Kor mange ord på «q» kan du?

Ikkje før hadde vi fortalt verda kva ei mugetuft er (sjå Språknytt 3/2008), tek Norsk Ordbok ein ny jafs i alfabetet. No kan du lære alt om q!

AV LEIV INGE AA

Du treng ikkje lenger øydeleggje laurdagskvelden med «Skal vi danse?» berre fordi du vil vite kva quickstep er. Slå av plattskjermen, og set deg til rettes med det blodferske, raude bandet av Norsk Ordbok. Her får du servert alt du treng å vite om quickstep, quisling og andre plagsame ting på q, utan at du raderer ut alle mogelegheitene for ein ok kveld vidare. Du kan til dømes lese alt om ok.

Det åttande bandet av Norsk Ordbok dekkjer alfabetbolken mugg–ramnsvart. På over 800 sider prøver vi å få inn så mange relevante ord som mogeleg frå dei norske dialektane og det nynorske skriftmålet. Dansekjendisar finn du lite om, men nynorskkjendis finn du. Nettopp dette bandet inneheld det kanskje vakraste ordet av dei alle: nei, ikkje ordet ord, men nynorsk! Sjølv nynorskhatar finn du! Ord frå det puraste pærevev blir noterte – det held at dei finst. Finst bokmålshatarar, forresten? Ikkje hjå oss. I Norsk Ordbok

Men pynglehaukar finst. Og dei er endåtil omgjengelege folk, skal vi tru nordmøringane. Kanskje det er fordi dei har nysteklavar der? Rett nord, sør og vest for Dovre har dette ordet vorte nytta om ein krok eller ei hempe som heldt garnnystet fast til beltet, når ein gjekk og strikka. Om du har til gode å sjå folk gå og strikke, er det fordi det er for lite nysteklavar no til dags. Det ville vore reint ovanover om ein fann noko slikt i butikken, som dei kunne sagt det i Hardanger og på Voss.

Ja, i Hardanger og Voss. Sjølv om Norsk Ordbok vil ha dei ukjende orda fram i dagen, må vi òg ha med (nynorsk)kjendisane. Og som i medieverda er det desse som tek mest plass. Medan preposisjonen i vart dekt på over fem sider i band 5, bruker vi seks sider på i band 8. Ordet er greitt å definere når det gjeld Oddvar som sit på stolen og Torsheim-biletet som heng på veggen. Litt verre blir det når pynglehauken sit på bussen eller heng på hjørnet. Alle rallar om kva dei skal gjere på fredag; enkelte ollar òg om kva som skjer på juni. Vekslinga mellom og i er éin ting, men kva når på et seg inn på område der ein skulle vente å finne om, for og med? Det får vere dagens quiz. Lat oss få ein god diskusjon det.

 

-- Leiv Inge Aa er stipendiat i norsk dialektsyntaks ved NTNU og redaktør i Norsk Ordbok 2014.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter