Språkprisen 2009

Språkprisen er Språkrådets pris for framifrå bruk av norsk språk i sakprosa. Forfattaren Stephen Walton har fått Språkprisen 2009 for framifrå nynorsk. Bokprosjektet Flerspråklighet i skolen ved redaktøren, Rita Hvistendahl, har fått Språkprisen 2009 for framifrå bokmål.

Rita Hvistendahl og Stephen WaltonVinnarane fekk 50 000 kroner, eit kopartrykk av Kjell Nupen og eit diplom kvar. Språkprisen vart delt ut av Ida Berntsen, styreleiar i Språkrådet, på konferansen Språkdagen 2009 på Grand Hotel i Oslo 11. november.

Juryen skriv dette om prisvinnarane: «Språkprisen skal gjevast til personar, grupper eller institusjonar for framifrå bruk av norsk i sakprosa. Prisvinnarane i år kjem frå det same samfunnsområdet, og har – på eitt vis – fleirspråklegheit som fellesnemnar.

Begge prisvinnarane får prisen for bøker som er viktige bidrag til norsk samfunns- og kulturdebatt.»

Nynorsk: Stephen Walton

«Den nynorske prisvinnaren er ei bevisst og tydeleg forfattarstemme i norsk sakprosa. Gjennom to større arbeid dei siste fire åra har han vist at han kan utnytte mangfaldet i det nynorske språket i prosa. Han er akademisk og folkeleg, sakleg og personleg, nyskapande og tradisjonssikker. Gjennom dei skriftlege arbeida sine viser denne prisvinnaren i praksis også korleis eit framandspråk har vorte eit tankespråk. Prisvinnaren har sagt at han har eit lakonisk forhold til prisar, men det er ei stor glede for Språkrådet å gje Språkprisen 2009 for framifrå bruk av nynorsk i sakprosa til Stephen Walton for bøkene Den teksta versjonen. Amerikanisering og modernitetens intellektuelle (2006) og Skaff deg eit liv. Om biografi (2008).»

Bokmål: Flerspråklighet i skolen

«Bokmålsprisen går til eit prosjekt som vart gjennomført i åra 2004–2007, med presentasjon av resultat og konklusjonar i bokform våren 2009. Prismottakarane er eit forfattarkollektiv som skriv om fleirspråklegheit frå barnehage til lærarutdanning, med fokus på opplæringa for språklege minoritetar. Eit berande perspektiv i boka er det fleirspråklege som ressurs i vårt samfunn. Dette arbeidet har relevans langt ut over skule og opplæring, ikkje minst fordi forfattarane viser seg som framifrå formidlarar gjennom eit bokmål som er klårt, presist og vel tilpassa ei opplyst ålmente. Forfattarane viser i praksis at eit mangfaldig og samansett fagfelt kan formidlast slik at vesentleg kunnskap og innsikt vert tilgjengeleg for mange. Språkprisen 2009 for framifrå bokmål i norsk sakprosa går til bokprosjektet Flerspråklighet i skolen ved redaktøren, Rita Hvistendahl.»

Ove Eide, Karianne Bjellås Gilje, Unn Røyneland og Espen Søbye sit i juryen for Språkprisen.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter