Leserspørsmål

LeserspørsmålSpørsmål: Kor kjem uttrykket snøggare enn svint frå, og kor snøgt er eigenleg enn svint?

Svar: Svint er siste rest av svinnr, som var eit heilt normalt adjektiv på norrønt. Svinnr, som er hankjønnsforma, tyder ’klok’, ’vettug’ og ’snøgg’. På norrønt var bøyinga i nominativ eintal svinnr i hankjønn, svinn i hokjønn og svinnt i inkjekjønn.

I moderne norsk er berre inkjekjønnsforma att, og truleg berre i uttrykket fortare enn svint. Me kan knapt seia Han var så svint i arbeidet eller Dette var eit svint arbeid. Svinte rørsler kan det heller ikkje vera snakk om, men ein kan framleis svinta seg.

Det er lite rimeleg å ta uttrykket fortare enn svint bokstaveleg. Ingen gjer det med til dømes snøgg som eit olja lyn.

***

Spørsmål: Er sjeidehammar eit verkty?

Svar: Sjeidehammarar brukte folk med handkraft i bergverk og gruver. Den tida Noreg ikkje hadde eigne fagfolk, vart dei i stor mon henta frå Tyskland, som var eit veldig viktig bergverksområde.

Sidan fagfolka var tyske, vart også mange av fagorda i bergverksdrift og gruvedrift tyske. I ’Norsk Ordbok med 1000 illustrasjoner’ står verbet å sjeide, som tyder «sortere (malm) fra uholdig (dvs. ’ikkje malmholdig’) stein ved å knuse de utbrutte stykkene med slegge eller feisel». Å sjeide er teki over beinveges frå det tyske verbet scheiden, som tyder ’skilja’, ’skilja frå kvarandre’, ’dela’. Ein sjeidar var ein som hadde som spesialoppgåve å sjeida.

***

Spørsmål: Vi har kranglet i flere dager om hvordan sossiser (de små pølsene en ofte har til jul) skal uttales. Jeg mener at trykket skal ligge på o-en, mens min bedre halvdel mener det skal ligge på i-en. Kan dere hjelpe oss unna en skilsmisse?

Svar: Stridens pølse er opprinnelig det franske ordet saucisse, som ganske enkelt betyr ’pølse’. Den franske uttalen er såsiss, med trykk på i-en. Den norske skrivemåten skulle da bli såsiss, som står i ordbøkene. Men også den franske skrivemåten saucisse er tillatt på norsk. I ordboken står det at trykket skal være på i-en, enten en uttaler eller skriver ordet på fransk eller norsk vis. Det er vanlig å uttale dette ordet med trykk på første stavelse og med o-lyd. Det fører til skrivemåten sossiser, som ikke er tillatt.

Spørsmålet om hvor trykket skal ligge i dette ordet på norsk, blir parallelt med spørsmålet om det heter póteter eller potéter.

 ***

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter