men overgangen til det moderne samfunnet representerer eit tap på fleire millionar lokale stadnamn.

Ein utruleg ressurs

Og likevel sit me att med ein utruleg stadnamnskatt, både i det som er i levande bruk og kjem fram på kart, skilt, ruteplanar osv., og det som ligg forvara i arkiv eller i elektronisk format. Statens kartverk har rundt rekna halvannan million stadnamn på sine kart i ulike målestokkar, og det er dei ein møter i lokalsamfunna. Ei namnegruppe som har hatt ein kolossal vekst dei siste tiåra, er gatenamna og vegnamna. Alle kommunar med meir enn 10 000 innbyggjarar pliktar å innføra vegadresser i heile kommunen, medan kommunar med færre innbyggjarar må gjera det same i tettstader med meir enn 1000 innbyggjarar. Dette er stort sett gjort, og dette namnearbeidet har resultert i titusenvis av nylaga namn. Reglane for tildeling av adressenamn seier at ein bør byggja nye namn på eksisterande stadnamn i området. Men i mange tilfelle har ein sett bort frå dette prinsippet og valt meir «moderne» namn, som allé, terrasse, park, hage og promenade. Å bu i Utsikten eller Liljevegen synest gje høgare status enn om adressa er Guttua eller Lesseplassen. Det finst nok stadnamn som høver dårleg til bustadadresse, men stort sett er det ikkje noko i vegen for å føra vidare namn og namneledd med rot i det gamle bondesamfunnet i den grad dei finst. Mange synest sikkert det er fint å vita at adressa deira fortel om livet til tidlegare generasjonar.

Kva tyder namnet?

Dagleg er me altså omringa av kulturminne i form av stadnamn. Dei som har lyst til å underhalda seg med dette stoffet på datamaskin, kan ta fram Norgesglasset, som er ei internettside frå Statens kartverk. Der kan ein søkja etter enkeltnamn og få dei fram på eit elektronisk kart. Ein får ikkje her noka forklaring på namnet, men det gjer ein ved å gå til det store verket Norske Gaardnavne av Oluf Rygh, som ligg ute på Internett under adressa http://www.dokpro.uio.no/rygh_ng/rygh_felt.html. Her kan ein søkja på gardsnamn frå heile landet. Eit anna referanseverk er Norsk stadnamnleksikon.

Sjølv utan tilgang til slike oppslagsverk vil ein med litt ettertanke kunna nærma seg tydinga av ein god del namn. Det skal ikkje mykje fantasi til for å tenkja seg kva Nordberg eller Kikut eller Nesland tyder, heller ikkje Aksla, Kinn eller Nos. Ein stor del av stadnamna er sjølvforklarande, dei er gjennomsiktige lagingar som har gått vegen frå ord til namn. Men ofte kan konteksten vera litt vrien. Nordberg kan vera eit berg lenger nord enn eit anna, eller det kan vera den nordre delen av ein eldre gard Berg. Bergeberget i Trysil er òg gjennomskodeleg, sjølv om det har ei pussig form. Bakgrunnen er at det ein gong vart rydda ein bustad under dette berget som vel vart kalla rett og slett Berg(it), og bustaden fekk namnet undir Bergi på gammalnorsk. Etter kvart vart preposisjonen undir borte, og ein stod att med Berge, som reflekterer den gamle dativforma. I mellomtida måtte berget få eit nytt namn, og då fann dei rett og slett på å nemna berget etter garden, altså Bergeberget! Mange stadnamn har likevel ei form som ikkje er så lett å skjøna, eller ein skjønar gjerne sisteleddet, som ofte er eit kjent ord for ein type terreng eller eit område som menneske har laga.

Til dømes har ei rekkje stadnamn fyrsteleddet Bjør-, som oftast kjem av norrønt bjórr, som tyder ’bever’, men i Bjørvika i Oslo svarar Bjør- til ei eldre genitivform av norrønt bœr ’gard, by’. Jondal i Hardanger og Jondalen ved Kongsberg kunne ein lett oppfatta som samansetjingar med mannsnamnet Jon. Men berre det at -s- manglar i desse samansetjingane, burde gjera oss mistenksame overfor ei slik forklaring. Går ein til faglitteraturen, vil ein sjå at Jon- i det fyrste dømet kan vera avleidd av eit eldre ord for barlind, og det siste kan vera dana til eit elvenamn med tydinga ’skinande’. Dette namneparet er òg døme på at mange stadnamn er usikre eller utolka.

Planta på fast grunn

Slike namn går langt attende i tida, kanskje til og med før byrjinga av vår tidsrekning. Det gjer at stadnamna er spanande som historiske vitnemål. Dei femner om ei tid frå før runene kom i bruk, fram til i dag. Kva tid stadnamna oppstod, er det oftast vanskeleg å seia noko sikkert om. Men med stadnamnvitskaplege metodar har ein kunna gje ei viss relativ datering av nokså mange namnegrupper.

Stadnamna har for det aller meste opphav i den staden dei er namn på. Dei er så å seia planta i jorda, i berg og vatn eller kvar dei no måtte finnast, og slik sett er det tale om dei eldste levande kulturminna våre, overleverte frå generasjon til generasjon i den lokale språkforma.

Stadnamna har oppstått i samspelet mellom menneske og natur. Dei er eit resultat av strevet med å hausta av naturen for å overleva. Det har vore sagt at dei rundt 50 000 gamle gardsnamna i landet er som ei norsk landnåmabok, ei skildring av korleis landet vart bygt frå jernalderen og til nyare tid. Skutul er ein liten tekst, eit vindauga mot fortida. Tek ein for seg fleire slike vindaugo, vil biletet verta meir samansett og meir fullstendig.

Denne delen av kulturarven er verd å ta vare på og – ikkje minst – å bruka.

 

-- Botolv Helleland er førsteamanuensis ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium ved Universitetet i Oslo og har stadnamn som spesialfelt.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:19.03.2010 | Oppdatert:28.05.2021