Skrifta på veggen

Denne gongen vil vi ta for oss nokre ord og gjenstandar vi bruker til å framstille skrift og andre teikn for ei forsamling.

I riktig gamle dagar (fram til for om lag 20 år sidan) brukte læraren sjeldan noko anna enn tavla – nærare bestemt ei krittavle – når han eller ho skulle vise noko til heile klassen. Både tavle og krit (bokmål: kritt) er gamle lånord som er heilt tilpassa norsk i uttale og bøyingsmønster. Vi tenkjer sjeldan over at det latinske tabula er opphavet til plata vi skriv på, eller at krit har samanheng med øynamnet Kreta.

Frå mørke til lys

Fordi mange tavler er mørke, kallar engelsktalande tavla ofte for blackboard (men også chalkboard). Få nordmenn snakkar om blackboard, men likevel bruker stadig fleire ordet whiteboard, eller til og med det pleonastiske whiteboard-tavle om kvite tusjtavler. Avløysarordet tusjtavle har alt fest seg nokolunde som namn på denne tavla – eit like godt motstykke til krittavle som blackboard er til whiteboard. Både tusjtavla og krittavla kan til vanleg omtalast som tavle.

Dei tusjpennane vi bruker til å skrive på tusjtavla med, er ikkje vanleg sprittusj, for blekket kan tørkast vekk. Ein innsendar har føreslått det greie ordet tavletusj, og det tek vi gjerne vidare. Til vanleg er det likevel nok å seie tusj.

På den tradisjonelle skoletavla brukte vi svamp for å fjerne det vi hadde skrive. Den reiskapen vi bruker på tusjtavla, har ein betydeleg hardare konsistens, sjølv om også den må trekkje til seg noko væske. Tavleviskar har blitt føreslått som nemning (jamfør vindaugsviskar), og det ser no ut til å vere det mest brukte ordet i tekstar på norsk, enda ordet har heile fire stavingar. Vi reknar med at viskar(en) gjer nytta i dei fleste munnlege samanhengar.

Samhandlande tavler

Dei siste åra har det blitt utvikla tavler der skjermbiletet frå ein tilkopla datamaskin blir vist, og sjølve tavla er ein trykkskjerm eller peikeskjerm som ein kan skrive, teikne eller styre dataprogram på. På engelsk har desse tavlene fått det noko omstendelege namnet interactive whiteboard. På norsk kan vi kalle det interaktiv tavle, men vi har større sans for korte og vektige løysingar som datatavle eller e-tavle, som også er i bruk.

Flippover og ut?

Det som på engelsk helst heiter flip chart, kan kallast arktavle eller stativblokk. Desse avløysarorda er så sjølvforklarande som noko kan bli, men samanlikna med flippover må dei likevel kallast floppar. Glanstida til denne typen tavle er nok over, men vi vil framleis tilrå avløysarorda. 

 

-- Av Daniel Ims, rådgjevar i Språkrådet 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter