Leiar

– vil me aldri, aldri gløyma, heiter det i songen til Anders Reitan (1826–72). Romantikk, seier mange, språk er språk, men sjølvsagt viktig i livet og i skulen, me bruker det jo til å overføra informasjon.

Dette er så enkelt at det blir feil. Ei slik språkoppfatning krympar røyndommen. Morsmålet er langt meir enn eit instrument for å snakka og å skriva. Me blir til som menneske i morsmålet. Åndeleg danning frå barn til vaksen skjer i morsmålet og ved hjelp av morsmålet. Framandspråk er annleis. Ein klok mann sa: «På mitt eige mål kan eg seia kva eg vil, på andre språk berre det eg kan.» «Modersmålet er selve menneskenaturens livsenergi», sa Vigdís Finnbogadóttir då ho fylte syttifem.

Når me innser dette – at det er personlegdomsutviklinga som står på spel – blir det vanskeleg å overvurdera kor vesentleg det er at morsmålsundervisninga har høg kvalitet.

Korleis er det i skulen no? Prosjektarbeid, nettsøking og fellesplattformer tek tid. Lærar og elev kommuniserer på pc. Før berre snakka dei. Rettskrivinga i ungdomsskulen har aldri vore så dårleg som i 2010, melder ein rektor på haugesundskanten. Karakterane på landsbasis går nedover (held seg best i Sogn og Fjordane). Skulen har hatt kunnskapsløft i årevis, men han vil ikkje løfta seg. Kvifor? Det har knapt hjelpt norsk skule å ha verdsrekorden i pc-tettleik.

Norskundervisninga skal reviderast, og personleg meiner eg ein gjerne bør vurdera å gjera dagens tre norskkarakterar om til éin samlekarakter og å skifta ut dagens bøker på bokmål eller nynorsk med språkdelte bøker. (Dette vil ikkje minst gagna nynorsken.) Men først og fremst lurer eg på om nettbaserte kontaktformer fremjar kvaliteten i undervisninga.

Læreplanen frå 2006 slår fast: «Norskfaget er et sentralt fag for kulturforståelse, kommunikasjon, dannelse og identitetsutvikling.» Det er så sant. Likevel må spørsmålet stadig stillast: Kva slags utvikling av identiteten gir eigentleg pc-basert kommunikasjon? Ingen ting kan erstatta talen.

 

Av Sylfest Lomheim

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:22.09.2010 | Oppdatert:04.06.2015