Sylfest. Punktum.

Maos vesle raude låg og skein på skrivepulten i direktørkontoret inst i korridoren i Språkrådet. Sylfest Lomheim visste at slike signal gjorde gjestane usikre. Så kunne han lettare flytte merksemda deira dit han ville.

AV LARS AARØNÆS

Sylfest LomheimNoregs første språkdirektør takka av 1. september. Sylfest Lomheim likte mandatet han fekk, og han trur han klarte å oppfylle ønsket til dåverande kulturstatsråd Valgerd Svarstad Haugland om meir fart og moro i språkarbeidet.

Sjølv flytta han heim til Kristiansand ein dag i september. Då var Sylfests åremål som språkdirektør omme.

Punktum er sett.

Men lat oss skru tida ørlite tilbake, til ein sommardag i 2010.

Då sit Lomheim framleis ved pulten. På kontorveggen heng Ivar Aasen, ved sida av plakaten til nynorskhovdingens grandnevø Kjell Nupen, kunstnaren. Før vi får sett oss, er flogvitet Lomheim i gang med ei utgreiing om tilhøva i Aasen-slekta. Sylfest Lomheim skil gjerne ikkje mellom emne og digresjon, så sant han har tid og tilhøyraren er interessert.

Han har sett eit stort skilje i norsk språkdebatt. Den nye tid tok til 24. mars 2004. Då starta NRKs serie Typisk norsk, med to trivelege karar på skjermen: programleiaren Petter Schjerven og Sylfest Lomheim, den første språkdirektøren i landet.

Ved dette leitet orka berre surpompane å halde fram med det gamle gnyet rundt nynorsk og bokmål. Resten av folket var i koma.

Med Typisk norsk gjekk det opp for sjåarane at det visst er noko med norsk som både er spesielt og verdt å verne om. Det var til og med artig. Folk tok til å snakke med kvarandre om det dei såg. Gamle norsklærarar visste ikkje rett kva dei skulle tru.

Sylfest Lomheim slutta som direktør i Språkrådet 1. september og gjekk tilbake til stillinga som professor ved Universitetet i Agder.

Terminatoren

Sterk var scenen i det første programmet. Som i starten av Terminator 2: Judgment Day landa Sylfest Lomheim på jorda. Han var like avkledd som då han kom til verda i den uendeleg vakre bygda Hafslo i Sogn i mars 1945. Lik Arnold Schwarzeneggers rollefigur skulle Sylfest frelse nokon frå det vonde.

Nokon – det var oss alle, det.

– Drosjesjåførar har byrja å ha seriøse samtalar med meg om norsken, seier Lomheim.

Slikt er i tråd med mandatet han fekk hos Valgerd Svarstad Haugland, kulturminister i Bondevik 2-regjeringa: Sprit opp språkarbeidet!

Ein god dag i april

– Då stillinga som direktør i det nye rådet blei utlyst, trudde eg dei såg etter ein opphøgd kontorsjef. Så ringte dei meg og spurte om eg ville stå i spissen for ei synlig fornying. Eg sa ja. Om eg skulle ha valt sjølv, hadde eg prioritert like eins, seier den tidlegare statssekretæren. Han sat i Barne- og familiedepartementet under Jagland.

Vårsesjonen 2009 i Stortinget, nærare bestemt 28. april, var gjevande for direktøren. Då vedtok dei folkevalde den politikken som Lomheim hadde ivra for sidan starten. Utgangspunktet var rapporten Norsk i hundre frå 2005, tinga av Lomheim og språkrådsstyret og skriven av ei grepa gruppe leidd av språkprofessor Gjert Kristoffersen i Bergen.

– Det var eit godt stykke arbeid. Rapporten gav grunnlag for å gi nasjonen noko vi fram til den dagen hadde mangla, ein samla språkpolitikk.

Vegen ut av helvete

– Det har gått vegen, dette?

– No er eg hakket meir optimistisk enn eg var. Eg seier framleis at det ikkje er gitt at norsken skal greie seg godt. Ein professorkollega sa om meg at «Lomheim er så defaitistisk». Eg hevdar at eg har vore realistisk og analytisk. Det finst ikkje ein allereie avgjort lagnad for norsk språk. Framtida blir avgjort av politikken og den kollektive haldninga til språket. Paradoksalt nok er det slik at om opinionen og dei folkevalde seier at det står berre bra til, er det den sikraste oppskrifta på at norsken går til helvete. Lyttar politikarene til Lomheim, som seier at ingen ting kjem av seg sjølv, og at ting kan gå gale, kan det gå bra.

Den tredje mann

Direktøren refererer ofte til seg sjølv i tredje person. Dette er nok ein hang hos Lomheimar, Sponheimar og andre frå djupe fjordar vestpå.

Lomheim er alt inne i si neste utgreiing:

– Mange vil tru at den fæle engelsken er det skumle for norsken. Men det er ikkje engelsk i seg sjølv som er problemet. Det er feil om vi ikkje tek i bruk ord derifrå. Å låne ord er språkets liv. Sluttar vi, døyr norsken. Eg seier at faren er at engelsk overtek bruksområda – domena – det vere seg forsking, undervising eller næringslivsspråk. Innafor somme fagområde er nesten heile pensum på engelsk. Eg les stillingsannonsane i Aftenposten som eit barometer. Avisa har tre typar: ein på norsk, den neste ei blanding av norsk og engelsk og den tredje sorten annonse er berre på engelsk. For 20 år sidan fanst berre norske. Her er ei dramatisk endring. Mange ser ikkje det.

Aasland løyste floken

Då det gamle Norsk språkråd blei til Språkrådet, var det meir enn eit namneskifte. Lomheim seier at overgangen var vrien.

– Styret og eg var samde om å lage ein organisasjon som fleirtalet av dei tilsette først ikkje ønskte. Det handla om mellomleiarar, om kva slag stillingar som skulle kome mellom direktøren og dei tilsette. Norsk språkråd hadde hatt flat struktur. Det høyrest enkelt ut, og alle veit at då er det ikkje så enkelt. I dette arbeidet spela styreleiar Tora Aasland ei særs konstruktiv rolle. Vi fekk ei løysing som alle blei nøgde med.

Større, fleire

Lomheim er også nøgd med den veksten som departementet sa at rådet skulle få.

– Dei har følgt opp. No får vi ei stilling for teiknspråk og ei for minoritetsspråk. Talet på tilsette har vakse med 50 prosent, så vi er no rundt 35. Vi har fått informasjonssjef, administrasjonssjef og fagkoordinator. Rådet har to nye grupper rådgjevarar: ei som arbeider med språkbruk i staten, og ei for fagspråk og terminologi. Vekstperioden er i hovudsak over. Utfordringa for etterfølgjaren min blir å halde oppe interessa for språket i samfunnet og få den ferdige organisasjonen til å fungere endå betre.

Det låkaste

Praten vår har passert slutten på vanlig arbeidstid. Direktøren inviterer til eit mål mat på ein av dei mange spisestadene her ved Solli plass. Det blir utekafeen Consenzo.

Eg les menykartet. Vi kan mellom anna få «Bakt Pepper Marinerte Friske Jordbær». Lomheim ser det.

– Dette er den tingen som er så låk at eg blir fysisk uvel berre av å snakke om han: orddeling i norsk. Då røykelova kom, såg eg eit stort skilt ved ein kjent utestad i Oslo: RØYK FRITT. To ting forklarer fenomenet: dataprogram og engelsk. Mellom desse to er det eit globalt samband.

Rådløyse går ikkje

– Slik er det altså blitt, sjølv om Språkrådet i dette tilfellet ligg berre hundre meter unna. Kunne vi ha greidd oss like godt utan råd?

– Nei, eg trur det må vere ein instans som tek seg av språket på vegner av staten. Om du med spørsmålet meiner at vi ikkje skulle bry oss, ikkje ha ein politikk, så er det ekko av trua på «fri sprogutvikling» frå 1900-talet. I så fall ville ikkje norsken overleve lenge. Det innser alle sjåande no. Det neste spørsmålet er kva instans som skal bry seg. Eg nøyer meg med å peike på at det knapt finst eit kulturland utan eit nasjonalt språkorgan. Den einaste kulturkrinsen som ikkje har det og ikkje treng det, er den engelske. Elles er alle land forbløffande like. Difor melde eg Språkrådet inn i det europeiske språkrådssamarbeidet under EU/EØS.

– Kva vonar du at folk skal seie om Språkrådet?

– Eg synest at vi skal bli endå tydelegare: «Dette er rett. Dette er ikkje rett.» Ein velfungerande norsk er viktig. Vi må halde oppe den sams interessa for språket. Elles fyller vi ikkje oppgåva vår.

– Vil historia seie at du var den som sørgde for å få språkdebatten opp frå skyttargravene?

– For første gong er språkordskiftet i Noreg relativt normalt og på line med det i andre land. Vi diskuterer kvalitet og funksjon. Det er rett, slik skal det vere. Men eg blir aldri så kjenslelaus at eg ikkje blir oppgitt over den uviljen somme framleis har mot nynorsken.

Strutle-bom

Somme prøvde å setje Lomheim i bås med Harald Heide-Steens Sylfest Strutle, ein busserullsullik ute av takt med tida. Vitsemakarane såg fort at skjemten kunne slå tilbake, at dei sjølve kunne kome til å virke utdaterte. Folk la merke til Lomheims sjølvironi, hans flytande fransk og at han ordla seg jordnært og forstandig også på norsk.

Sylfesten

Ein som får dette namnet i dåpsgåve, bør vere etla til noko uventa. Spesielt når brørne heiter Per, Ola og Jon. Slik tenkte Sylfest også.

– Ikkje at eg var spesiell. Meir at eg kunne finne mi eiga rolle. Eg har gått etter eige hovud, ingen peikte ut vegen for meg.

Hovudet sa «historikar» då han tok til på Sogndal gymnas. Så skulle han velje framandspråk. Å lese tysk eller engelsk kjendest for lett. Det blei fransk. I korte trekk utdanna han seg til filolog ved Universitetet i Oslo. Han tok jobb som norsklektor i Caen i Frankrike. Der trefte han henne som blei kona. Så blei han primus motor ved fagomsetjarstudiet i Kristiansand og etter kvart rektor på same stad, Høgskolen – no Universitetet – i Agder. Medietekket og røynsla med å svare kjapt skaffa han seg gjennom journalistjobb i Sportsrevyen, deretter som NRKs språkkonsulent og i den lange og enno ikkje avslutta karrieren som orakel i Språkteigen i P2.

Til glede for den som ikkje kan sin Mao Zedong på rams, har den raude boka på pulten fleire framifrå sitat:

Å granske eit problem betyr i røynda å løyse det. Ein ting er god berre når han er til verkeleg nytte for folkemassane. Og: Den som kviler på laurbæra sine, har plassert dei på feil stad.

Så vi set ikkje Sylfest-punktum enno 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:22.09.2010 | Oppdatert:10.06.2015