– Språket er ein del av historia

– I det nærmaste hundreåret kjem det til å forsvinne fleire språk enn nokon gong tidlegare, seier språkforskar Tore Janson. – Det er samfunnsutviklinga som avgjer kor raskt det går.

Tore Janson

AV MAGNHILD BRUHEIM

For den svenske språkprofessoren heng språkutviklinga nøye saman med historia om menneska og samfunnet. Han meiner språkforskinga har lagt for lite vekt på dette. Derfor har han skrive boka Språk og historie – en oppdagelsesreise, som kom i norsk utgåve i 2009.

– Språkforskinga konsentrerer seg mest om å kartleggje dei indre eigenskapane ved språka. Hovudformålet med boka er å vise korleis språk og historie påverkar kvarandre, seier han. 

Tore Janson er professor emeritus og har vore professor i latin og i afrikanske språk ved Göteborgs universitet.

Talet på språk kan bli halvert

Kor mange språk som finst i verda i dag, er det vanskeleg å seia nøyaktig. Janson går ut frå eit tal på rundt 5000. Om han skal spå to hundre år fram i tid, reknar han det som sikkert at det er fleire hundre færre språk enn i dag. Ja, talet kan vera halvert, seier han.

– Også det kjem an på korleis samfunnet utviklar seg, og korleis dei menneska som lever da, har det. Dersom det ikkje skjer noko uventa og dramatisk, kan vi gå ut frå at dei språka som er store i dag, framleis finst, sjølv om dei er forandra. Kommunikasjonen mellom folk i heile verda aukar enda meir. Om to hundre år kan nok dei fleste menneske meir enn eitt språk. Eitt eller to store verdsspråk vil dominere, det er vanskeleg å sjå at engelsk blir utkonkurrert. Sidan Kina blir stadig mektigare, kan også kinesisk bli viktig. Men to hundre år er lang tid, og mykje kan skje, legg Janson til.

– Det kan jo skje ein verdskatastrofe som snur opp ned på alt. Da kan vi få ein situasjon som liknar den vi hadde i jeger- og sankarsamfunnet, med små isolerte folkegrupper som utviklar sine eigne små språk.

– Kvifor forsvinn fleire språk nå enn før?

– Dei som forsvinn, er språk som få snakkar, og som ikkje blir brukte i skrift. Folk som talar dei, bur gjerne avsides og har liten kontakt med andre. I Australia kan det nå vera om lag 150 språk blant aboriginane. Innan eit hundreår vil truleg alle vera borte, seier Janson.

– Dette skjer som ei følgje av samfunnsutviklinga. Fleire fattige land får råd til å sende ungar på skole. Der lærer dei eit skriftspråk som ikkje er det same som det dei talar. I første omgang blir kanskje ungane tospråklege, men i ein seinare generasjon vil språket dei lærer på skolen, bli meir og meir viktig for å klare seg i samfunnet. I Nord-Amerika vart grupper av indianarar og eskimoar først tospråklege; det vart nødvendig for dei å kunna engelsk. Seinare tapte dei opphavlege språka. Men det tar fleire generasjonar før det større språket har vunne og det vesle talespråket er borte. Og da skjer det fordi det gamle språket ikkje lenger har brukarar.

– Så velstand og auka skolegang fører til at språk forsvinn?

– Ja, det kan seiast på den måten. Etter kvart som fattigdommen blir mindre, får landa råd til skolar. Det fører til press på det lokale språket. Tar det derimot lengre tid å utrydde fattigdommen, blir fleire ungar utan særleg skolegang. Da kan talespråket i ei mindre gruppe gjera nytten.

Pengar til minoritetar

Som språkforskar synest Janson det er trist at språklege variasjonar blir borte. Samtidig forventar han ikkje at folk skal halde liv i språk for språket si skuld.

– Det må vera brukaren som bestemmer. Men vi veit at folk ikkje gjev opp morsmålet sitt utan sterke grunnar, det har med identitet å gjera. Språkbyte kjem helst av press frå storsamfunnet og majoritetsspråket.

– Økonomisk velstand kan jo også gje minoritetsspråk nye sjansar?

– Ja, i fleire land er det større medvit når det gjeld å ta vare på små språk, både blant dei som bruker språket, og hos styresmaktene. Både haldningar og status knytt til desse språka har forandra seg. Dette er ei nokså ny og interessant utvikling dei siste tiåra. Vi ser mellom anna det som er gjort for samisk i Noreg, med læremiddel og radiosendingar. Samtidig trur eg nok dessverre at det berre er eit tidsspørsmål kor lenge samisk vil overleva. Vi veit ikkje kor mange som har det som førstespråk, men eg trur det er få.

– Ser vi liknande vilje til å støtte minoritetane også i land med mange språk?

– I fattige afrikanske land er det heilt urealistisk å tenkje seg at ein utviklar skriftspråk og læremiddel basert på alle dei små språka. Og generelt sett er det nok slik at regjeringane ikkje er så opptatt av at små minoritetar får støtte, fordi det kostar.

Kva skjer med norsk språk?

I Noreg er mange uroa over presset frå engelsk. Det som alle her til lands i dag lærer som første framandspråk, et seg inn på stadig nye og viktige område. Men det betyr ikkje at språket i Noreg vil vera noko anna enn norsk så langt fram som vi kan sjå, meiner Janson.

– Så lenge Noreg er ein sjølvstendig stat med politisk leiing som held fast på det norske, vil norsk vera språket i landet. Men den utviklinga vi ser, er at engelsk tar meir og meir over for norsk på ein del område, til dømes i forsking og høgare utdanning. Innan visse emne er det berre engelsk som blir brukt.

– Kan ikkje det vera det første steget mot eit språkbyte?

– Det er ikkje uvanleg at det finst grupper i eit land som bruker eit anna språk enn morsmålet så mykje at dei kan reknast som tospråklege. Ved det svenske hoffet tala dei jo ein periode fransk. Og ein del bedrifter er i dag så internasjonale at det einaste gangbare språket blir engelsk. Det same gjeld innafor enkelte forskingsområde.

– Trugar ikkje det norsk?

– Det som kan skje, er at stadig fleire blir aktivt tospråklege. Men det betyr ikkje at det treng føre til eit språkbyte. Det kjem an på politiske forhold. Føresetnaden for at det skal ta med seg heile samfunnet, er at skole og statlege myndigheiter endrar politikk.

Korleis norsk vil sjå ut om nokre hundre år, veit vi ikkje. Men vi veit heller ikkje så mykje om korleis språket oppstod, seier Janson.

– Vi veit lite eller ingenting om kva dei som budde i Norden for fleire tusen år sidan, snakka. Det er usikkert når germansk spreidde seg hit, og korleis det utvikla seg. Gammalengelsk, gammaltysk og gammalislandsk likna kvarandre meir enn dei moderne variantane. Vi kan derfor gå ut frå at dei som brukte språka, kunne forstå kvarandre. Så vart folk meir bufaste, og det var mindre kommunikasjon, og dermed utvikla dei ulike språka seg.

– Når kallar vi det norsk?

– Språket som vart brukt i Norden for eitt tusen år sidan, vart kalla både «dansk tunge» og «norrønt». Rundt 1100 vart det norrøne språket i Noreg, ofte kalla gammalnorsk, eit utvikla skriftspråk.

Språkbyte

Språk oppstår og forsvinn, nye blir laga, andre utviklar seg frå eitt språk til eit anna. Alt dette heng saman med kva som skjer med menneska som bruker språka. Politisk makt kan føre til at folk over store område byter språk.

– Eit godt døme på det er utbreiinga av latin. År 600 f.Kr. vart latin berre tala i Latium, det som no heiter Lazio. Etter kvart som romarane erobra land, vann også latinen fram i heile Italia og andre land som tilhøyrde riket. Det same skjedde seinare med arabisk. Men gjennom kristendommen og forsking vann latin på enkelte område fram i store delar av Europa. På den andre sida, at eit land blir erobra, tyder ikkje nødvendigvis at folket byter språk. Finland tilhøyrde Sverige i fleire hundre år, men folk snakka likevel finsk.

Tore Janson har vore professor i latin og har skrive mykje om det språket. Han har også vore professor i afrikanske språk. Feltarbeida sine har han hovudsakleg gjort i Botswana. Ein viktig ting som skil afrikansk språkhistorie frå amerikansk og australsk, er at kolonispråka her ikkje har vorte nasjonalspråk. I enkelte afrikanske land er det vanskeleg å finne eit språk som samlar heile nasjonen.

– For å ta Mosambik, det har 15 større språk, men ingen felles. Det betyr at ingen i landet kan halde ei tale til folket som alle forstår. Det som bind dei saman, er portugisisk, men det er berre 25 % som kan det også. Tanzania har 120 språk, men her har swahili ei sterk stilling. Det var tidleg eit handelsspråk på austkysten av Afrika og vart seinare favorisert av det engelske kolonistyret.

Språk er spennande

Det mest spennande med språk er den rolla dei har i samspelet mellom menneske, meiner Tore Janson. Han trekkjer fram særleg to ting som fascinerer han.

– Somme språk er interessante fordi dei har så kompliserte system. Eit døme på det er shangana, som blir snakka av grupper i Mosambik og Sør-Afrika. Det har 120 ulike lydar, mens dei fleste språk har 20–40. Ein kan jo spørja seg kvifor folk vil ha det så vanskeleg. Men det fungerer. Andre språk er interessante fordi dei har oppstått mellom folk som i utgangspunktet ikkje forstod kvarandre, nemleg kreolspråk. Under ekstreme forhold har menneska utvikla eit eige språk for å kunna kommunisere.

– Tar språkhistoria nokon gong slutt?

– Eg har prøvd å tenkje meg to millionar år fram i tid. Dersom det blir brukt språk da, har dei ingen element av dagens språk. Og dersom det finst etterkomarar etter oss, kan dei ha endra seg så mykje genetisk at dei er arter som skil seg frå oss. Da tar historia til språka slutt.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:17.03.2010 | Oppdatert:10.06.2015