Klarspråksprisen 2009

Lånekassen er den første verksemda som har gjort seg fortent til Statens klarspråkspris og ein staseleg skulptur. Prisen vart overrekt av initiativtakaren, fornyingsminister Heidi Grande Røys, på Litteraturhuset 20. august.

AV TORUNN REKSTEN

Klarspråksprisen er ei påskjøning for godt og klart språk i statsforvaltninga. Prisen går til eit statsorgan som har gjort ein ekstraordinær innsats og gjennomført konkrete tiltak for å utforme tekstar med eit klart og mottakarretta språk, på både bokmål og nynorsk.

– Denne prisen har stor symbolverdi. At statsråden stiller seg så tungt bak prisen og prosjektet «Klart språk i staten», viser at språkarbeidet er noko regjeringa verkeleg synest er viktig og satsar på, seier professor Kjell Lars Berge som er leiar for klarspråksprisjuryen.

«Klart språk i staten» er eit treårig prosjekt som skal fremje betre språk og meir tilgjengeleg innhald i publikasjonar og brev frå det offentlege. Fornyings- og administrasjonsdepartementet, Språkrådet og Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) står bak prosjektet.

– Det er viktig at alle deltek i samfunnet, men for å kunne gjere det må vi forstå samfunnsprosessane. Kva er rettane og pliktene våre? Kva ansvar har det offentlege? Det er mange grupper i samfunnet som har vanskar med å ta til seg tekst. Når vi ikkje forstår, kjenner vi oss framandgjorde, seier juryleiar Berge.

Juryen rosar Lånekassen for det systematiske arbeidet med å betre språket i alt frå brev, brosjyrar og skjema til nettkommunikasjon og for måten Lånekassen har involvert brukarane sine på i klarspråksarbeidet.

Klarspråksprisen Juryen

Kjell Lars Berge, professor i tekstvitskap ved Universitetet i Oslo (juryleiar) Gunn Ovesen, administrerande direktør i Innovasjon Noreg
Ola Breivega, filolog og språkkonsulent
Ragnfrid Trohaug, forlagsredaktør i Det Norske Samlaget og forfattar

Skulpturen

Kunstgjenstand i glas laga av Maud Gjeruldsen Bugge, som er kunstnarleg leiar og designsjef ved Hadeland Glassverk. Oppdraget ho fekk frå prosjektet «Klart språk i staten», var å utforme ein skulptur der både uttrykk og materiale symboliserer klar og god kommunikasjon.

 

-- Torunn Reksten er rådgjevar i Språkrådet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:22.09.2009 | Oppdatert:10.06.2015