Leiar: Godt språk = god butikk!

Eller: «Solid tillit gir solide tal!» Det kjem på eitt ut, for heile poenget er at i vår tid gjer ein det ikkje godt (nok) i næringslivet utan å kvalitetssikra kundekontakten. Det er den ein lever av. Og kundekontakt var, er og blir – språk. Å gambla på at kundane ikkje har språksans, kan snøgt føra til tapte kroner. Kanskje ville til og med ei undersøking avsløra at dei mest interessante kundane i mange samanhengar er kundar som har språkleg medvit?

No skal verken Språkrådet eller styresmaktene diktera næringslivet kva slags språkpraksis dei skal følgja. I statleg sektor gjeld det lover og klare påbod. I privat sektor bestemmer dei sjølve. Men for norskens status og bruk i det norske samfunnet betyr det naturlegvis mykje korleis norske næringslivsleiarar ter seg språkleg. Næringslivet er kort og godt eit viktig område i vår nasjonale språkpolitiske strategi.

Difor passerte me ein milepæl då Dagens Næringsliv den 13. juli i år kunne fortelja at Næringslivets Hovedorganisasjon har utarbeidd ein språkplakat (i samarbeid med Språkrådet). Finn Bergesen jr. slår fast følgjande rettesnor: «Engelsk når vi må, norsk når vi kan.» (Dei som er interesserte i å studera språkplakaten nærare, finn han her i bladet og kan elles ta utskrift frå nettsidene til Språkrådet eller NHO, på bokmål eller nynorsk.)

For situasjonen er ikkje utan vidare opplyftande. Aftenposten skreiv på leiarplass den 15. juli: «Da lederen i konsulentselskapet Mercuri Urval denne uken skulle forklare hva slags selskap han leder, måtte han ty til engelsk.» Same person uttalte til NTB at han er nøydd til å bruka «engineering manager» i annonsering, fordi ein norsk tittel som «sjefingeniør» ikkje duger.

Å ikkje kunna omtala eige arbeidsfelt presist på eige morsmål er eit nederlag. Og truleg dårleg butikk.

 

Av Sylfest Lomheim 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:22.09.2009 | Oppdatert:08.06.2015